Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Eit utopisk kvinnekrav?

av Magnhild Folkvord

Røde Fane nr 1, 1996


Kor mange menn er parat til å leva i eit samfunn der kvinner og menn faktisk har same rett til både arbeid, inntekt, makt og fritid? Korleis skal ein utfordra dei som ikkje er heilt sikre slik at vi kan bli mange nok som kan stå samla mot dei som sit med den verkelege makta?

Kvifor er det så vanskeleg å få gjennomslag for kravet om sekstimarsdagen? Er det utopi å tru at vi kan vinna fram med ei forkorting av normalarbeidsdagen? Er det vanskeleg fordi det rammar kapitalistane midt i profitten eller fordi fagrørsla ikkje står samla nok bak kravet? Er det motseiinga mellom arbeid og kapital eller kjønnsmotseiing blant arbeidsfolk som er den største hindringa?

Har vi ikkje vore flinke nok sia vi kan oppsummera at sekstimarsdagen framleis er ein vakker draum i mange kvinners hovud, medan dei som sit med makta ikkje ser ut til å ha ein einaste tanke om at draumen skal bli verkeleg? Har vi bråka for mykje eller for lite? Laga for store eller for små løpesetlar? Har vi kanskje masa for mykje om dette med kvinnekravet - så vi har skremt mannfolka frå oss? Har vi ikkje tatt nok omsyn til einskapen i fagrørsla når vi har fremja kvinnekrav, og på utidig vis brukt dyrebar taletid på møte etter møte på noko så urealistisk som 6 timars normalarbeidsdag med full lønnskompensasjon?

Det er eit tankekors at vi ikkje har fått spontan tilslutning frå alle staute menn når vi har fremja noko så lurt - eit krav som ville bety eit langt steg for å gjera kvinner likestilte med menn i arbeidslivet, som ville heva prisen på arbeidskrafta, som ville gi både kvinner og menn meir fritid. Naive som vi var, trudde vi at kampen for og gjennomføringa av sekstimarsdagen burde vera noko av det beste ein kunne gjera for å styrka einskap og samhald mellom kvinner og menn i fagrørsla og elles i samfunnet.

Kravet om 6 timars arbeidsdag vart første gong reist i den norske fagrørsla av gruvearbeidarane i Sulitjelma på 1920-talet. Vel femti år seinare vart det teke opp av dei raude på LO-kongressen i 1977, og frå først på 80-talet har kvinner i kvinne- og fagrørsla samarbeidd på ymse vis for å få sekstimarsdagen opp på fagrørsla og politikarane sin dagsorden. Undervegs har diskusjonen gått om full lønnskompensasjon og normalarbeidsdag, og vi har også diskutert om det skulle vera eit tariffkrav eller eit krav om lovendring. Medan ein del kvinneaktivistar med SV-tilknytting tidleg på 80-talet meinte at det var feil (og urealistisk) å krevja full lønnskompensasjon, har fleire og fleire innsett at ein sekstimarsdag utan full lønnskompensasjon aldri kan få oppslutning i fagrørsla - og at den dessutan ikkje ville bli så mykje meir enn den deltida som mange kvinner har hatt i årevis.

Dei som kjempa fram åttetimarsdagen visste noko om kva normalarbeidsdagen betydde. Utan ein felles normalarbeidsdag og nokonlunde felles reglar for korleis det skal kompenserast for arbeid utover normalarbeidsdagen som utgangspunkt for lønnskampen, blir det vanskeleg å føra ein felles kamp for betre lønns- og arbeidsvilkår. Også kampen for åttetimarsdagen var lang og seig. Frå 1. mai i 1889 vart ein felles kampdag for åttetimarsdagen i den internasjonale fagrørsla, skulle det gå om lag tretti år før åttetimarsdagen vart lovfesta i Noreg. Det høyrer med til historia at arbeidarane bokstaveleg tala tok åttetimarsdagen 1. mai i 1918 (meir enn 20.000 berre i Oslo), og arbeidsgivarane hadde på ingen måte komme seg av sjokket etter den russiske revolusjonen da dette skjedde. Dersom ei innføring av 8 timars normalarbeidsdag kunne roa dei opprørske arbeidarane, var makta villig til å betala den prisen om dei berre kunne unngå enda meir opprørske tilstandar.

6-timarsdagen og fleksibiliseringa

Parallelt med at diskusjonen om sekstimarsdagen tok seg opp her i landet på 80-talet, skaut fleksibiliseringa fart i ein del europeiske land. Belgia hadde ved starten av 80-talet eit lov- og avtaleverk som hadde mykje til felles med dei reglane som galdt her til lands, med strenge restriksjonar i forhold til kvelds- og nattarbeid og bruk av deltidstilsettingar. Bit for bit vart dette regelverket erstatta av "prøveordningar", der folk på frivillig basis kunne velja t.d. natt- eller helgearbeid i staden for normalarbeidsdagen. Kor "frivillig" det var, kan diskuterast - for mange var valet "prøveordning" eller ingen jobb i det heile tatt. Resultatet var at mot slutten av 80-talet kunne den belgiske fagrørsla oppsummera at normalarbeidsdagen var borte, og i staden hadde dei fått ein vrimmel av ulike ordningar der folk kunne ha ned til nokre få faste arbeidstimar i veka samstundes som dei kanskje fekk arbeid bortimot full tid - avhengig av kva arbeidsgivaren hadde bruk for akkurat den veka. Det var nok ikkje tilfeldig at slike ordningar kom først i typiske kvinneyrke som varehandelen. Og sannsynlegvis var det heller ikkje tilfeldig at det omtrent på same tida vart gjennomført ei rekke endringar av det som skulle vera velferdsordningar, endringar som mellom anna førte til at familien sin økonomi meir enn den einskilde sin økonomiske status avgjorde kven som hadde rett til sosiale ytingar.

Utviklinga i Belgia har vore meir tydeleg og gått raskare enn hos oss. Men det er ikkje vanskeleg å sjå at norske arbeidsgivarar har dei same ønska. Kombinert med arbeidstidsforkortinga i 1987 (frå 40 til 37,5 timars veke) kom krav frå arbeidsgivarane om å kunna bruka arbeidskrafta meir fleksibelt enn før. Både utvida opningstider i mange servicenæringar og store investeringar i teknologi forsterkar krava om å kunna bruka arbeidskrafta større delar av døgnet. For ikkje lenge sia (januar 1996) kunne vi sjå statsministeren (på Dagsrevyen) presentera for legar og anna helsepersonell den store utfordringa som ligg i at operasjonssalane på sjukehusa står ubrukte store delar av døgnet. Vi høyrde ikkje doktor Brundtland åtvara mot ulemper med skiftarbeid og uregelmessig arbeidstid. Vi høyrde heller ikkje Arbeiderpartiet sin store leiar forsvara normalarbeidsdagen. Her handla det om meir effektiv utnytting av kostbart utstyr - akkurat slik som andre ansvarlege administrerande ville snakka om "sine" verksemder. Kva meir kan NHO ønska seg av ein statsminister?

Kven skal betala?

I diskusjonen om sekstimarsdagen har det alltid vore mykje diskusjon om økonomi - har "Noreg" råd? - har verksemdene råd? Kor viktig slike spørsmål var i 1918-19, veit eg ikkje, men eg har iallfall aldri høyrt sagt at det var innføringa av åttetimarsdagen som var årsak til det som har vore av økonomiske nedturar i norsk næringsliv etter den tid.

Økonomar som evnar å skilja mellom økonomi og politikk har for lenge sia slått fast at om Noreg "har råd til sekstimarsdagen" er eit politisk og ikkje eit økonomisk spørsmål.

Det grunnleggjande spørsmålet er prisen på arbeidskrafta, og såleis eit klassekampspørsmål. At det vil krevja hard kamp å få full lønnskompensasjon er opplagt, og at det vil krevja ein samla arbeidarklasse med breie alliansar langt inn i småborgarskapet skulle vera like opplagt.

Kapitalistane vil sjølvsagt ikkje betala ut ei krone meir enn dei må, og dei forsvarar seg med nebb og klør mot endringar som betyr ei styrking av normalarbeidsdagen når dei eigentleg ønskar fri flyt av både arbeidskraft og arbeidstid.

Det er vel også rimeleg å tru at så lenge ikkje sekstimarsdagen er gjennomført i dei andre europeiske landa, vil det vera naudsynt å laga ordningar for ei eller anna form for offentleg subsidiering av sekstimarsdagen. Om det skal gjerast via skattesystemet eller med andre ordningar, overlet eg til dei som har greie på sant å tenkja ut. At pengane finst dersom det er politisk vilje til å gjennomføra det, skulle vera heva over tvil.

Må vi velja?

Kvifor blir økonomidiskusjonen så viktig når det gjeld sekstimarsdagen - ikkje berre frå arbeidsgivarane si side, men også blant folk? Kven har lagt dei ideologiske premissa for diskusjonen når vi alltid må ansvarleggjerast for dei økonomiske konsekvensane av rettferdige krav? Og kvifor blir det så viktig å få folk til å velja anten lågare pensjonsalder, lengre ferie eller kortare arbeidstid? Minst ein million offentlege kroner vart brukt på å undersøka kven som ville velja kva da arbeidstidsutvalet produserte sin NOU i 1987 (NOU 1987:9A og B). Overraskande nok kom dei mellom anna fram til at menn over 45 ville prioritera lågare pensjonsalder, medan heiltidstilsette kvinner med yngste barn under 7 år var dei mest positive til 6 timars normalarbeidsdag. Prioriteringa av lågare pensjonsalder fekk av ein eller annan grunn større plass i pressa enn det at eit fleirtal av lønnstakarane (55% av mennene og 65% av kvinnene) gjerne ville ha 6 timars dag dersom det ikkje betydde nedgang i lønn.

Handlar ikkje dette om splittingstaktikk av gammalt merke? Her blir folk oppmoda til å tenkja på eigne behov her og no, og med den kjønnsmessige arbeidsdelinga vi har, veit vi at kvinner som kombinerer full jobb og ansvar for ungar i førskolealder, lever heilt andre liv enn menn over 45. Kva om undersøkinga hadde hatt nokre tilleggsspørsmål som t.d. "kva trur du ville vera viktigast for at fleire kvinner skulle kunne vera yrkesaktive og tena opp fulle pensjonspoeng - lengre ferie, lågare pensjonsalder eller kortare arbeidstid?" Gruppa "menn over 45" er framleis solid overrepresentert i dei fleste vesentlege posisjonar i fagrørsla. Dermed veit vi kva vi kan venta derifrå - så lenge dei ikkje tar ansvar for anna enn å tenkja ut frå eigne ønske og behov. Med eller mot sin vilje risikerer dei å bli på parti med makta når kvinner reiser dristige krav.

Men det er da også kvinner som heller vil ha lenger ferie? Ja visst, men det er også dei som godt kunne tenkja seg å seia ja takk til både sekstimarsdag, 6 veker ferie og rett til pensjon frå 60 år, og kanskje er det det beste svaret på alle spørsmål om prioriteringar? Så lenge diskusjonen må gå om kva du personleg akkurat no vil prioritera for din eigen del, vil resultatet sjølvsagt vera avhengig av kven som er med og røystar. Og det vil vera liten grunn til å venta toppscore for kvinnekrav i mannsdominerte faglege forsamlingar.

Utaktisk å stilla kvinnekrav?

Kor viktig er det a leggja vekt på at sekstimarsdagen først og fremst er eit kvinnekrav? Lang erfaring har vist oss at det er ein vanskeleg veg å gå. Vi er framleis ikkje komne lenger enn at ordet kvinnekrav fungerer som ein provokasjon på fleire vis. Dei mest konservative synest framleis at den slags kvinnekrav er noko tull. Og blant dei meir framskridne finst dei som tar det som ei personleg fornærming at sekstimarsdagen skulle vera viktigare for kvinner enn for menn - menn som ærleg ønsker å ta sin del av omsorgsansvar ser at dei og har bruk for sekstimarsdagen. Ville det ikkje da vera enklare å leggja sjela i å forklara alt som kan forklarast om kor lurt det er for menn også med sekstimarsdag, og så halda kjeft om kvinnekravet?

Mi oppfatning er at her må vi ha rom for fleire tankar på ein gong.

Vi har sett ein del døme på diskusjon om arbeidstidsforkorting der utgangspunktet ikkje har vore kvinnekvardagen, og resultatet har blitt ymse variantar av tretti-timarsveke, som til dømes fire dagars veke. Med det har ein både tapt det prinsippielle med å forsvara ein kortare normalarbeidsdag og ein har fått ordningar som gjer at dei som er avhengige av kortare arbeidsdag kvar dag er like langt. Ein kan som kjent ikkje gjera unna levering og henting av ungar i barnehage for heile veka på ein dag! For ordens skuld minner eg om at så lenge ein del kvinner må ha særordningar for å få kvardagen til å gå rundt slår det tilbake på alle kvinner - kvinner blir "ustabil arbeidskraft" med dei følgjer det har for lønn og status.

Det er framleis slik sjølv om det finst mange menn som tar sin del av både ansvar og arbeid i heimen - at kvinnene er det mest undertrykte kjønnet i likestillingsparadiset Noreg med lågast inntekt, lågast lønn, mest ubetalt arbeid - eit forhold som alle kvinner objektivt har interesse av å få forandra. Ein kortare normalarbeidsdag ville gi fleire kvinner høve til å vera i full jobb og samstundes få kvardagen til å gå rundt utan å slita helsa av seg, og ville gi betre lønn til dei som framleis arbeider mindre enn full tid. Det ville bety eit langt sprang for kvinners forhold til makt og pengar og råderett over eigen livssituasjon.

Pengane og makta

For dei som ønsker ei meir lik deling av det ubetalte arbeidet mellom kvinner og menn, må kortare normalarbeidsdag for alle vera eit opplagt framsteg - det betyr meir lik fritid for kvinner og menn. - Men er dette objektivt ein fordel for alle menn? Korleis skal vi i denne diskusjonen handtera det at mange menn har fordel av at kvinner er lågtlønte og deltidsarbeidande? Korleis kan fagrørsla handtera kjønnsmotseiinga? Så lenge mannen tener meir enn kvinna, har han meir makt i familien. Så lenge ho tener mindre, er det mest lønnsamt at ho er mest heime, og han kan nyta fordelane av å ha bakkemannskap heime - ikkje dermed sagt at alle menn subjektivt ønsker å ha det slik. Mange vil innvenda at dette er eit gammaldags bilete og dei har eit stykke på veg rett. Men vi kjem ikkje unna at det er ein samanheng mellom pengar og makt også i familien.

Når det blir snakka tariffspråk, kan spørsmålet vera om auka verdiskaping skal takast ut i tid eller pengar. Kravet om sekstimarsdagen er så enkelt og så komplisert at det har å gjera med både tid og pengar, og dermed også med kvinners økonomiske status. Med full lønnskompensasjon betyr sekstimarsdagen auka timelønn, og dermed auka lønn for dei som arbeider mindre enn 6 timar. Den vil dessutan gjera det mogleg å ha full jobb for mange av dei som tidlegare har hatt deltid, og med det ein sterkare posisjon i arbeidslivet. Likevel ser det på kort sikt ut til at direkte krav om heving av kvinnelønna er det som får høgast prioritet hos dei kvinnedominerte fagorganisasjonane i det første tariffoppgjeret. Det er ei utfordring å halda sekstimarsdagskravet varmt medan kvinnelønna har hovudfokus.

Det finst mange slags motargument som eg ikkje har tenkt å gå inn på, som til dømes spørsmål om korleis arbeidet skal organiserast, inkludert skiftarbeid. Sånt må sjølvsagt diskuterast konkret på dei einskilde arbeidsplassane, og eg er overtydd om at det kan løysast - det er sjølvsagt ikkje meininga å laga seks timars nattevakter dersom det fungerer betre med andre ordningar. Også i dag er det visse jobbar som har unntak frå normalarbeidsdagen, og det må ein sjølvsagt ha der det er naudsynt for å få ordningar som er brukbare for arbeidstakarane.

I tillegg kan det vera verd å stilla spørsmålet om kva det betyr å ha både lønns- og arbeidstidsordningar som - iallfall til ein viss grad - tener til å halda kvinnfolk "på plass" som det undertrykte kjønnet med dei konsekvensar det har både i privatsfæren og i samfunnsmessig samanheng. Når det framleis er slik i 1996 at kvinner i snitt har vel halvparten av menns inntekt (som resultat av både deltid og lågtlønn) seier det noko om maktforholda både i samfunnet i stort og i familien. Kanskje er det der diskusjonen skal starta? Kor mange er det eigentleg som ønsker ei forflytting av makta? Kor mange menn er parat til å leva i eit samfunn der kvinner og menn faktisk har same rett til både arbeid, inntekt, makt og fritid? Korleis skal ein utfordra dei som ikkje er heilt sikre slik at vi kan bli mange nok som kan stå samla mot dei som sit med den verkelege makta?