Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Folkeopplysning - eit daudt prosjekt?

Harald Dyrkorn

Røde Fane nr 2, 1997


Viss eg skulle reise til månen saman med ein kvinneleg postmodernist, så trur eg at både ho og eg ville stå oss på å få turen gjennomført i tråd Newton sin klassiske fysikk.

Folkeopplysinga er truga; på den eine sida av politiske og byråkratiske vedtak som vil styre det heile i lei av eksamensretta vaksenopplæring - gjerne på ein marknad der folk lyt betale av eigen pung. I bakgrunnsmaterialet for vaksenopplæringspostane på statsbudsjettet for 1997 var ikkje ordet folkeopplysning nemnt. I tillegg er sjølve opplysningsideen under eld frå all slags "postmodernistiske dekonstruktørar" som vil fragmentere og løyse opp alle "store samanhengar" og "store forteljingar". Fleire av desse går ope til åtak på rasjonaliteten, den objektive vitskapen og tanken om framsteget for menneskeslekta. Opplysningsprosjektet er daudt, seier dei, folkeopplysninga er avlegs. Dette høver godt inn i ei samfunnsutvikling der det eigentleg ikkje trengst store mengder folk med god allmenn(ut)danning. Såleis er folkeopplysing i ordet si rette forstand eigentleg uønskjeleg, sett ut frå behova til den noverande kapitalismen. Dette skreiv Terje Valen om i Materialisten alt på 80-talet. Det er all grunn til å lese desse artiklane om att.

Postmodernisme

Kva er postmodernisme? Det er eit omgrep som blir brukt om så mangt. Eg har sett det brukt i filosofisk samanheng, i litteraturteoretisk samanheng og som eit samlenamn på meir eller mindre nye idear som til einkvar tid dukkar opp i intellektuelle krinsar i våre dagar. Somme ser ein samanheng mellom utviklinga av kapitalismen i vår tid og trongen for ein ny teori som er tilpassa nye materielle vilkår. Om postmodernismen då kan seiast å vere den nye måten å forklare forandringar i kapitalismen på, eller om det er det vestlege borgarskapet sin ideologi og filosofi i 90-åra, er eg usikker på. Men den rådande vinden blant mange akademikarar ser ut til å vere ein slags skeptisisme og skrekk for å dra omfattande konklusjonar med vidtgåande konsekvensar. Alle teoriar er "like rette", det er viktig med fleire tolkingar, kriteriet på sanning synest å vere samforståing (intersubjektivitet). Kva ein er samforstått om ser ikkje ut til å vere så viktig.

Dette byrja alt på 70-talet. Eg hugsar eg las ei bok om vitskapsteori innanfor arkeologien som eg er interessert i på amatørbasis. Der skreiv ein kjent norsk arkeolog i fullt alvor at det har ikkje funnest nokon forhistorisk røyndom som det er eit ideal å nærme seg i den arkeologiske forskninga. Unge akademikarar eg har snakka med dei seinare åra, meiner også at omverda er noko som blir konstruert av mennesket sjøl. Som Noam Chomsky skriv (Røde Fane nr 1, 1997), så har vi også fått eit omfattande åtak på vitskapen, fornuften og rasjonaliteten og dei prosjekta som vil leite etter og vedlikehalde samanhengar og system i naturen og samfunnet. I nokre krinsar kjem dette ofte til uttrykk som polemikk mot det som blir kalla maskulin, instrumentell rasjonalitet. I USA snakker dei jamvel om "herstory" i motsetnad til "history"! Somme vil ha det til at det skal finnast ein særskilt feministisk fysikk som skal vere likare enn den såkalla "maskuline". Eg veit ikkje på kva måte det skulle vere, men viss eg skulle reise til månen saman med ein kvinneleg postmodernist, så trur eg at både ho og eg ville stå oss på å få turen gjennomført i tråd Newton sin klassiske fysikk.

Fornuftens tidsalder

Folkeopplysningstanken har bakgrunnen sin i opplysningstida på slutten av 1700-talet. I Frankrike var denne rørsla representart ved filosofar som Diderot, Voltaire, Rousseau og Helvétius. Opplysningsfilosofane ville setje fornuften i høgsetet og gjere denne til rettesnor for det meste. Difor kallar mange opplysningstida for rasjonalismens eller fornuften sin tidsalder. Frå denne perioden kjenner vi det store leksikalske verket Encyklopedie med Diderot i spissen. Opplysningsfilosofane arbeidde ihuga for å gjere nye resultat frå naturvitskapen allmennt tilgjengelege. Dei var liberalistar og individualistar og trudde fullt og fast på at kunnskap og fornuft er vegen til framsteg. Immanuel Kant formulerte seg slik: "Opplysning er menneskets utgang av dets selvforskyldte umyndighet." I Norden vil mange av dei som har gått på folkehøgskule kjenne att N F S Grundtvig si velkjende formulering av opplysningsideen: "Hvad solskind er for det sorte Muld, er sand Oplysning for Muldets frænde." Idear frå opplysningsfilosofane kom til å setje sitt merke både på den franske revolusjonen og på den norske grunnlova av 1814.

I Noreg er det dei store folkerørslene som tradisjonelt har vore grunnleggjarane og berarane av folkeopplysninga. Eg tenkjer då på norskdomsrørsla, arbeidarrørsla, fråhaldsrørsla og den kristne lekmannsrørsla. Det var desse meir eller mindre godt organiserte kreftene som sette folks sosiale, økonomiske og kulturelle kår på dagsorden og fekk arbeidarar, husmenn, bønder og fiskarar inn i samfunnslivet og politikken. Det er folkerørslene som har vore berarar av dei store "forteljingane" som postmodernistane no meiner er daude eller "metta" (saturated), som ein finsk sosiolog har sagt. Eg synest elles det er greitt å bruke uttrykket "forteljingar", for det har faktisk vore det, og eg kjenner meg også overtydd om at desse forteljingane har vore svært viktige for det folk flest trass alt har oppnådd av betra kår og innverknad i samfunnet. Kva er så desse forteljingane som det no skal vere slutt på?

Forteljinga om framsteget

Forteljinga om den teknologiske utviklinga og framsteget vart først og best fortalt meg av bestefar min då eg var smågut. Han tok oss med i potetåkeren om våren. Der laut vi gå med bøtter og setje ei og ei potet ned i kvar fore som han spadde opp med ein vanleg spade. Før han grov ned potetene, gjødsla vi - med sauegjødsel og kunstgjødsel. Kvar vil eg no, undrast du? Jau, bestefar var folkeopplysar han og, på sin måte. Han fortalde om kunstgjødsla som kom frå Norsk Hydro og som var laga av luft og elektrisk kraft! Forteljinga var så levande og så dramatisk at vi ungane til slutt tenkte på kunstgjødsla og Norsk Hydro med same andakt som 17. mai og 1814. Dette, som tok seg opp att kvar einaste vår, var bestefar sin versjon av den store forteljinga om vitskapen, teknologien og framsteget.

I tillegg flagga han og nokre andre gamlingar på 1. mai. Han hadde berre eitt atterhald, berre ein einaste dempar på den elles altoppslukande entusiasmen som forteljinga vart boren fram med: Vi måtte berre leggje tre-fire gjødselkorn ved kvar potet, for elles vart gjødsla gift og ville øydeleggje poteta og i verste fall forgifte oss ved middagsbordet. Gamlingen hadde det økologiske perspektivet med seg også, lenge før nokon her til lands sette dei rette moteorda på det.

Forteljinga til bestefar er i dag ute i hardt ver. Bodskapen hans var jo at det var til beste for menneska å skaffe seg kunnskap og innsikt i naturen for å ta han i bruk til eigne føremål. Kritikken mot denne forteljinga kan ha noko for seg om han er meint som eit korrektiv til ei blind og grådig ytnytting av naturen utan å tenkje på konsekvensane. Men å kaste på båten heile forteljinga om den teknologiske utviklinga og framsteget vil vere å forkaste eit viktig grunnlag for sivilisasjonen og kulturen vår.

Forteljinga om helse og velferd for alle

Tuberkulosen var ein politisk sjukdom blir det sagt. Og det er truleg rett i den forstand at han vart nedkjempa meir gjennom opplysning og hygiene enn som ein effekt av TBC-vaksinen. No skal han visstnok vere på frammarsj att fleire stader i verda, også i Noreg. Kva har postmodernistane tenkt å gjere med det? I heimbygda mi gjekk ein eldre kar rundt og sette opp skilt på butikkar, verkstader og andre plassar der folk samlast. På skilta stod det: "Sputta ikkje på golvet!" Om sommaren lærte han oss å symje.

I dag er postmodernistane komne så langt i sin iver etter å gjere om inkjes denne forteljinga om helse, tryggleik og velferd at det finst dei som i ramme alvor diskuterer om det er føremålstenleg med aktiv dødshjelp. Andre att vil legalisere narkotika under ei slags misforstått fridomsfane. Det må i så fall vere den frie marknaden si fane det då er tale om. Narkotika er elles ei stor vekstnæring i Europa. Ulike utrekningsmåtar tyder på at mafiaen omset narkotika til ein gateverdi på om lag 1500 milliardar kroner pr. år i Europa.

Vi ser ut til å trenge både folkeopplysning og folkeleg organisering i ei verd der velmeinande fridomselskande intellektuelle vil gjere oss til offer for dødshjelparar og narkohaiar.

Forteljinga om kulturarven, det nasjonale og nasjonalstaten

Dette er norskdomsrørsla si store forteljing. I fjor var det Ivar Aasen-år, og tallause møte, seminar, utstillingar og festivalar vart tilskipa i namnet hans og til ære for ettermælet hans. Kva er dette uttrykk for? Sjølv om nynorsken og det norske elles er under hardt press frå alle slags anglomane tendensar, amerikansk kulturimperialisme og CNN, så lever det vidare ei forteljing om at vi er nordmenn, at vi har ein felles kulturbakgrunn, eit felles landområde, språk og økonomi. Truleg er mange glade for dette når vi no ser korleis det har gått etter EU-neiet i 1994. Men ei anna side ved dyrkinga av kulturarv og regional og nasjonal identitet er sjåvinismen. Difor er norskdomsforteljinga kan hende den som treng mest av alt å stø seg på kunnskap og innsikt.

Forteljinga om kunnskap og makt

I norsk folkeopplysning har vi hatt forteljinga om det rasjonelle, medvitne, kunnskapsrike og handlande menneske som organiserer seg i verksame kollektiv og forandrar verda med å kaste av seg svolt, naud, krig og undertrykking av alle slag. Dette er framleis visjonen dei deler dei som arbeider aktivt med folkeopplysning i dag, og såleis ved ulike høve fortel denne forteljinga vidare.

I ei lita handbok utgjeven av eit organ i den norske fråhaldsrørsla i 1992 står det:

"I flere andre kapitler har vi understreket betydningen av god dokumentasjon og gode kvalifikasjoner. Slike kvaliteter oppnås ikke på noen enkel måte. Vi må arbeide hardt med dette, og alltid være innstilt på forbedring og fornyelse. ... Hvis vi arbeider systematisk med dette, er det egentlig ingen grense for hvilke saker vi kan beskjeftige oss med. ... Gjør bruk av egne ressurspersoner og prøv å utveksle erfaringer."

Her gjer forfattaren av boka det klart at kunnskap, innsikt, oppsummering av erfaring og samarbeid er ein viktig føresetnad for innverknad og utvikling. Sitatet er henta frå eit avsnitt som er om lag ei halv A5-side. Med enkle ord poengterer han verdien av dokumentasjon og skolering. Legg merke til at det står: "ingen grense for hvilke saker vi kan beskjeftige oss med." Med det meiner han sjølsagt ikkje at vi skal flyte ut over alle grenser og ikkje konsentrere kreftene. Det han vil, er å understreke at vi kan greie svært mykje dersom vi skaffar oss kunnskap og samarbeidspartnarar. Altså: søkje kunnskap og organiserere oss! Med få ord får vi her presentert noko av kjernen i det vi kjenner som folkeleg opplysning og folkeleg organisering. Sjå berre på frigjeringsrørslene ute i den tredje verda. Skule og opplysing driv dei alt frå første stund, om det så er utandørs under ei palme eller eit sedertre! Dette gjer dei same kva nyorienterte akademikarar i Vesten seier eller prøver å lære dei om at oplysningsprosjektet er daudt, rasjonaliteten er farleg, kvit, mannleg og instrumentell og at - dei som Noam Chomsky skriv i RF nr 1, 1997 - helst burde slutte med det for å kome i pakt med dei aller nyaste filosofiske trendar og motar!

Folkerørslene

Attende til folkerørslene, og først ei lita historie frå våre dagar. Eg skulle for ei tid sidan halde eit foredrag på eit ungdomskurs i fråhaldsrørsla. Emnet var alkoholpolitikkens historie. I utgangspunktet tenkte eg at dette måtte vere eit keisamt tema for desse ungdommane, men at eg måtte ta det som eit slags pliktløp likevel. Saka er at dette fenga, og det som fenga mest var bodskapen om at det nyttar å gjere noko, det nyttar å søkje kunnskap og innsikt og organisere seg og kjempe for forandring av samfunnet og at ikkje alt berre har blitt verre med tida. Seinare har eg fått høyre at slike foredrag er med på å skape identitet, sjølforståing og handlingspotensiale. Og det vil alle kurs, seminar og foredrag gjere der vi greier å vise samanhengar, kontinuitet og liner i historia til den folkelege kampen. Vilkåra for dette er ikkje gode i dag. Postmodernistane skrik utan tvil høgast og breier seg over store avis- og tidsskriftsider med ordrikdommen sin om det eine "prosjektet" etter det andre som dei dømmer til undergang.

Men altså folkerørslene. Trass i ulikskapar og ulike måtar å fortelje dei store forteljingane på, så må vi kunne seie at dei folkerørslene eg har nemnt ovanfor, drog lasset same vegen.

Trass i tidvis stor usemje om ulike spørsmål var det til dømes nære band mellom fråhaldsrørsla og den organiserte politiske arbeidarrørsla i Noreg. Det Norske Arbeidarpartiet vart skipa i 1887 på eit losjelokale ved Ormetjern utanfor Arendal. Initiativet til stiftingsmøtet kom frå arbeidarforeninga "Samhold" som året før vart sett i gong av samtalelaget i IOGT-losjen. Kan hende noko å tenkje over for dagens alkoholliberalar i AP-gruppa i Stortinget?

Både fråhaldsrørsla og norskdomsrørsla starta leselag og samtalelag frå midten av 1800-talet og utover. På heimtraktene mine var desse inspirerte dels av Olaus Fjørtoft, Rasmus Steinsvik og Synnøve Riste. Til desse samtalelaga vart det kjøpt inn bøker som gjekk på omgang mellom medlemene. Etter kvart utvikla fleire slik boksamlingar seg til små folkebibliotek.

Fråhaldsrørsla var tidleg ute med å få fram kvinnelege talarar og agitatorar. Ei av dei mest kjende er Elisabeth Edland frå Ryfylke. Ho var ein uredd og fengjande agitator som gjerne steig opp på talarstolen framfor tusentals menneske. Ho samarbeidde nært med Ida Wedel Jarlsberg og Birgitte Esmark frå kvinnesaksrørsla. Diverre døydde ho i 1901 berre 31 år gamal.

Lydia Amundsen

I 1901 gjekk folk i Haugesund saman og laga ei eiga liste ved bystyrevalet der hovudparolen var stenging av brennevinsalet i byen. Lista fekk 23 av dei 44 bystyreplassane. Ei av dei var ei kvinne, Lydia Amundsen, som stod på kumulert plass på lista. Og dette skal vi hugse på var i Haugesund - ein by der Pauli ord om at kvinner skal teie i forsamlinga sikkert var gjeldande teologi. Kva vi skulle gjort med kvinneperspektiv i dag som kan måle seg med å få Lydia Amundsen inn i Haugesund bystyret i 1901, er eg usikker på.

Kvifor dreg eg fram desse spreidde eksempla, og jamvel frå bedehus- og fråhaldsrørsla og ikkje frå dramatiske streikekampar som Menstad eller Austmarka? Fordi det trengst ei vekkjingspreike mot postmodernistane. Dei er altfor høgmælte og har fått lov til vere det altfor lenge! Og kva er då meir naturleg enn å la seg inspirere av bedehusmannen Lars Oftedal som i si tid samla 400 menneske på bedehuset på Rennesøy. Dei laut gå inn i puljer i det vesle huset, for at alle skulle få høyre. Kvifor kom folk dit? Ikkje berre for å å høyre "Ordet", men kanskje like mykje for å samlast, for å oppleve at det er vi som kjem saman her. Hurra for oss! Vi vil ha preika ned på bedehusgolvet, vi vil fram i lyset, vi vil vere med i det offentlege livet.

Syn og Segn fortel om ei dame som blei, spurt kva ho tykte om at Sputnik samla 800 menneske på samfunnshuset på Rennesøy og delte ut truser til fleire av dei. "Det er det største som har hendt på Rennesøy", svara ho. Heilt feil, seier eg. Det største som har hendt på Rennesøy, er utan tvil då Oftedal samla sine 400 tilhøyrarar i og utanfor bedhuset.

Konserna sitt tiår?

Når mange intellektuelle i dag skal beskrive trendar og straumdrag i utviklinga av samfunnet, bruker dei ofte omgrepet "globalisering", og då gjerne i samanheng med økonomi og kultur. Globalisering av økonomien er ikkje noko nytt i 80-90 åra. Det har pågått lenge, men det er først no at kapitalen verkeleg trengjer inn i dei mest bortgøymte avkrokane og områda av verda og av menneskesamfunnet og menneskelivet. Ellen Meisings Wood tek opp dette i Røde Fane nr 1, 1997.

I globaliseringsprosessen er det viktig for storkonserna å øydeleggje eller leggje under seg nasjonalstaten. Direktøren i Nestle sa i fjor ein gong at "Nittiåra er konserna sitt tiår". Han meiner at dette er tiåret då dei store konserna gjer eit gjennombrot i å skaffe seg omfattande innverknad i store delar av verda. Nasjonalstaten står oftast i vegen for dette. Konserna er rett nok ikkje mot regionalisering, men det må vere på deira vilkår.

Opp mot, eller snarare ved sida av, globaliseringa ser vi ei slags rørsle av lokale og regionale initiativ for å gjere noko ut av eigen bakgrunn, historie og kulturarv. Dette synest særleg aktuelt der tradisjonell industriproduksjon og primærnæring har gått i stå, slik at det trengst alternativ. Målet er å levandegjere kulturarven som reiskap for innverknad og sosial, kulturell og økonomisk utvikling. Men også dette regionale og lokale perspektivet kan storkonserna vere med på og freiste å profitere på. Dei vil gjerne skaffe seg eit lokalt andlet, må vite, ha ei lokal tilhøyrsle og ein identitet, dei også. Difor deltek det franske oljeselskapet ELF, som no driv på den nordnorske sokkelen millionsummar i tilskot til bygginga av Trondarnes Historiske senter utanfor Harstad, i eit omfattande kulturprosjekt i Niger-dalen i Vest-Afrika. Ja, i Newcastle vil storkonserna og dei lokale styresmaktene no ha Andy Capp på plass att etter at dei i første omgang ikkje tykte han var fin nok til å profilere den store satsinga på Newcastle som eit av Europas store kjøpesentra! Såleis er monopolkapitalens direktørar og fruene deira dei til stades når det vert tala vakkert om identitet og kultur både under ørkensola i Sahel og i snødrevet på Trondarnes. Kulturelt har dei kan hende skaffa seg mange eksotiske andlet og alibi, men føremålet er alltid eitt og det same: maksimalprofitt!

Nye tider - nye vilkår for organisering

Dei gamle kollektiva vert borte, dei gamle folkelege og medlemskapsbaserte organisasjonane får problem - jamvel om dei held etter måten godt stand. Nærmiljø løysest opp og vert erstatta av nettverk baserte på telekommunikasjon og informasjonsteknologi kjem i staden? Tid, rom og plass opplevast annleis i ei slik verd enn i den mange av oss har vakse opp i. Færre av oss vil delta i produktiv arbeid. Eit stykke inn i neste hundreår vil 20 prosent av den arbeidsføre befolkninga kunne ta seg av produksjon av både varer og avanserte tenester spår ein skribent i Der Spiegel 39, 1996 etter å ha snakka med leiarar i eit asiatisk storkonsern. Det tradisjonelle arbeidarkollektivet slik vi kjenner det raknar i samumane.

Eg registrerer at fagforeningsfolk skriv artiklar i Klassekampen der dei drøftar om såkalla "virtuelle kollektiv" baserte på informasjonsteknologi og datanettverk kan kome i staden for kontakten andlet til andlet og det levande ordet og samtalen menneske i mellom. Ikkje veit eg, men eg likar ikkje omgrepet virtuelt nettverk. Er det eit nettverk som fungerer, som kan materialisere seg i handling og forandring, så er det vel verkeleg nok? Eg trur det er viktig å ikkje konstruere opp ei eiga "virtuell" sfære av omverda. Alt som er skapt av informasjonsteknologien er like verkeleg som andre materielle og samfunnsmessige tilhøve rundt oss.

Databaserte nettverk strekkjer seg i dag frå Berkeley-universitetet og heilt inn i småbrukarheimar i Odalen. Dette har berre så vidt byrja å gje kulturelle utslag som vi må rekne med blir store etter kvart. Utfordringane til oss som driv folkeopplysning, vil bli svære. Er vi budde på dette?

Om kunnskap og læring

Å lære - kva er det? Det er å forandre åtferd, få nytt handlingsrom eller handlingspotensiale. Det er å finne fram til og ta i bruk eigne ressursar, erfaringar, samarbeide med andre, kjempe, stå saman, slå tilbake, endevende, "leggje all urett og lygn i grav" (det motsette av Kardemommelova), "spegle ein himmel av", om du vil bruke orda til salmediktaren Anders Vassbotn!

Skulen: Siling og oppaling

Folkeopplyninga må gje folk høve til å ta til seg og utvikle "teori"! Berre når kunnskapen blir oppsummert, konsentrert og gjort til allmenne omgrep, kan han bli reiskap for handling og forandring. Dette krev at det blir laga teori. Mange kvir seg når dei høyrer ordet teori. Dei tenkjer på skulen og erfaringane sine derifrå. Men skulen er ikkje teoretisk; det er ei mistyding at han er det. Skulen er for ein stor del ein silingsanstalt og elles eit reir for oppaling av medløparar som tygg opp att det som blir sagt i timane og som står i bøkene og knapt nok det. Det å lære seg tysk språk på den eine sida, og det å få god karakter i skulefaget tysk er ofte to ulike ting. Det siste er eit handverk som smarte elevar kan lære seg utan å kunne så mykje tysk språk at det gjer noko.

Dei som har ansvaret for den organiserte folkeopplysninga, bør også interessere seg for kunnskapsteori og stendig drøfte kva vi meiner med kunnskap og kva slags kunnskap som trengst for å nå dei måla dei arbeider mot. I ei teknologiprega tid må vi lære av bedehusfolket som ville ha preika og gudsordet ned på bedehusgolvet. Vi vil ha teknologien ut til folket saman med kunnskapen om korleis vi skal ta han i bruk.

Det kan sjølvsagt rettast kritikk mot folkeopplysninga dersom denne tek mål av seg til å opplyse folk eller lære folk noko i tydinga "å tre det nedover hovudet" på dei.Eit godt foredrag er noko anna. Det kan vere eit høve til å få del i ein person sin kunnskap og innsikt som i neste omgang kan knytast saman med våre eigne røynsler og praksis. Om foredraget i tillegg til å formidle fakta og sakleg informasjon også greier å rive oss med, trollbinde oss, vekke kjenslene våre, så kan det i mange høve vere noko av det mest opplysande vi kan utsetje oss for. Difor er ikkje foredraget i form av eit levande og engasjert innlegg noko avlegs arbeidsmåte i folkeopplysninga.

I denne forstand har det meining i å snakke om det levande ordet. Ei anna form for levande ord menneske imellom er samtalen, enten mellom to eller i ei gruppe. Mange som arbeider med folkeopplysning og skolering ser at samtalen er viktig også i vår tid og tek opp att dei gamle formene med samtalegrupper. Lærarar i vidaregåande skule har byrja med noko dei kallar "kollegabasert vegleiing"; det er berre eit anna namn på eit samtalelag.

Visjonar om samfunnet

Eit skrekkscenario som kan synest fjernt for oss, men som like fullt er mogleg slik kapitalismen utviklar seg i dag, er det vi ser i fleire av bileta kunstmålaren Odd Nerdrum måla på 80-talet. Her ser vi ukultiverte, usiviliserte hjelpelause vesen kledde i katteskinn med US-karabin i reim over skuldra. Ei av desse tomøygde figurane er ei kvinne som står der og knip seg fast i ein messingdørvridar. Problemet er at ho held han oppned! Det ser ut som ho ikkje veit kva ho skal gjere med dørvridaren sin, der ho står. Nerdrums 80-tals bilete viser oss menneske som har mist grepet fullstendig. Dei synest å vere heilt framande både overfor seg sjølve og dei andre figurane på biletet. Alt dei gjer ser ut til å vere blotta for samanheng. Dette er eit postmodernistisk scenario.

Kunsten og litteraturen har ikkje så mange gode og positive samfunnsvisjonar å vise fram i dag. Eg vil likevel nemne boka Hilal av Torgrim Eggen - ikkje som ein visjon - men som eit døme på at litteraturen kan hjelpe oss til å trengje inn i vanskelege spørsmål i samfunnet. I dette høvet handlar det om kulturkollisjonane i dei austlege bydelane i Oslo. Eggen poengterer at han ikkje "tek opp noko spørsmål til drøfting" i boka si, men han får ha meg orsaka; det er få bøker som i same grad vågar og å inn på eitt av dei mest aktuelle og og vanskeleg spørsmåla i dag: Korleis skal vi med ulik geografisk og kulturell og religiøs bakgrunn kunne nærme oss kvarandre utan at fåkunne, fordommar og redsla for Dei Andre tek overhand? Eg trur dette berre kan realiserast i eit samfunn der folkeopplysninga og den folkelege organiseringa har vore med og skapt vilkår for at dei menneske som lever der kan realisere det som er mennesket sitt vesen. Det er å skape livsvilkåra sine på medviten vis og på den måten skape seg sjølv som menneske. Dette er ingen postmodernistisk visjon, men ein kommunistisk.