Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Retten til ressursane
i samiske område

av Svein Lund

Røde Fane nr 4, 1997

Artikkelen er ei bearbeidd utgåve av ei innleiing på AKP sin fjelleir om distriktspolitikk sommaren 1997


AKP stødde fullt ut kampen for oppretting av samerettsutvalget (SRU), som ein integrert del av Altakampen. Det har tatt utvalet 17 år å komme fram til eit forslag, som bare tar for seg delar av mandatet, spørsmålet om retten til land og vatn i Finnmark. Arbeidet med å avklare rettstilstanden i resten av det samiske busettingsområdet har enno ikkje starta opp.

AKP sine samepolitiske program av 1973 og 1988 har krevd anerkjenning av samisk eigedomsrett til samiske område, men utan å konkretisere kordan dette skal gjennomføras. Når no Samerettsutvalet er kome, må vi ta opp igjen diskusjonen og forsøke å komme vidare. I årets valkamp har RV som einaste parti gitt ei klar støtte til mindretalet i SRU som ønsker Finnmark grunnforvaltning med lik representasjon av Sametinget og fylkestinget, og samtidig retten til å opprette Samisk grunnforvaltning for dei områda som ønsker det.

Men dette er ikkje meir enn eit førebels standpunkt, der vi har forsvart det vi såg som det einaste akseptable av dei alternativa som ligg føre.

Spørsmålet om rettstilstanden i samiske område er mye større enn som så og gjeld mye meir enn Finnmark. No må også resten av landet komme på banen. Denne artikkelen er derfor eit forsøk på å få igang ein debatt over heile landet. Eg vil ikkje forsøke å finne enkle politiske svar på kompliserte spørsmål, men stille problemstillingar til debatt og heller vise kor vanskeleg det er.

Eg vil starte med å problematisere overskrifta: Retten til ressursane i samiske område.

Ingen av spørsmåla har opplagte svar. Eg skal ta dei i omvendt rekkefølge ettersom vi i første rekke diskuterer rettar som er knytta til eit geografisk område.

Ka er samiske område?

Kong Harald sa ved opninga av Sametinget i oktober 1997 at den norske staten er tufta på territoriet til to folk, nordmenn og samar. Nøyaktig det samme har tidlegare høgsterettsjustitiarius Carsten Smith sagt. Denne markeringa frå to av dei øvste representantane for den norske staten er svært viktige prinsipielle uttrykk for utviklinga i norsk samepolitikk. Dette ville vore utekkeleg for 20 år sidan og er framleis ikkje aktuell politikk verken i Sverige eller Finland.

Kongen sine ord betyr anerkjenning av at det finst eit samisk territorium, eit område der samane har retten til land og vatn. Det er eit signal om at dagens rettstilstand ikkje kan fortsette.

Spørsmålet er kordan ein avgrensar samisk område og om ein kan snakke om grader av samisk område.

Samiske område i vid tyding er geografiske område med tradisjonell samisk busetting gjennom mange hundreår opp til nyare tid, i alle fall til dette hundreåret. I Noreg omfatter dette det aller meste av Nord-Noreg og vel halve Trøndelag, samt ein snipp av Hedmark. Dette faller i stor grad saman med grensene for samisk reindrift, men reindrifta er bare ei av mange næringstilpassingar som har gitt samane rettar i dette området.

I tillegg er det store samiske område i Sverige, Finland og Russland. Samisk område, Sameland eller Sápmi i denne tydinga omfattar eit område omlag like stort som Noreg. I heile dette området er det aktuelt å snakke om samiske rettar i ei eller anna form.

I størstedelen av området er samane idag eit lite mindretal. Derfor er det aktuelt å avgrense mindre område innafor dette, der samane får sikra sterkare rettar enn i området som heilskap. Eit opplagt døme her er Indre Finnmark, men det er langt i frå det einaste område der dette er aktuelt. ILO-konvensjonen om urfolk opererer med eit skile mellom dei områda som urfolka har utnytta aleine eller vore heilt dominerande og område som dei i lang tid har brukt i lag med andre folkeslag. I nokre av dokumenta frå Samerettsutvalet (NOU 1994:43 Rett til forvaltning av land og vann i Finnmark) opereras det med eit liknande skile. I ei utreiing for Kommunaldepartementet for nokre år sidan blei det gjort eit forsøk på å definere "samisk region" etter samme mønster.

Det finst og andre definisjonar av samisk område for språklege og økonomiske føremål, som "forvaltningsområdet for samisk språk» og "virkeområdet for Samisk Utviklingsfond". Disse må ikkje blandast inn i spørsmålet om avgrensing av samisk område når det gjeld retten til land og vatn.

Blei du ikkje klokare?

Konklusjon: Det finst ikkje ein eintydig definisjon eller avgrensing av ka som er samisk område. Det er eit spørsmål om politisk kamp og om medvitet til den samiske befolkninga i fornorska område.

Ka for ressursar?

Eit anna spørsmål er retten til økonomisk utnytting som bygger på urfolka sin kultur og tradisjonelle naturbruk. Særleg i Finland har turistindustrien tent stort på billige etterlikningar av samiske husflidsprodukt og anna falsk samekultur.

Alle disse ressursane er slike som gir den som rår over dei betre eller eksklusive konkurranseføremoner. Samane og andre urfolk vil aldri kunne konkurrere økonomisk med den internasjonale monopolkapitalen. Det er derfor snakk om både retten til å bruke og retten til å nekte anna bruk.

Ka er ein juridisk rett?

Jus er ikkje ein nøytral vitskap. Han er ein samfunnsmessig reiskap forma av dei herskande klassene, og ein del av statsapparatet, ein reiskap til å oppretthalde, vinne og/eller avgrense makt. Men jussen er og påverka av kampen mellom dei herskande og dei som blir herska over.

Jusen er forma av kampen mellom:

Finst det ein kommunistisk rettsfilosofi?

Eg kan ikkje sjå at vi har ein klar, oppdatert kommunistisk rettsfilosofi som vi kan bruke både i den daglege kampen og i kampen for sosialisme / kommunisme.

Ein slik rettsfilosofi må etter mitt syn bygge på to tildels motstridande tradisjonar

Prinsippa i dei vil eg demonstrere med to klassiske sitat frå norsk litteratur:

  1. Med lov skal land byggjast
    - og ikkje med ulov øydast (Håvamål)

  2. Tvers igjennom lov til seier -
    ikkje går det andre veier
    til vårt drømte, frie land (Rudolf Nilsen)
Rettskjelder

For sameretten finst det 3 rettskjelder:

  1. Norsk rett
  2. Internasjonal folkerett
  3. Samisk rettsoppfatning

For motstandarar av samiske rettar har det vore viktig å redusere tydninga av dei to siste og einsidig legge vekt på norsk jus. Denne har i svært liten grad tatt opp i seg dei samiske rettsoppfatningane. Motstandarane har bare anerkjent folkeretten som eit abstrakt prinsipp. På det eine området etter det andre ser vi at denne er ikkje er blitt nedfelt i norsk lov og praktisk politikk.

Jo lengre vi går bakover i historia, jo sterkare vern har urfolket/lokalbefolkninga og den tradisjonelle bruken av ressursane hatt. Dette peikar klart tilbake til ei tid da denne brukeren var einerådande. Etterkvart som kolonistar og innflyttarar pressa på, sørgde dei og for å få endra lovverket til å fjerne rettsvernet som samane og lokalbefolkninga forøvrig hadde.

Nokre merkesteinar i utviklinga av lovene:

Alle disse lovendringane har kome som resultat av politiske kampar og ført til nye kampar. Nokre har slått fast det juridiske grunnlaget for samane, men hovudretninga har vore at lovane har blitt brukt til å fjerne rettar som samane tradisjonelt har hatt.

Ei stor utfordring ville vere å lage ei oversikt som viser den historiske samanhangen mellom disse lovendringane og fordelinga av rikdommen, for eksempel kordan endringane i fiskerilovgivinga har redusert finnmarkingane sin andel av fisket og fjordfiskarane sin andel.

Eit sentralt omgrep i debatten er "alders tids bruk". Ka som er konsekvensen av dette er avhengig av

Hovudformer for landrettar

Juridisk kan ein skile mellom tre hovudformer for landrettar: bruksrett, eigedomsrett og forvaltningsrett.

Bruksretten ligg historisk før eigedomsretten, men i dag er eigedomsretten overordna alle andre rettar. Eigedomsretten er det same som eksklusiv rett til økonomisk utnytting. Eigedomsretten er "hellig" under kapitalismen, men det er på papiret. Det er mange avgrensingar på eigaren sin rett til å disponere/nekte bruk av eigedomen sin. Stat og kommune kan ekspropriere og bergverksloven, friluftsloven, bygningsloven osv. set grenser for ka eigaren kan gjøre med sin eigen eigedom. Konfliktar mellom eigar og andre interesser kan vere av mange slag; ofte står ein kapitalist sine private interesser opp mot staten som felleskapitalist. Individuelle rettar må avgrensast for å hindre anarki. Staten kan gripe inn i eigedomsretten for å ivareta f.eks. miljøomsyn eller motsett for å presse gjennom kraftutbygging eller militæranlegg.

Det gamle samiske kravet (NSR, Sametinget) har vore samisk eigedomsrett til land og vatn. Av dei norske partia har bare RV støtta dette kravet. Samerettsutvalet har vore sterkt splitta på dette, med to utreiingar som står stikk mot kvarandre. I den endelege konklusjonen vik dei unna spørsmålet og gjør forvaltningsretten til hovudsaka.

I dag er det bare samane sin bruksrett som tildels er anerkjent i lova. Denne er i første rekke knytt til reindrifta. Når det gjeld fiskeria, er heller ikkje bruksretten anerkjent. Bruksrett er ofte ein delrett som ein brukar har på eigedom som andre (offentlege organ eller privatpersonar) har eigedomsretten til. Ein slik bruksrett framstår da som ei avgrensing på eigaren sin eigedomsrett. Dei mest samefientlige politikarane (FrP) ønskjer å fjerne all innskrenking av råderetten til eigaren, og med det til og med å fjerne sør-samane sin beiterett for rein på fjellområde som er eigd av private bønder. SV seier at samane skal ha "utvida bruksrett" og nøye seg med det. Forvaltningsrett vil seie å kunne regulere bruken av eit område, som eigar eller på vegne av eigaren.

Utgangspunktet er at Staten påberopar seg den juridiske eigedomsretten til utmarka i Finnmark.

Den juridiske situasjonen i Finnmark idag er at Den norske staten har eigedomsretten, mens det statskapitalistiske foretaket, Statskog SF, har forvaltningsretten. Medlemmane i SRU er samde om å overføre forvaltningsretten til Finnmark Grunnforvaltning, men usamde om dette og skal gjelde eigedomsretten. SRU foreslår ei styrka forvaltningsrett, dvs. at forvaltningsorganet/-organa får rett til å hindre naturinngrep i større grad enn private eigarar kan gjøre i dag. For eksempel skal Finnmark grunnforvaltning kunne nekte mineralutvinning, noko ein privat eigar ikkje kan etter bergverkslova. Forvaltningsrett kan derfor faktisk vere både svakare og sterkare enn eigedomsrett.

Moralsk rett og folkeleg rettsoppfatning

I tillegg til de juridiske lover og regler, og det etablerte rettsapparatet finst det ein moralsk rett. Folk har sine oppfatningar av ka som er rett og galt, moralsk og umoralsk. Nokre av disse er relativt universelle, mens andre kan variere frå land til land eller folk til folk. Disse rettsoppfatningane kallas og uskrivne lover. Hos samane har det lenge vore klart at det på ein del område eksisterer rettsoppfatningar som i større eller mindre grad bryt med det som er juridisk rett i dei statane der samane bur. Ein del av disse blei samla og skreve ned på 1930-talet av Erik Solem (Lappiske rettsstudier). Å samle samiske rettsoppfatningar var ein vesentleg del av Samerettsutvalet sitt mandat, men dette blei medvete sabotert og det er no sett ned eit nytt utval som skal sjå på dette. I mellomtida er 17 år gått tapt, og med det er mange av dei levande tradisjonane borte.

Kamp om ressursforvaltninga

I samiske område er det kamp om ressursforvaltninga på alle område. Tildels er disse kampane knytt til sameretten, tildels blir dei vel så mye oppfatta som ein kamp mellom landsdelar eller mellom lokale brukarar og sentrale styresmakter. Ikkje minst er det og konflikt mellom næringar der ofte er samar på begge sider.

I denne samanhang blir det ikkje plass til meir enn ein kort oversikt over nokre av disse motsetningane:

Politiske reaksjonar på SRU

Ein gjennomgang av Samerettsutvalet si innstilling er det ikkje plass til her. Eg vil bare vise til heftet "Samerett og ressurskamp i nord" og gå rett over til å kommentere reaksjonane på innstillinga.

Etter at SRU si innstilling blei lagt fram i mars 1997 starta reaksjonen ein offensiv mot alt som smakar av samiske rettar. Dei aller fleste parti i Finnmark er djupt splitta, bare FrP og RV er nokolunde samla på kvar si side.

I FrP sin valkamp i 1997 gjorde ein kampen mot samiske rettar til ei hovudsak, noko som slo kraftig ut på gallupen i Finnmark, og det var like ved at FrP kom inn på Stortinget frå det fylket der partiet tidlegare har skjelt ut befolkninga som latsabbar og snyltarar.

Men det var ikkje FrP, men derimot SV, som klarte kunststykket å komme på Stortinget på å kjøre fram kampen mot samiske rettar. SV sin overgang frå eit i hovudsak pro-samisk til eit i hovudsak anti-samisk parti i rettigheitskampen er eit tragisk eksempel på grenselaus opportunisme hos delar av den såkalla venstresida. Dette hamskiftet har ikkje skjedd utan sverdslag. Den anti-samiske fløya fikk fleirtal på nominasjonsmøte med ei røyst i overvekt. Denne fløya har og klart å få støtte frå den nye sentrale SV-leiinga. SV har blitt omfamna av høgrefolk og gamle borgarvernarar frå Alta-kampen. Men SV sine lokallag i indre Finnmark er lagt ned i protest.

Diskusjonen om sameretten har og ført til at reaksjonære anti-samiske krefter igjen har stått fram med krav om å fjerne samisk kultur og språk i alle samanhangar. Det har blitt fritt fram for hets mot alt samisk og i Tana er det danna ein eigen aksjon "Nei til Sameland" som i skrivande stund aksjonerer mot samiske læreplanar for grunnskolen.

Siste tilskotet til reaksjonen er Lærarforbundet som har kravd dei samiske læreplanane trukke tilbake for å ¨endre dei slik at dei anti-samiske kreftene kan godta dei.

Ikkje bare samerett

Ressursrettskamp i Noreg gjeld ikkje bare sameretten, men til no har det mangla ei samla framstilling av ressurrett i Noreg, som ser på saker som:

Ei av dei største utfordringane til rettsomgrepa våre kjem no i spørsmålet om retten til ressursane i Noreg og verda. Det går på retten til å øydeleggje naturen og retten til å skjerme ikkje kapitalistisk produksjon, produksjon som er tilpassa den lokale kulturen. Denne kampen står særleg skarpt i spørsmålet om urfolksretten, i Norden sameretten.

Grunnlaget for urfolka sine krav og for folkeretten er tanken at bruk av eit område gjennom mange generasjonar gir rett til å fortsette å bruke området økonomisk og til å verne det mot konkurrerande og øydeleggjande bruk.

Det er i første rekke urfolka sine organisasjonar og internasjonale folkerettsekspertar som har vore pådrivarar og lagt premissar i debatten. Så langt har vi som er kommunistar i for liten grad vore med å drive debatten framover.

Spørjeteiknet som har blitt reist ved det juridiske grunnlaget for statens rett til jorda i Finnmark er noko av bakgrunnen for nedsetjinga av Samerettsutvalet. Men er det ikkje og grunnlag for å stille spørjeteikn ved både statleg og privat eigedomsrett i anna samisk område?

Og ka med dei uomtvisteleg heilnorske områda?

Ka slags juridisk og historisk grunnlag og rettsoppfatning kviler eigentleg eigedomsretten på til dei enorme skog- og fjellområda til familiane Treschow, Løvenskjold og Cappelen?

Og her overlet eg debatten til dokker.


Les meir: