Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Støtte til Winge-jentene
- rett eller gale?

av Jon Arne Jørstad

Røde Fane nr 2, 1996

"Seks jente på ei trapp", song til Winge-jentene av Ragnar Olsen finn du her.


Winge-konflikten har fått fram i lyset motsetningar i synet på kva som er ein rett fagleg strategi og taktikk. Mellom anna synet på LO-leiinga og kva for konsekvensar det har for arbeidet vårt i fagrørsla. Dinest har synet på sosialdemokratiet og denne ideologien/retninga si historiske rolle på ny blitt diskusjonstema. Eg trur dette er eit sunnheitsteikn og eit resultat av at den skjerpa klassekampen no stiller oss ovafor avgjerande vegval, vegval som må gjerast raskt og som vil ha vidtgåande konsekvensar for arbeidet vårt.

Då konflikten braut ut og "oppstod" i media, skapte det raskt klare skiljeliner både i fagrørsla, i og mellom dei politiske partia og i opinionen. Dei som ikkje støtta Winge-jentene, hadde som hovudargument at dei 6 jentene var eit trugsmål mot den "ansvarlege" orden i arbeidslivet. Det gjaldt både lokalt i Tromsø og sentralt. LO-sekretæren for Troms gikk saman med dei lokale NHO-bossane i fordømminga av Winge-jentene. Det same gjorde samorg-leiaren og fleirtalet i samorg-styret. NHO-direktør Karl Glad, med LO-leiar Yngve Hågensen på slep, lanserte til og med ein kampanje mot jentene i deira felles kamp for å samle støtte til krav om nye reglar i arbeidslivet for å sikre moderasjon og ansvarlegheit.

Dei som støtta Winge-jentene, argumenterte for organisasjonsfridomen, imot NHO og KS (Kommunenes sentralforbund) sitt ønske om innskrenking av forhandlings- og streikeretten. Dette er grundig dokumentert i det 28-siders info-hefte som Støttegruppa i Tromsø gav ut i juli 1995, like etter at konflikten blei avslutta med full siger.

Kvifor satsa borgarskapet så beinhardt på å knuse 6 jenter i Tromsø?

I eit intervju på lokal-TV i Tromsø like etter l. mai 1995, sa Karl Glad at NHO køyrde Winge-saka heilt prinsipielt. Som svar på spørsmål om det var LFF (Luftfartens Funksjonærforening) NHO var ute for å vingeklippe, sa Glad at LFF berre var eitt døme på "problemet" norsk arbeidsliv står ovafor. Han nemnde OFS (Oljearbeidernes fellessammenslutning) og heismontørane som eit større trugsmål; det var no naudsynt å samle alle gode krefter for å sikre "orden og ansvarlege tilhøve" i det norske arbeidslivet framføre dei store omstillingane som landet vårt no står ovafor.

NHO-køyret mot dei 6 Winge-jentene er ein lekk i borgarskapet sin kampanje for ei sterkare disiplinering av arbeidarklassen. "Ansvarlege" fagorganisasjonar (les: under kontroll av DNA-leiinga) er eit mål for å sikre kontrollen når uroa breier seg pga dei omleggingane som skjer,og ikkje minst viktig - blir planlagt gjennomført, i tida framover. Dei 6 jentene skulle få seg ein smekk av di dei forstyrra "herrane" sitt arbeid for å sikre "ro og orden".

Bakom syng EU

Noreg si integrering i den europeiske "frie marknaden" skyt fart. Det burde ikkje undre revolusjonære og progressive at borgarskapet har gjort grundige førebuingar for kva som må gjerast for å hindre uro og andre problem i samband med gjennomføring av dette prosjektet. Regjeringa si tilslutning til å inkorporere retningslinene for EU sin økonomiske og monetære politikk i EØS-samarbeidet, støtte til konvergenskrava og deira tilslutning til tidlegare sentralbanksjef Moland sine Oslo-kriterium for ein "sunn" økonomisk politikk (som er endå verre krav til marknadsorientering enn det EU har vore i stand til å bli samde om), byrjar alt å verke. Gigantoverskotet på statsbudsjettet og framlegga frå Rattsø-utvalet, velferdspolitikk-omlegginga, AS-ifisering og privatisering av offentlege verksemder og oppgåver, og presset for større fleksibilitet og mobilitet, for å nemne nokre døme. Og meir vil kome i tida framover. Eit politisk tettare og tettare samarbeid med EU trass i resultatet av folkerøystinga, kan vel også tyde på at ei kupparta innmelding i EU a la innmeldinga i EØS, kan tenkjast.

Borgarskapet stolar på DNA

At borgarskapet først og fremst lit på DNA-leiinga for å sikre kontroll i arbeidslivet, er openbert. DNA sitt leiarsjikt er i dag storborgarskapet sin viktigaste leiarfraksjon. Dei sit med kontroll over store delar av norsk økonomi, både offentleg og privat (gjennom statsstyringa og posisjonar elles). I tillegg kontrollerer dei den største og viktigaste fagorganisasjonen, LO.

Uavhengige fagforeiningar/forbund vil vere eit trugsmål mot målet - å sikre kontroll. Direkte, av di dei har oppstått som reaksjon på DNA-tilknytinga i LO og difor er utafor direkte kontroll. I ein del av desse organisasjonane er det også samla opp så mykje klassehat og kampvilje at borgarskapet fryktar uro og konfliktar og ikkje minst smitte-effekt til resten av samfunnslivet. Dei uavhengige fagforeiningane sin eksistens og agering, gjev også større rom for opposisjon innanfor LO (og AF og YS), også for den revolusjonære opposisjonen.

Dei 6 unge jentene som gjekk til streik ved Winge reisebyrå i Tromsø like før jul i 1994, ante vel lite i starten at deira kamp skulle bringe dei sjølve i frontlina framføre det samla borgarskapet sin kampanje for å innskjerpe "ansvarleggjeringa" av fagrørsla. Dei vann full siger etter 7 månaders streik og gav oss håp om at det framleis kan vere mogleg å leggje hinder i vegen for borgarskapet sine planar om ytterlegare innskrenkingar av arbeidsfolk sine rettar.

Arbeidsrettsrådet: Borgarskapet ønskjer større kontroll

Rådet skal leggje fram forslag til nye og strammare reglar for organisasjonane i norsk arbeidsliv. NHO og KS har tatt til orde for drastiske innskrenkingar i forhandlings- og streikeretten (og LO-leiaren følgjer opp). Dei krev at berre organisasjonar medmeir enn 100.000 medlemmer skal ha forhandlingsrett. NHO ønskjer i tillegg at berre hovudsamanslutningane skal ha rett til streikeavgjerd.

Får borgarskapet gjennom desse krava, vil det dramatisk innskrenke arbeidsfolk sine faglege rettar og stille opposisjonen overfor langt vanskelegare vilkår enn no. For borgarskapet vil det derimot opne seg langt større sjansar til raskare å tvinge gjennom marknadstilpassing av økonomien - med større sentralisering (både økonomisk og geografisk), ei fleksibilisering av arbeidstilhøva og ei generell senking av både dei direkte lønskostnadene og dei indirekte (trygdene og dei offentlege budsjetta).

DNA-leiinga - spydspiss i borgarskapet sine planar

På alle kampavsnitt møter vi DNA-leiinga, ikkje som ein tafatt mogleg alliert som nokon vil ha oss til å tru, men som hovuddrivkrafta for gjennomføring av åtaka på arbeidsfolk sine rettar og tilkjempa gode. Dei siste åra med EU/EØS-kamp, åtaka på velferdsstaten, privatiseringsframstøta og åtaka på dei faglege rettane, framvoksteren av ein stadig meir grotesk statleg rasisme, aukande problem for dei arbeidslause - det skulle vere nok døme på kva side vi møter DNA-leiinga på.

Det synest difor noko underleg at det no, når åtaka intensiverast både i djupne og breidde, reiser seg kritiske røyster mot delar av analysane den revolusjonære rørsla har på nettopp sosialdemokratiet og deira historiske rolle frå folk innafor rørsla, medan vi utafor får stadig lettare forståing for vårt syn. Dei siste åra med avsløringar av overvaking, etterretning osb, har gjort folk meir opne for dei synspunkta vi har forfekta i alle år. Men for den revolusjonære rørsla og for utviklinga i arbeidarklassen, er det nyttig og sunt at denne debatten kjem oppatt på ny.

Analyse av sosialdemokratiet - viktig for å skape ein riktig fagleg strategi og taktikk

Viss det er sånn som eg hevdar, at kontrollen med fagrørsla er avgjerande for borgarskapet, så skulle ein kunne finne døme i fagrørsla si historie på rå overgrep for å sikre dette, og at det er DNA-leiinga som har stått som eksekutør for åtaka.

DNA-bossane sitt hardkøyr mot NKP-dominerte fagforeiningar og tillitsvalde i mellomkrigstida, med eksklusjonar, oppretting av konkurrerande fagforeiningsstyre, - kommunistkampanjen på 50-talet og den vesle smaken vi sjølve har opplevd sidan slutten av 60-åra, alt dette er godt dokumentert og mykje er sikkert enno "uoppdaga".

Forsøk på å endre fagrørsla gjennom å erobre verv og posisjonar, har altså blitt møtt med hard motstand frå DNA/LO-toppen oppgjennom tidene.

Men det viktigaste midlet for å sikre kontrollen, og det vanskelegaste å møte for dei som har slåst og framleis slåst for å gjere fagrørsla til klassekamporganisasjon, er systemet si evnetil å "borgarleg-gjere" tillitsvalde. Det finst artiklar og bøker om dette fenomenet frå dei fleste av dei store arbeidarleiarane heilt frå Marx si tid.

Mange av oss som har jobba i fagrørsla sidan 70-talet, har vore utsette for det meste, også det mest primitive av alle knepa for å kjøpe opp folk - tilbod om "opprykk" og "større makt" viss vi "skikka oss" og melde overgang til Partiet (DNA). Med frustrasjon over liten framgang, å alltid vere i mindretal og med illusjonar om større gjennomslagskraft for "saka" i samarbeid med "ålreite" og til dels militante DNA-pampar, var det nok ein del som beit på agnet.

Vi kan vel i ettertid sjå kven som forma kven. For systemet sluker dei som ikkje maktar presset av å vere i opposisjon og vel personlege "snarvegar" for å "få meir gjort".

Masselinje - ikkje pampepolitikk

Før snakka vi om "masselinja" som eit vern mot revisjonistiske og reformistiske tendensar hos oss sjølve. Dette i motsetning til pampestilen som utviklar forakt for og mistru til vanlege arbeidsfolk.

Vi valte taktikk utifrå organisering og mobilisering av massane og ikkje taktikkeri i pampesjiktet som pasifiserte og gjorde massane til tilskodarar til "heltane" si triksing og miksing. Massane var dei verkelege heltane og berre ei jobbing som tok utgangspunkt i det, kunne hindre pamperi hos oss sjølve og føre fram mot større mål enn det å oppnå å få sole seg i ei pampestilling.

Arbeidararistokratiet

Vi snakka om det sjiktet av heiltids tillitsvalde, som med sin posisjon skilt frå arbeidskameratane sine, med hyppig omgang med borgarskapet og karriere-freistingar både i og utafor fagrørsla, utgjorde rekrutteringskjelda for og garantien til den borgarlege LO- og DNA-leiinga. Vi hevda det skulle meir til enn rak rygg, bein i nasen og sterke band til arbeidskameratane sine, for å makte å stå imot freistinga til å jenke seg for å få sjanse til å klatre i systemet. Vi hevda at berre ved å underordne seg eit kollektiv / eit revolusjonært parti som var medvite om dette kunne ein kanskje stå imot.

Det trengst eit revolusjonært parti

Difor hevda/hevdar vi, at den revolusjonære rørsla har ein avgjerande rolle, både for dagskampen og for kampen for å styrte borgarskapet. At den revolusjonære rørsla ikkje er sterkare enn ho er i dag tar ikkje frå oss ansvaret for å utforme ein fagleg politikk som alternativ til den borgarskapet i DNA-leiinga står for. Ein slik politikk må ta utgangspunkt i ei rett forståing av sosialdemokratiet som ei borgarleg politisk retning kor leiarskapen her i landet høyrer til borgarskapet sitt topp-sjikt.

Winge-jentene sin kamp - eit positivt døme

Med dei store endringane i norsk økonomi og samfunnsliv som borgarskapet no pressar fram, vil kontrollen med fagrørsla, både organisatorisk og politisk, vere avgjerande for kor raskt og kor smertefritt dette skal gå. Ein ventar seg reaksjonar og uro. Ein ser tendensar til at kontrollen nær grasrota glipp. Difor ønskjer dei å innskrenke organisasjonsfridomen og sentralisere kontrollen kor DNA set med makta. Dette våga Winge-jentene å slåst mot. Og dei vann. Det gjev håp.