Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Himmelstormar?

av Jon Arne Jørstad

Røde Fane nr 2, 1997


Noreg er eit kapitalistisk land. Noreg er eit Nato-land. Noreg er fremst i tilpassinga til den nye europeiske orden. Noreg er eit lite imperialistisk land med ambisjonar om å bli eit større.

Noreg er eit sosialdemokratisk land og dei sosialdemokratiske leiarane er den fremste drivkrafta i forminga av Noreg si framtid. Det finst opposisjon innafor arbeidarrørsla mot sosialdemokratiet sine leiarar.Opposisjonen er mangslungen og marxistane har hatt ei relativ sterk stilling. Men marxismen har dei siste ti-åra hatt nokså magre kår og 70-talet sine framstormande revolusjonære ungdomar er stort sett blitt veletablerte og eldre. Det livnar liksom ikkje i lundane lenger. Marxismen og kommunismen har ikkje vore dei store "in"-sakene og moderne menneske uffar seg (som dei gjorde på 60-talet og byrjinga av 70-talet) over å måtte diskutere med innpåslitne rabulistar som trur dei kan redde verda.

-Stalin, seier dei og endar diskusjonen. "Jau", seier dei, "sett i frå din ståstad så ..." og endar diskusjonen. "Vi veit kva vi har", seier dei og er redd revolusjon og sånn. Det er lettare å diskutere aromaterapi, drøymetyding, sex, Vegard Ulvang si rumpe og stjernene sin innverknad på vår personlege framtid. Og ein kan då ikkje ta på seg ansvaret for alt her i verda. Nei, det er ikkje på moten å vera himmelstormar.

Jean-Francais Lyotard var ein av fransk åttitals fremste postmodernistar og hadde "orientert" seg dit via freudianismen frå sin opprinnelege marxistiske ståstad. Dei "store fortellingane", ideen om "den universelle frigjeringa", hadde mista sin legitimitet. Det var eit par av poenga hans i ei lita bok som fekk den sympatiske danske tittelen Det postmoderne forklaret for børn. Eit lite sitat: "Kanskje menneskeheten kun er en meget sofistikeret knude i den generelle interaktion mellom stråler som konstituerer universet."

Som eit lite fiberfnugg i denne sofistikerte kuten, har eg ofte følt at dei postmoderne vindane, meir enn å vera stormar som røsker opp i fordomar og dogmatisme, har vore kvalmande vindpust frå gravkamra til dei gamle filosofiske anti-materialistane. Historia gjentar seg ikkje, men det er ikkje tilfeldig at likskapen i den filosofiske debatten på starten av 1900-talet og no er slåande. Ved århundreskiftet, då kapitalismen for alvor trådte inn i sin imperialistiske fase, tydde borgarskapet i Europa til skjerpa reaksjon med vekt på sosial demoralisering og demobilisering. "Høgrebølga" den gongen fekk sitt ideologiske utslag i anti-revolusjonære teoriar og oppblomstring av religiøs mystisisme. I filosofien blomstra idealismen. "Moderniteten" då var avvising av objektive lovar for utviklinga i naturen såvel som samfunnet.

Også innfor den revolusjonære rørsla skapte høgrebølga "marxistiske" kritikarar som ville "modernisere" den filosofiske, vitskapelege og politiske tenkinga.

Lenin si bok frå 1908, Materialismen og empiriokritisismen, var eit flengande oppgjer med frontfigurane i denne "ny-marxistiske" oposisjonen og med deira anti-revolusjonære forbilde. Fornøyeleg og lærerik lesing som eg gjerne oppmoder Røde Fane sine lesarar å lese (om så på ny). Det nye gjenombrotet for kapitalismen på 80-/90-talet har ført med seg ei globalisering både geografisk og samfunnsmessig. Alle formar for menneskelege aktivitetar blir prisa for kjøp og sal på verdsmarknaden. Jan Myrdal lanserte på 60-talet uttrykket "dei overflødige" i samband med sine India-studiar. Idag veks talet på overflødige raskt over heile verda med veksande arbeidsløyse og fattigdom også i dei imperialistiske landa. Krisetendensane og konkurransen gjer at borgarskapet vrir om skrustikka for å sikre profitten.

Muren sitt fall og Aust-Europa sin overgang til marknadsøkonomi blir nytta som bakgrunnskulissar for nok ein gong å lansere ei sosial demoraliserings- og demobiliseringskampanje. For sjølvsagt veks motstanden mot "overflødiggjeringa" og trugar med å skape uorden i borgarskapet sitt globale prosjekt.

I kjølvatnet av borgarskapet sin nye offensiv mot marxismen og kommunismen dukkar på ny opp ideologiske og politiske "revisjonistar" og sluttar seg til borgarskapet sin kampanje.

For ein Erik Solheim blir forsvar av marxismen "museums-vaktarar" og historisk politiske sinkar.

For ein Eivind Røssaak blir marxismen og kommunismen umoralsk og forsvararane medskuldige i folkemord. Deira (og mange andre) sin bodskap er at marxismen er dau. Attende står å gjere det beste ut av den globale kapitalismen.

Medan Dubcek i 1968 lanserte uttrykket "sosialisme med eit menneskeleg anlet", blir uttrykket "kapitalisme med eit menneskelg anlet" no lansert (t.d. Ottar Brox). Dei småborgarlege intellektuelle har gått trøytt og gitt opp. Difor må den ideologiske og politiske latskapen gjerast universell: - Marxismen er dau, kapitalismen har sigra. - Legg i årane og nyt livet så godt du kan.

Denne intelligensiaen har aldri "følt seg bekvem" når arbeidsfolk har ytra seg om politikk, kultur og andre "andelege" tema. Ein sånn form for "infiltrasjon" på deira område vil dei gjerne "ha seg frabedt". I sånne tider gjer det godt å sjå AKP si satsing med Røde Fane. Tidsskriftet trengst og langt fleire burte nytte høvet til å gjere ein innsats for å utvikle tidskriftet vidare og vere med på å auke spreiinga av bladet.