Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Velferdsstaten og kasteballane

av Magnhild Folkvord

Røde Fane nr 3, 1996


Kva er det som får ein gjeng vaksne damer til å utstyra seg med badeballar og campingstolar for å avvikla "NM i kasteball" på Eidsvolds plass - utafor Stortinget - ikkje berre ein gong, men gong på gong - både sommar og vinter?

Dei som er samla for å seia noko om det og meir til, er Inger, Solveig og Live - tilsaman ein vesentleg del av den harde kjerna i "Arbeidsgruppa for rettferdighetsombud" (som intervjuaren også er med i). Arbeidsgruppa kom i stand etter at Grünerløkka AKP våren 1994 arrangerte eit ope møte med tema "Trenger vi et trygdeombud?". Arbeidsgruppa er fri og sjølvstendig i forhold til politiske parti. Kravet om "rettferdighetsombud" er resultatet av mange diskusjonar med utgangspunkt i "trygdeombud" - "rettferdighetskontor" - og inntil vidare heiter det altså "rettferdighetsombud" - sjølv om visse byråkratar har åtvara mot eit sånt uttrykk - det kan gi inntrykk av at mangelen på rettferd er svært stor ...

Løpesetlane som blir delt ut under avviklinga av "NM i kasteball" fortel at gruppa arbeider for å få til ei ordning med eit "rettferdighetsombud som kan gjøre det lettere å finne fram til hvilke rettigheter folk har og synliggjøre hva folk trenger hjelp med i forhold til trygdekontor, sosialkontor og arbeidskontor, og hvordan en skal komme ut av gjeldskriser".


Om Arbeidsgruppa for rettferdighetsombud

Gruppa er ei aktivistgruppe som ikkje er bunden til noko politisk parti, starta hausten 1994, samarbeider med andre organisasjonar som JURK, Gjeldsofferaksjonen og Norges Fibromyalgiforbund. Aktivitet: Løpesetelutdeling, avvikling av "NM i kasteball" på Eidsvolds plass ca ein gong i månaden, prøver å påverka aktuelle organisasjonar - og politikarar - til å engasjera seg for rettferdighetsombud. Nye aktivitetar blir diskutert. Kontaktadresse: c/o Gjeldsofferaksjonen, Osterhausgt 29, 0183 Oslo. Tlf 22 20 64 10, faks 22 20 64 12.

Ein aktivistdraum

Kva har fått dei til å engasjera seg på akkurat denne måten?

- Dette er noko eg har tenkt på iallfall sia 1989, seier Inger. - Da hadde eg slåst med "systemet" i fem år alt, mellom anna for å få trygdevesenet til å ta helseplagene mine på alvor. Eg såg for meg ein kjempeaksjon der vi fibromyalgipasientane skulle blokkera alle bomstasjonane kring Oslo slik at det vart kilometerlange køar, og når politiet kom, skulle vi ta dei og! Kanskje vi med det kunne få dei som bestemmer til å sjå oss og ta oss på alvor?

Både Inger og Solveig har fått innvilga uføretrygd etter at kroppen sa stopp for yrkesaktiviteten.

- Dei kreftene eg skulle brukt til omskolering og attføring gjekk med til å overleva, oppsummerer Inger. - Eg opplevde at både trygdekontor og arbeidskontor svikta, hadde vi hatt ein klageinstans som det "rettferdighetsombudet" vi no arbeider for, ville det kanskje hjelpt meg.

Solveig synest ho for eigen del har komme relativt lett igjennom trygdesystemet, sjølv om ho vart sjokkert over at ein lege kunne tillata seg å seia at dei smertene som tvinga henne ut av arbeidslivet var "bare nerver".

I tillegg til eigne erfaringar har begge to møtt mange nok i tilsvarande situasjonar til at dei veit at dette ikkje handlar om nokre få som har vore "uheldige med saksbehandlaren".

I mars 95 arrangerte Arbeidsgruppa ei stor høring i Ingeniørenes hus der ei rekke folk fortalde om sine erfaringar som "kasteballar" - somme hadde vore utsette for direkte feil tolking av lover og reglar, andre hadde erfart at sjølv om reglane i og for seg er rett tolka, kan resultatet bli blodig urettferdig. På høringa låg hovudvekta på trygdesaker i forhold til sjukdom, attføring og uføretrygd, men også folk som har blitt arbeidslause har fått merka at ein lett ender som kasteball - og når den faste inntekta blir borte, kan vegen vera kort til alvorlege gjeldsproblem.

Urettferd og makt

Det er ei viktig målsetting for Arbeidsgruppa å få synleggjort urettferda for å kunna gjera noko med den.

- Medan eg var yrkesaktiv som hjelpepleiar, såg eg mange pasientar som vart utsette for urettferd - utan at eg i min jobb hadde makt til å gjera noko med det. Som sjuk har eg sjølv kjent den same urettferda på kroppen, seier Inger.

- Det har vore sjokkerande å sjå kor gjennomført urettferda er. Eg har gjennom 10-12 år vore sjuk, under attføring, har vore sosialklient og har opplevd at dei ulike etatane som burde samarbeidd i staden har fungert til å bryta meg ned. Men eg trur enno på rettferd, sjølv om eg synest eg har opplevd maktkamp og urettferd gjennom heile livet.

Live har gjennom ulike jobbar i helse- og sosialsektoren sett nok av urettferda på nært hald til å engasjera seg i Arbeidsgruppa.

- Dette er ei viktig sak som ingen andre har gjort noko med. Det gjer det også lettare å prioritera å jobba med akkurat dette, seier ho. - Ein kjem ikkje unna å prøva å gjera noko politisk - gjennom eit parti eller ei gruppe som dette.

- Det er eit tankekors at dei som har meir makt i jobben sin ikkje er meir opptekne av urettferda, seier Solveig. - Når det handlar om deira eiga lønn, ser vi at legane kan aksjonera, og den gongen vi slost for abortlova, hadde somme av dei fælt mykje samvit - kvifor har dei ikkje like mykje samvit for dei som blir kasteballar fordi dei t.d. har "feil diagnose"?

"Ombud" til å lita på?

Vil eit offentleg finansiert ombud kunna vera ein påliteleg klageinstans for"kasteballar"? Det spørsmålet har Arbeidsgruppa diskutert i fleire rundar, og innvendingar av typen"bukken og havresekken" har meldt seg. Eit eksempel ein har sett på, er Helse- og sosialombudet i Oslo som fungerer som klageinstans i saker som har med helse- og sosialsaker i kommunen, men som ikkje har noko mandat til å handtera trygdesaker. Arbeidsgruppa har komme fram til at det ville vera verd å prøva ei ordning som t.d. å utvida dette ombudet sitt mandat til å gjelda både trygdesaker, yrkesskadesaker og gjeldsspørsmål. Eit godt samarbeid med Gjeldsofferaksjonen har tydeleggjort at slike saker ofte heng ihop.

Men sjølvsagt må det understrekast at om ei slik ordning skal kunna fungera, trengst det både retningsliner som gir mandat til å seia ifrå om det som er gale, og det trengst personar som har mot til å seia ifrå.

- Det er viktig å synleggjera dei reglane som fungerer urettferdig, men også at mange blir knekt av den måten dei blir møtt på når dei oppsøker offentlege kontor, seier Solveig. - Det skulle ikkje vera nødvendig å ha med seg vitne for å oppsøka sosial- eller trygdekontor i vårt land, men eg har sjølv sett st det gjer stor skilnad. Sjølv om folk kan mista helsa, skal dei ikkje bli møtt slik at dei misser menneskeverdet!

- Det å få støtte i ein vanskeleg situasjon kan gjera at folk får att livsgneisten, føyer Inger til, og fortel om korleis ho sjølv har erfart at arbeidet i Arbeidsgruppa har gjort henne i stand til å stilla opp for folk ho kjenner - og slik gjera ein bit av det arbeidet"rettferdighetsombudet" burde gjera.

Aktivistar i og utanfor Stortinget

Arbeidsgruppa er ingen stor medlemsorganisasjon, og har heller ikkje planar om å bli det, men det er rom for fleire aktivistar.

Dei viktigaste arbeidsmåtane siste året har vore aktivitet utanfor Stortinget for å få "folk flest" til å bli meir klar over kva det kan bety å bli "kasteball", og aktivitet inne i Stortinget for å få politikarane til å skjønna kva det handlar om.

- Vi ville ikkje hatt noko inne på Stortinget å gjera om vi ikkje også markerte oss utanfor, seier Live, og understrekar at det er viktig at dei same aktivistane deltar i begge typar aktivitet.

"NM i kasteball" har gått føre seg i mange rundar frå 7. juni 1995 og fram til 14. mai i år som var den dagen Stortinget handsama Velferdsmeldinga, medan samtalane med politikarane var konsentrert om innspurten i handsaminga av Velferdsmeldinga.

På Eidsvolds plass har det vore mykje positiv respons frå folk, men det var med ein viss skepsis gruppa begynte å kontakta politikarane. - Ville dei ta seg tid? Ville dei høyra?

I løpet av eit par veker gjennomførte ein delegasjon på fire-fem representantar frå Arbeidsgruppa møte med representantar for alle partia i Sosialkomiteen i Stortinget - med unntak av SV, som det av ein eller annan grunn ikkje var råd å få kontakt med.

- Eg stilte utan forvetningar, og eg vart gledeleg overraska. Dei tok seg tid, og dei viste interesse, seier Solveig.

- Eg trur dei tok oss alvorleg, dei stilte spørsmål, og dei var undrande til dei kasteball-erfaringane vi kunne fortelja om, seier Inger.

Fleire av politikarmøta varte lenger enn oppsett timeplan, kanskje var det - iallfall for somme av dei folkevalde - møte med sider av velferdsstaten som dei kjenner for lite til?

Ein liten siger

Når framlegga i Velferdsmeldinga kom til avstemning i Stortinget, gjekk sjølvsagt det meste av det regjeringa hadde planlagt glatt i gjennom. Arbeidsgruppa kan likevel notera ein liten siger - eit framlegg frå Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og SV om forsøk med såkalla "brukerkontor" var heilt i tråd med det Arbeidsgruppa ønsker at eit "rettferdighetsombud" skal vera. Framlegget fekk ikkje nok røyster til å bli vedteke, men saka har iallfall komme så langt at eit framlegg er formulert og tatt opp i Stortinget.

Det store spørsmålet er sjølvsagt korleis ein skal komma vidare - frå eit mindretalsframlegg i Stortinget til at det verkeleg blir oppretta"rettferdighetsombud".

Kva er oppskrifta for å komma vidare?

Aktivistane er samde om at dei ikkje vil laga ein ny stor medlemsorganisasjon som det krev arbeid å administrera. Viktigare er det å dytta på store organisasjonar som alt finst, og som burde ha interesse av å få til eit "rettferdighetsombud", som t.d. fagrørsla og organisasjonar for ulike pasientgrupper.

- Når Hågensen kritiserer Velferdsmeldinga og seier at den ikkje er djerv nok - slik han gjorde i radioen no i vår, burde han også støtta det arbeidet vi driv med, seier Inger. Arbeidsgruppa har gjort nokre freistnader på å få delar av fagrørsla i tale, men har også erfart at det er mange som ikkje skjønner alvoret så lenge dei ikkje sjølve har fått merka kva det kan bety å bli kasteball i velferds-Noreg. Folk vil helst tru at dei får den hjelpa dei treng den dagen det røyner på - og ser ikkje at det er ei gigantisk nedbygging av velferdsstaten som er i gang. Og dei fleste av dei som har kjent på kroppen at "rettferdighetsombudet" trengst, er for slitne til å vera aktivistar.

Men den harde kjerna har ikkje tenkt å gi seg - aktiviteten utafor Stortinget vil halda fram, medan Arbeidsgruppa jobbar vidare med kva meir som skal til for å snu på dei på innsida.


Velferdsmeldinga -
eit steg mot avviklinga av velferdsstaten

Arbeidsgruppa for rettferdighetsombud kom i gang før vi kjente innhaldet i "Velferdsmeldinga". Folk som hadde opplevd å bli "kasteballar" kunne fortelja at det var langt frå myten om velferdsstaten til dei harde realitetane.

Med Stortinget si handtering av "Velferdsmeldinga" har avstanden blitt enda større, og det er ikkje tilfeldig at det regjeringspartiet som ein gong var eit arbeidarparti har slutta å snakka om "velferdsstaten" og konsekvent brukar "velferdssamfunnet" i staden.

Regjeringa sine talskvinner og -menn seier at "de aller, aller fleste i Norge i dag har det veldig bra, ihvertfall økonomisk," slik Sylvia Brustad, leiaren for Stortinget sin sosialkomite, sa det på Kvinner på tvers-konferansen hausten 1996. Det som gir seg ut for å handla om å gjera velferdsordningane meir "målretta", er i realiteten ei oppskrift på nedbygging av velferdsstaten som vil føra til at fleire og fleire vil få det verre og verre.

Det at det blir sagt omatt og omatt at dei fleste har det så bra, har stort sett to følgjer: For det første vil dei som sjølve har det greitt, lett tru at alle har det. For det andre vil den som ikkje har det "veldig bra" få ei kjensle av at det må vera ein "personleg feil" hos ein sjølv, og sånt skal ein helst ikkje snakka høgt om. Eit ledd i privatiseringa av "velferdspolitikken" er også at dei som har pengar skal kunne kjøpa seg eigne forsikringar (tilpassa eiga lommebok), dermed vil det bli politisk enklare å redusera dei ordningane som skal vera felles for alle. Alt dette tener til å gjera det vanskeleg å laga breie aksjonar til forsvar for dei velferdsordningane vi har - og dei vi burde hatt.

Hjelper det at små aktivistgrupper som Arbeidsgruppa for rettferdighetsombud deler ut løpesetlar og snakkar med politikarar? Ingen i Arbeidsgruppa trur at "det ordnar seg, berre vi får snakka med dei rette folka". Men vi har merka gong på gong at folk blir sjokkerte over kor lett det er bli "kasteball" i velferds-Noreg. Det betyr at det er eit folkeopplysningsarbeid som må gjerast - kanskje er det også ein del av politikarane som treng folkeopplysninga. Men viktigast er sjølvsagt at dei som skal velja politikarane ser kva dette handlar om, tar på alvor det dei måtte få vita om folks dårlege erfaringar med offentlege kontor av ymse slag - sannsynlegvis er det - dessverre - "heilt normalt", og ikkje eit utslag av ekstrem uflaks.

Summen av det dei einskilde "kasteballane" blir utsette for er ei svær politisk utfordring - korleis skal kampen førast for at ein liten del av kjempeoverskotta i eit av verdas rikaste land skal bli brukt til å sikra folk eit verdig liv?


Attføring og uføretrygd
Ikkje alle veit at attføringspengar (og uføretrygd) blir rekna ut på grunnlag av opptente pensjonspoeng, noko som fører til at t.d. godt vaksne damer som har vore deltidsarbeidande i mange år kan få attføringspengar etter ein dagsats på under 150 kroner - eller i underkant av 4.000 kroner brutto i månaden. Dersom skaden eller sjukdommen er av ein slik karakter at neste stopp blir uføre, blir ytinga omtrent den same. Det hjelper ikkje om den vaksne dama har blitt skild og skal vera økonomisk sjølvberga på attføringspengane eller uføretrygda. Sannsynlegvis vil ho ha rett til "suplerande sosialhjelp" - dersom ho orkar å risikera den nedverdigande handsaminga ho kan bli utsett for på sosialkontoret. Vi veit det er mange som prøver å leva på havregryn i månadsvis for å sleppa .

Det er lov å undrast kvifor det var berre RV sin representant som røysta for RV sitt framlegg om ein minstesats for attføringspengar tilsvarande det som "unge uføre" får (pr i dag vel 300 kr pr dag).