Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Politikk, filosofi og nivådelt verd

av Arne Andersen

Røde Fane nr 2, 1998


Enkelte hevdar at filosofi er noko forferdeleg vanskeleg noko og at særleg marxistisk filosofi er grådig vanskeleg. Mange vil ha det til at dette er vanskelegare enn det er. Skal me av latskap overlata dette feltet til prestar og godt betalte ideologiprodusentar på universitet, eller skal me ta tak i dette for å endra verda slik Karl Marx gjorde då han gjennom "Kommunistenes forbund" for første gong i soga fekk konstituert arbeidarklassen med eige politisk parti.

Kva er viktigast for kommunistiske parti, og kva bør AKP følgjeleg vera?

Tre punkt:

"Alle vegar leier til Rom," heiter det. Men ikkje alle vegar leier til kommunismen. Dei fleste vegar leier rett ut i ei blautmyr, og "vegen til helvete" er brulagt med gode forsett. Slik er det fordi ikkje noko samfunn lyg så til dei gradar om seg sjølv som kapitalismen. Grunnen er sjølvsagt at heile systemet er tufta på ei framandgjort verksemd og ei verksam framandgjering. Denne framandgjeringa får samfunnet si overflate til å blenkja og skina som om samfunnet sitt innhald var laga av gull. Nærkontakt med dette skinet viser at det skriv seg frå ideologisk kråkesølv som pakkar inn eit innhald av utbytting, svindel og jævelskap. Kapitalismen er såleis ikkje berre sjølvveksande og sjølvnøgd. Han er og sjølvglinsande på eit vis som skjer i augo som motlys om hausten: Det vert fordømt vanskeleg å halda seg på vegen.

Viss AKP skal nå målet, treng me difor taktikk, strategi og prinsipp for å føra kampen. Då treng me teori av alle slag (politisk, historisk, økonomisk, filosofisk), som maktar å gripa det vesentlege i verda, og me treng ei verdsåskoding. (Som Obrestadpassasjen gjorde til lått. Sjå boks 1.) Me treng å klårleggja korleis verda er i stort, det ein på fint (filosofisk) kallar for ontologi. Me treng og klårgjering av korleis forholdet er mellom denne verda og det å vera i denne verda - altså føresetnadene for at kunnskap skal grunnast og at kunnskapen i grove trekk er påliteleg og sann (erkjenning, tenkjing, kunnskap), eller det ein på fint (filosofisk) kallar for epistemologi. Viss det eg skriv seinare har noko for seg, vil det og vera naudsynt å ta omsyn til ontologiske og epistemologiske problemstillingar i mindre format.


Boks 1: Obrestadpassasjen

Obrestadpassasjen er ei fråsegn med formuleringar om den kommunistiske tradisjonen. Han tek i såpass vage former avstand frå kommunismen og marxismen at eit fleirtalsvedtak godkjende ho på AKP sitt landsmøte i 1990. Den sentrale formuleringa er slik:

"Marx lagde en analyse av de økonomiske strukturene i kapitalismen, også slik at folk har forstått det særegne ved denne historiske epoken. Men de som kom etter har brukt denne analysen til å forstå menneskene. Da kommer man galt avsted.

Særlig Lenin brukte dette trange og mekaniske analyseapparatet til å forklare det særegne ved folk. Slik ble mennesket sett på som en ting. På grunn av vilkårlig bruk av fysisk makt, måtte folk innordne seg dette synet. Dermed mistet mennesket i prinsippet sin rett til fritt valg, og ble redusert til noe man "kunne gjøre noe med".

Dette synet på mennesket fikk katastrofale følger under Stalin sitt regime. Han ble en kriminell som påførte folket store lidelser.

Enhver sosialistisk bevegelse som vil utrette noe, må ta et oppgjør med dette menneskesynet og gjenreise mennesket sin verdi og mennesket sin verdighet. Det var ikke bare Stalin som så på folk på denne måten: Det er en del av vår tradisjon og har også prega vårt parti."

Dei fleste vil vel vera samde om at filosofi er noko skit som me burde kvitta oss med. Me kan gjera det på to vis: Me kan lata som om skiten ikkje finst, neglisjera han. Det gjorde det tyske kommunistpartiet i siste helvta av det førre århundredet. Fylgjene vart katastrofale: Partiet gjekk rett i dass, medan den filosofiske skiten overlevde og blømde. Eller me kan gjera det på dialektisk vis ved å gjera filosofien verkeleg, setja alle dei fine orda i han ut i livet, oppheva han ved å heva han opp på eit høgare nivå. Berre ved å verkeleggjera filosofien kan me verkeleg verta kvitt han. Det er ikkje berre ei praktisk oppgåve, men og ei teoretisk oppgåve. Vil me endra verda, lyt me og endra filosofien. For det er vel som Marx skreiv i ein leiarartikkel i Kölnische Zeitung i 1842: "Filosofien står utanfor verda - like lite som hjernen står utanfor mennesket, fordi han ikkje ligg i magen".

Filosofiske grunnlagsposisjonar i stort

Ontologi i grovt og i stort vil si å svara på enkle spørsmål:

Dei to spørsmåla er ontologiske, korleis er verda sett saman. Det er aldri snakk om å prova eller motprova dette. Det er ei haldning - ei grunnhaldning me må ha i alt mei gjer.

Av dette fylgjer så eit epistemologisk spørsmål (fint skal det vera om halve ræva heng utafor, men det heiter no så): Er den ytre verden(er)kjennbar? Du materialist om du svarar ja på det fyrste spørsmålet og på at materien er det primære, og viss du seier: Ja denne verda kan kjennast. Den kan eg vita noko om, den kan ein forholda seg til.

Immanuel Kant ruvar i filosofisoga - han er ikkje til å kimsa av. På tross av det pleier eg å kalla han Ole Brumm mellom dei store filosofane. (Ja takk, begge deler.) Han er ein dualist. Når det gjeld naturvitskap og liknande er Kant ein heilt klår materialist. Han seier at det finst ei ytre objektiv verd av ting. Han maktar derimot aldri å avgjera kva som er det primære – materie eller ande. I stort er Kant i resten av filosofien sin ein filosofisk idealist. Difor sluttar han at den ytre verda ikkje er kjennbar. Forløparen til Kant - David Hume hevdar at det er uinteressant og tull å stilla slike spørsmål. Difor nektar han å gje svar. Subjektiv idealisme svarar nei til at det finst ei ytre objektiv verd av ting. Det primære i tilveret er ande, fyrst og framst gud, og denne verda går ikkje an å kjenna. Du kan kjenna delar av tilveret, men det blir det indre tilveret og då kun ved hjelp av gud. Den objektive idealismen sin fremste representant, Hegel, seier at det finst ei ytre objektiv verd av ting, og ho er uavhengig av menneska. Men denne ytre verda er andeleg og det går an å kjenna ho. Dette er ei plassering av ontologi og epistemologi.

Boks 2: Klassifisering av ulike filosofiske retningar etter ontologi og epistemologi
Materialisme Kant Hume Subjektiv idealisme Objektiv idealisme
Finst det ei ytre objektiv verd av ting? JA JA ? NEI JA
Kva er det primære - materie eller ande? MATERIE MATERIE / ANDE ? ANDE ANDE
Er den ytre verda (er)kjennbar? JA NEI ? NEI JA
Lenin og empiriokritisismen. Dialektikken

Då Lenin skreiv Materialismen og empiriokritisismen i 1908, låg mellom anna desse føresetnadene til grunn:

Lenin kunne sjølvsagt ikkje sitja roleg å sjå på slikt noko. Han rissa opp grunnlags-posisjonane til alle dei filosofiske hovudretningane og kopla dei (i formidla form) til politisk praksis. Han viste at:

Ser ein på " Lenin-destillatet" mitt i figuren (Boks 3), trer Kant fram som ein viktig filosof. Han er bokstaveleg og figurleg talt sentralt plassert. Ole Brumm-posisjonen hans gjer han til ei perfekt takrenne (eller snarare halfpipe i desse tider?) mellom dei filosofiske grunnlagsposisjonane. Difor vil det med naudsyn stadig dukka opp nye former for utvatna og vulgarisert kantianisme. Desse vil ha som hovudrolle å leia oss alle pent og pynteleg over til det festlege idealistiske jubelkoret slik det skjedde med det ein gong så mektige tyske kommunistpartiet. Det rotna på ei rot av nettopp utvatna og vulgarisert kantianisme og fekk alle aring; grøssa i oss: Bernstein, Kautsky, Bebel, Auer. (Sjå den svært gode innleiinga Harald Berntsen har skrive til Eduard Bernstein si bok Sosialismens forutsetninger.)

Boks 3: "Destillat" av Lenin sine grunnlagsposisjonar i Empiriokritisismen
SUBJEKTIV, MEKANISK IDEALISME
Metafysikk, ahistorisk (Berkeley)
OBJEKTIV, DIALEKTISK IDEALISME
Historisk, prosess, framandgjering (Hegel)
Alt som vesentleg er, er evige, faste idear - ande. Alt som vesentleg er, er idear som utviklar seg og endrar seg gjennom motseiingar.
Det finst ikkje nokon objektiv ytre verd, ingen materie. Det finst ei objektiv ytre verd - materie, men berre som ein spegel verdsanden har konstruert for seg sjølv.
Kunnskap er mogleg, men berre ved at Gud finst, og skal tena til Guds ære og moralen. Kunnskap er uunngåeleg, men berre ved at menneska tener som reint råstoff for at verdsanden kan koma til fullt medvit om seg sjølv = absolutt kunnskap.
                                             AGNOSTISISME (Hume)
DUALISME (Kant)                                                                 
MEKANISK MATERIALISME
Metafysisk, ahistorisk
(Bacon, Hobbes, Locke, Diderot)
DIALEKTISK MATERIALISME
Historisk, prosess, framandgjering
(Marx, Lenin, Mao)
Alt som vesentleg er, er evig gjeve materie som kan endra samansetjing (auka, minka - kvantitet), men ikkje endra seg til noko nytt. Alt som vesentleg er, er materie som utviklar seg og endrar seg gjennom motseiingar. Mennesket er det høgaste resultatet av denne utviklinga = sjølvreflekterande materie (ide, ande, ideologi, teori).
Kunnskap er mogeleg som spegling av denne objektive ytre verda og skal tena menneska. Kunnskap er uungåekleg gjennom praksis i produksjonen, klassekampen og teoretisk kamp. Kunnskapen skal tena menneska i deira praksis ved at arbeidarklassen endrar verda gjennom revolusjon.
Logiske og praktiske fylgjer

Viss det ikkje finst ei ytre verd uavhengig av menneska, eller viss me ikkje kan vita noko om ei slik verd, eller viss dette i alle fall ikkje er viktig, vert Marx sin 11. Feuerbach-tese absurd. Tesen er slik: "Filosofane har berre tolka verda ulikt, det gjeld om å endra ho."

Praktisk arbeid for å endra noko som eigentleg ikkje finst, er sjølvsagt berre tull. Eller: Sidan mekanisk materialisme grunnar seg på absolutt reduksjonisme for så å byggja opp teoriar og modellar ved hjelp av streng determinisme og kausalitet, (ifølge Hegel, Engels og Havemann den mest - ynkjelege og platte av alle filosofiske metodar - han er grunn fordi han ikkje erkjenner det grunnleggjande,) og difor koplar ut historie, utvikling, kvalitet, endring, det nye - det som skjer, det skjer med absolutt naudsyn som på ein ferdig innspela film - så vil aktivisme uansett form vera spilt møye. Slutning: Det revolusjonære subjektive elementet vert berre tull, men talehandlingar og det sjølvmedvitne og sjølvskapande isolerte subjektet vert gode greier i gild postmodernistisk glasur. Slik er det rådande ideologiske straumdraget i dag. Den danske vitskapshistorikaren Simon Køppe meiner at denne tenkjemåten set verda i parentes, er passivt åskodande og gjev seg blanke faen i alle dei enorme problema som den same verda viklar seg inn i. Han merkjer seg ein tendens til at di meir beinveges naturvitskapane vert underlagt kapitalen, di meir set dei verda i parentes.

Det er som Engels sa for 120 år sidan: Di meri naturvitskapane trur seg fri frå filosofien, di meir ligg dei under for den mest vulgære motefilosofien.

Køppe og pluralistisk materialistisk monisme - den nivådelte verda

Denne pluralistisk materialistiske monismen høyrest veldig tungt ut, men det er såre enkelt. Den materialistiske monismen ligg nær opptil det Lenin har i strekpunktet under dialektisk materialisme i skjema over. Pluralist er du om du meiner at verda er vesentleg ontologisk nivådelt – dette er noko nytt, men det ligg nær spranga i den dialektiske materialismen.

Engels nytta 13 år av livet sitt til å studera naturvitskapane - mellom anna for å komplettera den dialektiske materialismen. Ei av oppsummeringane hans er slik: Verda heng saman fordi han berre består av sprang. Køppe har laga ein teori som utdjupar denne tesen og som eg trur me kan ha nytte av. Køppe har gjeve ei vitskapshistorisk og vitskapsfilosofisk framstilling og kritikk av ulike vitskapsteoretiske posisjonar i fysikk, biologi og nevropsykologi. Han er positiv til Hegel og Engels og negativ til New Age. Han avsluttar studien med å utvida feltet for undersøkingar til alle vitskapar. Analysevariablane til Køppe er: Reduksjonisme/antireduksjonisme, determinisme/det tilfeldige og ontologi - epistemologi eller ikkje. Reduksjonismen kjenner me frå dagleglivet: Kapitalismen som reduserer mennesket til vara arbeidskraft, patriarkatet som reduserer kvinner til hore og madonna, trotskismen som reduserer alle motsetnader til motseiinga mellom proletariatet og borgarskapen osb.

Køppes slutningar

Køppe sitt framlegg til teori - det han altså kallar ein pluralistisk materialistisk monisme - går grovt sett ut på at rett nok er det slik at alt som vesentleg er, er materie i rørsle. Og det er heilt opplagt slik at det finst ei ytre verd uavhengig av menneska. Men det har seg vidare slik at denne verda er ontologisk nivådelt i fire primærnivå (det fysiske, det biologiske, det psykiske og det samfunnsmessige - alle materielle) med ulike "lover", "reglar" og "tendensar". Kvart primærnivå er inndelt i sekundærnivå (td. basis/overbygning, økonomi/ politikk osb. på det samfunnsmessige nivået). Kvart nivå har historie og har utvikla seg frå underliggjande nivå. Mellomliggjande nivå vert styrt av "iværksettende betingelser" på nivået under og "begrænsende betingelser" på nivået over. Einskapsvitskap vil etter dette vera umogeleg, men tverrvitskap vil vera ynskjeleg.

Køppe får eit problem i teorien sin: Viss nye og overordna nivå skal avgrensa det som er mogeleg på nivået under til det som er naudsynt, korleis i all vidaste verda skjer då denne avgrensinga før det nye nivået er danna? Eg trur han får dette problemet fordi han er lunken til dialektikken.

Fylgjer for AKP

Viss no verda faktisk er ontologisk, irreduserbart nivådelt, samstundes som ho heng i hop (nivå påverkar kvarandre), bør me verta flinkare til å plassera fenomen/motseiingar på rett nivå og dessutan til å sjå at fenomena/motseiingane kan og bør handsamast på fleire nivå samstundes. Det har til dømes vore ein tendens til å berre halda seg på det politiske nivået utan å gå særleg grundig inn i det empiriske nivået og utan å analysera problem ontologisk. Eit døme kan vera ordskiftet mellom Terje Valen og Morten Falck om grunnlaget for rasisme. Ordskiftet gjekk i Røde Fane og vart stogga - så vidt eg veit fordi det ikkje hadde praktisk-politiske fylgjer. Motsetnaden mellom dei to var at Terje Valen meinte at rasar finst objektivt, ontologisk, medan Morten Falck meinte at så ikkje var tilfelle. Det kunne sjå ut til at dei som var samde med Morten Falck, hadde ein tendens til å meina at folk som var samde med Terje Valen kunne reknast som ein slags rasistar som ein ikkje kunne alliera seg med. I så fall ville den antirasistiske fronten skrumpa, medan all strategi og taktikk seier han lyt vera så brei som råd er. Ulike ontologiske vurderingar gjev seg altså i dette høvet nokså beinveges politiske utslag. Ordskiftet burde difor ikkje ha vore stogga. Me lyt såleis halda fram med å studera filosofiske grunnlagsproblem. Gjer me ikkje noko av dette, vil AKP med naudsyn verta eit politisk parti av gamal type, som ikkje ynskjer å knusa kapitalismen og som vil vera upraktisk fordi me ikkje vil vera i stand til å gjera ein konkret analyse av noko som helst - heller ikkje kjenna nokon trong til det. Men det vil me då sjølvsagt ikkje ha, kameratar! Altså lyt me studera som berre ville faen!

Boks 4: Om Kapitalen og metodisk reduksjonisme


Kapitalen er eit godt føredøme på korleis ein kan nytta metodisk reduksjonisme og dialektikk i ein fleirnivå analyse:

I Bind 1 går han rett på det mest vesentlege, hovudmotseiinga, kapitalen som umogeleg einskap av motseiing. Han viser at kapitalen ikkje er anna enn sjølaukande verdi, og at kapitalistisk verdiproduksjon er framandgjerande og utbyttande verksemd. Det gjer han ved å reindyrka denne motseiinga – sjå vekk frå forvirrande og underordna problem som jordspørsmålet, småborgarskapet og føydale restar.

Marx visar i Bind 2 at kapitalismen på det idealisterte grunnlaget frå Bind 1 kan/må reprodusera seg, akkumulera. Først i Bind 3 dreg han inn jordspørsmålet, småborgarskapet, dei føydale restane osb. – alt det som er interressant når ein skal føra politisk kamp, for å sjå korleis det modifiserar hovudomgrepa frå dei to første binda. Heile verket er ein analyse både på det filosofiske, økonomiske, empiriske og politiske nivået samstundes.

Litteratur