Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Døyr nasjonane?

av Olav Randen

Røde Fane nr 3, 1995


"Verdi er ei. Det veit me. Men det er ikkje hyggjeleg å tenkja seg henne som ein einsarta masse, ho må bestå av cellor, einingar. Og då er nasjonalstaten, som Malraux hevdar, den naturlege einingi. Det er ikkje småstatane, men dei store maktblokkene som er ein fåre for verdsfreden." (Olav H Hauge 1972)

Ein nasjon er eit fellesskap tufta på sams tradisjonar, historie og åtferd, slik at innbyggjarane i nasjonen på mange område kjenner større samhøyrsle seg imellom enn med folk utanfor.

Ofte når eg har prøvt å drøfte matvaretryggleik, grensevern, nasjonal sjølvråderett og liknande spørsmål med folk som kallar seg kommunistar eller sosialistar, føler eg at eg steinhøgg. Rettnok kan nasjonsinndeling og grenser vere på sin plass under kapitalismen, meiner dei, men det framtidige, klasselause verdssamfunnet skal vere utan nasjonar og utan grenser. For det har Marx og Lenin sagt.

La oss altså sjå på spørsmålet på nytt.

Den marxistiske filosofien rommar omgrep og tenkjemåtar som gjer folk i stand til å skjøne vesentlege delar av røyndommen. Men for det om både Marx og seinare marxistar gong på gong presiserer at røyndommen er konkret og kompleks, passar på eitt vis ikkje nasjonsomgrepet inn. Eller dei har ikkje arbeidd det fullgodt inn. Marx og Engels hadde eit instrumentelt meir enn eit grunnleggjande forhold til nasjonsinndelinga. Deira hovudtanke var at det nasjonale spørsmålet er underordna arbeidarklassen sine interesser.

Hos Marx har eg ikkje funne teorien om at nasjonane døyr, klart uttrykt. Tvert om bruker han nasjonsomgrepet om det klasselause samfunnet. Marx skreiv til dømes at "i motsetning til det gamle samfunnet med dets økonomiske armod og politiske vanvidd oppstår det et nytt samfunn hvis internasjonale prinsipp vil være freden, fordi hver enkelt nasjon domineres av det samme prinsipp - arbeidet" (Karl Marx: Borgerkrigen i Frankrike).

Lenin skreiv mykje om det nasjonale spørsmålet. For han var nasjonsinndelinga ein fase i menneskesoga. Under sosialismen går fasen over, og nasjonane skal smelte saman. I 1916 formulerte han det slik: "Sosialismen har som mål, ikke bare å gjøre slutt på at menneskeheten er delt opp i små stater og at nasjonene er isolert fra hverandre, ikke bare å bringe nasjonene nærmere hverandre, men også få dem til å smelte sammen." (mi understreking - Lenin: Den sosialistiske revolusjonen og nasjonenes selvbestemmelsesrett, teser 1916.) I ein annan samanheng skreiv han: "Vi krever ... frihet for undertrykte nasjoner til å løsrive seg, ikke fordi vi drømmer om økonomisk oppstykking eller om småstatsidealet, men tvert imot fordi vi ønsker storstater eller tilnærming - ja,sammensmelting av nasjonene, men på virkelig demokratisk, virkelig internasjonalistisk grunnlag." (Lenin: Det revolusjonære proletariat og nasjonenes selvbestemmelsesrett.)

I mange samanhengar hevda Lenin også at i det klasselause samfunnet vil nasjonale skilnader og såleis nasjonalspråka døy ut, og menneska vil snakke same språket.

Altså har dei rett, dei som hevdar at det ikkje er fasittru marxisme, iallfall ikkje leninisme, å snakke om nasjonar som ei varig inndeling. Men i staden for å bruke fasit bør dei vere med på ein debatt om korvidt nasjonar er ei fornuftig inndeling.

Nasjonen, språket og det opplevde

Nasjon og stat eller land blir ofte oppfatta som det same, til dømes i omgrepet "Dei sameinte nasjonane" (United Nations). Men mange statar er fleirnasjonale og mange nasjonar tøyer seg over fleire statar. Den kurdiske og den samiske og den baskiske nasjonen er døme.

Stalin definerte nasjonen slik: "Ein nasjon er eit stabilt fellesskap av menneske som har oppstått historisk og som er danna med grunnlag i sams språk, territorium, økonomisk liv og psykisk eigenart som kjem til uttrykk i ein sams kultur." (Stalin: Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet, Forlaget Oktober 1978.) Om ein av desse faktorane vantar, er det ingen nasjon, hevda Stalin.

Men kva då med Sveits, som har fire språk, tysk, fransk, italiensk og retoromansk? Få vil meine at Sveits har i seg fire nasjonar. Og kva med Tyskland før rivinga av muren? Då hadde vest-tyskarane eit territorium og eit økonomisk liv og tyskarane i aust eit anna. Men tyskarar var dei like fullt. Og kva med palestinarane, som er fråtekne sitt landområde?

Organiseringsformene for verdas 5,5 milliardar menneske er kompliserte og let seg ikkje femne av Stalins enkle skjema. Kriteria språk, territorium, økonomisk liv og psykisk eigenart eller karakter er rettnok viktige, men ikkje tilstrekkelege og ikkje absolutte.

Andre har lagt vekt på den kollektive identiteten. Den danske teologen Nikolai Frederik Severin Grundtvig definerte eit folk slik:

Til et folk de alle høre
som sig regne selv dertil
har for modersmålet øre
har for fædrelandet ild;

resten selv som dragedukker
sig fra folket udelukker,
lyse selv sig ut af næt
nægte selv sig indfødsret!

Og den franske historikaren Ernest Renan sa i tråd med dette at ein nasjon er ei dagleg folkerøysting, "une plebiscite de tous des jours".

Vi nordmenn kan kanskje etter tjue år i Danmark eller Sverige føle oss meir som danskar eller svenskar, men vi kan aldri føle oss som indarar eller tunisiarar. For vårt erfaringsgrunnlag, vår tenkjemåte, vårt grunnspråk, våre skikkar, vil alltid langt på veg vere norske. Berre ungar og folk som har levd i skjeringspunktet mellom to nasjonar, kan skifte nasjon.

Døme på det siste er folk som vel om dei vil høyre til den samiske eller den norske nasjonen.

Vi kan, når vi ikkje gir oss ut på meir enn ein omtrentleg arbeidsdefinisjon, skrive det slik: Ein nasjon er eit fellesskap tufta på sams tradisjonar, historie og åtferd, slik at innbyggjarane i nasjonen på mange område kjenner større samhøyrsle seg imellom enn med folk utanfor.

Heller ikkje språk er enkelt å definere. Seier vi at eit språk er gjensidig forståelege uttrykk, blir norsk, svensk og dansk eitt språk. Og sørsamisk og austsamisk må truleg sjåast på som to ulike språk. Snur vi på flisa og seier at språk som ikkje blir forståtte seg imellom, er ulike språk, kjem vi til at svensktalande dialektbrukarar i Helsinki-området og i Österbotten snakkar ulike språk. For dei har store vanskar med å forstå kvarandre. Ser vi på dei skånske målføra, var dei rekna som danske så lenge Skåne var ein del av Danmark. Då Skåne vart svensk, vart også målføra svenske. Men folk snakka like eins.

Vi må altså kombinere mange faktorar for å skilje språk frå kvarandre. Den viktigaste er også her oppfatninga, at om brukarane oppfattar språket som eitt språk, er det det.

Økologiske system, tre døme og ein konklusjon

La oss starte med poteten. Rundt 1560 tok sjøfararar med seg dei første potetene frå Sør-Amerika til Europa. Potetimporten endra kosthaldet mykje og gav grunnlag for større folkesetnad. På nokre hundre år hadde desse rotknollane nest etter kornet vorte viktigaste planta i kosthaldet dei fleste stader i verdsdelen. Poteten endra også samfunnsforholda. For medan krøtterhald og korndyrking kravde store areal, fjøs, reiskapar og arbeidsorganisering, kravde potetdyrking ein jordflekk, eit grev, litt gjødsel og manuell arbeidsinnsats. Spreiinga av poteten er av dei store framstega i menneskesoga. I Sør-Amerika fanst turrote på poteter. Men endå poteter vart frakta gong på gong til ulike europeiske land, kom ikkje soppen som fører til turrote, med. Den lange overfartstida og høge temperaturen på seglskutene tok knekken på han. Først då dampbåtane kom, kunne soppen klare transporten gjennom tropebeltet. Han spreidde seg snøgt til alle land der det var poteter. Mest dramatisk var raseringa av potethausten i Irland i 1845, som førte til at ein million menneske svalt i hel og like mange utvandra.

Newzealandsk flatorm, artioposthia triangulata, er fem centimeter lang og ein centimeter brei. Når han kryp i jorda, kan han smalnast og bli 20 cm lang. På oversida er han mørkebrun med skjer av fiolett, under er han lysare og brunflekka. Han er tilpassa økosystemet på New Zealand. I 1963 vart flatormen for første gong oppdaga utanfor New Zealand, og då i ein forstad til Belfast. Truleg har han kome dit med importerte planter. Dei siste åra har han spreidd seg på dei britiske øyane, til Orknøyane og til Færøyane, der han første gong vart funnen i takrennene til den torvtekte lagtingsbygningen i Torshavn. Flatormen drep byttedyr ved å vikle seg rundt dei, for deretter å gi frå seg enzym og slim, slik at dyra blir oppløyste. Så sluker han i seg sekretet. Yndlingsretten er europeisk meitemakk. Det finst meitemakk på New Zealand òg, som han ikkje et, kanskje fordi makken gjennom tusenåra har utvikla eit forsvar. Meitemakken gjer jorda porøs og opnar for at mikroorganismar og anna liv skal finne seg til rette. Flatormen har ikkje slike eigenskapar, jorda dett saman og blir på 10-15 år hard som betong og ufruktbar. Flatormen kan utryddast med gift. Men gifta utrydder meitemakken òg. Den krypande faren kan berre haldast unna med mindre handel og mindre reising.

Gulfeber er ein av den verste sjukdomane menneske kan bli råka av. Sjukdomen herja i sentraleuropeiske hamnebyar og på austkysten av Nord-Amerika i førre hundreåret. Viruset blir overført med mygg og andre insekt. Gjennom handel har to nye myggartar spreidd seg i det nordlege Sør-Amerika. Den eine kom såleis som egg i ei skipslast med brukte bildekk frå Japan til USA. Desse myggartane har utvikla resistens mot myggdrepande middel. Ein forskar hos Verdas helseorganisasjon (WHO) seier:

- Mygg med evnen til å overføre viruset er nå spredd i mange land utenom Afrika og Latin-Amerika, inkludert USA og Australia. Hva vil skje om viruset tok en gratistur med flypassasjerer fra Sør-Amerika til disse landene, hvor de riktige myggene står klar til å ta imot dem? ... Dersom vi ikke får gjort noe med disse, kan vi havne i en verdensomspennende katastrofe. (Sitert frå Sigmund Kvaløy Setreng: Naturens nei, Norsk Bonde- og småbrukarlag 1994.)

Desse tre døma, potetsopp, flatorm og gulfeber, gjeld same fenomenet, nye biologiske prosessar i fungerande økologiske system. Døma kunne forfleirast nærast i det endelause, med aids, ebola, malaria, tuberkulose osv. som menneskesjukdomar. Når ein organisme kjem inn i eit anna økosystem, kan han skiple jamvekta i systemet. Organismen er utan naturlege fiendar og kan difor spreie seg svært snøgt og stundom setje heile systemet i ulage. Dei nye biologiske prosessane kan vere langt meir dramatiske enn den kjemiske ureininga miljøvernarar så langt har vore mest engasjert i. For oljesøl til dømes kan vanlegvis fjernast. Men når nye biologiske prosessar først er komne i gang, er dei irreversible.

Døma viser òg tempoendringane når verda har vorte opnare. Med seglskipa kom poteten, men turròte-soppen kom først med dampskipa. Med snøgtgåande lastebåtar kjem flatormen og nye myggslag. Og med jetflyet kjem gulfeberviruset. Til meir omfattande den globale transporten er, til meir ope ligg verda for flytting av organismar.

Dersom vi trur at i framtidssamfunnet vil mennesket meistre og styre naturen som menneske meistrar og styrer maskinar, følgjer at innbyggjarane også vil vere i stand til å meistre slike problem, kunstgjødsel mot avlingsnedgang, gift mot ugras, DDT mot malariamygg, antibiotika mot bakteriar osv. Eit slikt, utviklingsoptimistisk syn kan vi finne belegg for hos marxistiske teoretikarar. Engels skreiv om tida etter den proletariske revolusjonen: "Menneskene som nå endelig er blitt herrer over sine egne samfunnsmessige forhold, blir dermed også herrer over naturen, de blir herrer over seg selv, - de blir frie." (Friedrich Engels: Sosialismens utvikling fra utopi til vitenskap.)

Og sovjetsamfunnets lærebok i marxisme-leninisme frå 1962 blir avslutta med ein artikkel frå vitskapsmann og medlem av Sovjetunionens vitskapsakademi V. A. Obrutsjev, der han meiner at under kommunismen vil levealderen bli 150-200 år, at infeksjonssjukdomar blir utrydda, at menneska kan ale opp dyrerasar og avle planteslag som veks raskare og gir meir mat, at folk greier å meistre klimaet "og å regulere vind og varme slik som en i dag greier å regulere elveløp, drive bort skydekket og etter eget forgodtbefinnende framkalle regn eller godvær, sne eller hete".

Denne utviklingsoptimismen er likevel ikkje spesifikt marxistisk. Liknande idear møter vi hos nordamerikanske og vesteuropeiske etterkrigspolitikarar og -filosofar milelangt frå marxismen.

Men stadig fleire signal tyder på at menneske ikkje er og ikkje er i stand til å bli herrar over naturen. Rettnok påverkar menneskeleg aktivitet til dømes vind og varme, men på måtar som er skadelege og tek frå oss kontroll, drivhuseffekten fører til global oppvarming og meir uroleg ver. Vi må i staden sjå oss som delar av naturen. Eit slikt syn inneber også at einaste måten vi kan unngå eller kontrollere flytting av organismar til nye økosystem på, er med å redusere flytting, reising og varetransport gjennom å oppretthalde grenser og grensekontrollar.

Om transport av folk og varer

Vi kan sjå på nokre døme:

Dette kan ikkje vare. I framtidssamfunnet må transporten av folk og varer reduserast. Produksjonen må skje meir lokalt og nasjonalt, og internasjonal kontakt må reduserast til det nødvendige. Reisinga må byggjast ned og prioriterast etter behov og ikkje etter pengebok. Økologiske flyktningar, som ikkje har nokon stad å vende attende, må prioriterast framfor politiske flyktningar, politiske flyktningar framfor internasjonal møteverksemd og internasjonal møteverksemd framfor turisme.

Ei ressursknapp verd

"Med kornavlinger som er i ferd med å flate ut i mange land, med nasjonale fiskefangster som antagelig ikke kommer til å øke særlig, hvis vi i det hele tatt skal få oppleve noen økning, og med beitemark som er grovt overbeitet i de fleste land, er det nå tvingende nødvendig å få en vurdering av hvert lands bæeevne. Hvis ikke er det en reell fare for at den del land blindt vil fortsette med å overskride bæreevnen når det gjelder mat," skriv Lester R. Brown i 1994-rapporten frå Worldwatch Institute.

La oss sjå på nokre tal: Vi er 5,5 milliardar menneske på kloten. Truleg vil folketalet flate ut på rundt 10 milliardar om 40-50 år. Verdas matproduksjon skjer i hovudsak frå tre kjelder, hava, beitemarkene og kornåkrane. Fiskefangstane i verda gir 19 kilo pr. person. Taket er truleg nådd. Marinbiologar frå FAO meiner hava ikkje kan gi ei større avkastning dersom dei skal halde bestandane ved like. Om dette er rett, betyr det med venta folkeauke at vi om 40 år vil ha 11 kilo fisk pr. person. Overbeiting, forørkning, nedbygging og dyrking gjer at det ikkje lenger er grunnlag for å vente auka matproduksjon frå beite. Frå 1950 til 1984 voks kornproduksjonen i gjennomsnitt med tre prosent. Meir dyrka jord, betre produksjonsmetodar og meir kunstgjødselbruk er forklaringane. Men når jorda har fått ei viss mengd kunstgjødsel, veks ikkje avlingane lenger. Folk og vegar og verksemder og kjøpesentra og flyplassar og menneskeskapte ørkenar krev stadig meir av den dyrka jorda. Frå 1985 til 1990 voks kornproduksjonen med rundt en prosent årleg. Når innbyggjartalet voks med 1,7 prosent, minka korntilgangen pr. innbyggjar frå 344 kilo i 1984 til litt over 300 dei siste åra.

Om vi skal vere i stand til å brødfø verdas 10 milliardar i år 2040, vil vi ha bruk for alle dei matressursane kloten har. Det er ikkje industrisamfunnas standard-agronomi i stand til. Det er vi berre i stand til om vi nyttar heile mangfaldet av driftsmåtar og tilpassingar og kunnskapar som finst.

Folk har røter

Det er tre og ikkje folk som har røter, er ei ofte nytta spissformulering som Salman Rushdie visstnok er opphavsmann til. Mange norske radikalarar kallar seg sjølve verdsborgarar og bruker den negativt lada nemninga nasjonalistar om folk som vil oppretthalde nasjonane og er opptekne av identitet og røter.

Men alle andre dyr enn menneske er tilpassa visse økosystem og ikkje alle økosystem. Dei har altså røter. Er så dyrearten homo sapiens eit unntak, som er tilpassa livet overalt på kloten?

Det finst skilnader. Inuiten har trongare naseborer og augneopningar enn søreuropearen. Nordafrikanaren har sterkare pigmentproduksjon enn skandinaven og ei hudfarge som toler meir sol. Tropesjukdommar råka kolonisatorane og ikkje dei innfødde. Problem kan vinnast over, anorakk med ulveskinnshette - til dess ulven er utrydda - mot grønlandsvind, vaksinar i hopetal mot sjukdommar - til dess bakteriane utviklar resistens, og hudkrem med solfaktor 30 mot ørkensola. Men problem står att. Ingen stad i verda er hudkreft så hyppig som i Australia. Ikkje blant urinnbyggjarane, dei toler sola, men blant fleirtalet, innflyttarane frå Europa som er tilpassa livet i eit anna klima og under ei veikare sol.

Menneske er altså liksom andre organismar tilpassa livet på ein del av kloten. Tilpassinga har skjedd gjennom titals og hundretals generasjonars "survival of the fittest". Inuitane overlevde på Grønland, medan dei norske innvandrarane i vikingtida ikkje greidde seg i klimaet, slik at innvandrarkolonien gjekk under, truleg på 1300-talet.

Viktigare enn fysisk ulikskap er likevel kulturelle skilje. Nokre år attende var eg med ei gruppe innvandrarar frå byar i ulike tredje verda-land på arbeidstrening i heimbygda mi. Smør niste, sa vi, og dei kom med ei cola-flaske og ein pose potetgull. Og heldt ut halve dagen. Altså måtte vi forklare at norsk natur og difor norske arbeidsskikkar er slik at vi ikkje kan gå heim eller på kantinen til lunsj, at nistepakka, termosen og ryggsekken er viktig arbeidsutstyr, og at ryggsekkmeisen og ostehøvelen er norske oppfinningar som er til nytte.

Vi med fysiske og kulturelle røter i dette landet er altså best tilpassa liv her. Blir ikkje konsekvensen eit Noreg for nordmenn? Ja, på det viset at vi nordbuar har rett til dette landet framfor andre. Liksom mongolar har ein heimstadrett framfor oss til Mongolia og har ein fysikk og ein kultur som gjer dei betre i stand til å tole ørkensola. Ja, også på det viset at vi bør ha ei styrt innvandring framfor ei ukontrollert innvandring. For berre den styrte innvandringa kan bli økologisk forsvarleg. Difor bør vi i staden for å setje vidopne grenser opp mot stengde grenser diskutere prioritering og omfang. Hovudtankar i den debatten bør vere at omfanget kan fleirdoblast i høve til i dag fordi dette landet har velstand og apparat til å ta imot fleire og at vi ut frå det eg tidlegare har nemnt, bør prioritere etter behov.

Demokrati i ei grenselaus verd?

Demokrati krev oversynlege einingar. Vi kan i Noreg diskutere kristen etikk eller konfirmasjon av femtenåringar eller Hamsuns nasisme eller EU-medlemskap, og diskusjonen vil gå landet over.

For vi har eit felles offentleg rom. Difor kan vi òg lage felles styringsreglar for nasjonen Noreg, og vi kan ha eit demokrati.

Det er råd i eit land med 400.000 eller 4 millionar eller kanskje 40 millionar innbyggjarar. Men det går ikkje i eit land med 400 millionar innbyggjarar. Skilnadene mellom folk blir for store. Avstandane til styringsorgana blir til kløfter.

Demokratiet vil uunngåeleg bli erstatta av elitestyre i einingar som USA, EU, India og Kina. Mykje talar for at desse landa bør delast og at til dømes den sør-amerikanske løysinga med mange land er meir framtidsretta enn den nord-amerikanske med USA som det store.

La oss tenkje oss at nasjonane ikkje hadde eksistert, og at vi, lesaren og skrivaren, hadde teke på oss å lage eit framlegg til inndeling av verdas 5,5 milliardar innbyggjarar for å få ei fornuftig hausting av naturen, høvelege arbeidsfellesskap, område folk er tilpassa og i stand til å utnytte, sosialt gode samfunn og eit godt grunnlag for samarbeid mellom samfunn i verdsdelar og globalt.

Korleis hadde vi då gjort det? Ei inndeling av globusen i ruter, ti tusen kvadratmil pr. eining, hadde gjort Nederland til ein brøkdel av ein stat og Grønland til fleire statar. Ei inndeling etter innbyggjartal, tretti millionar pr. stat og 180 statar på kloden, hadde vorte like firkanta, splitta folk som høyrer saman og ført saman folk med lite grunnlag for fellesskap.

Nei, vi måtte kombinere ei rekkje faktorar, geografi, historie, oppfatningar, språk, levesett. Vi måtte foreslå små og store statar. Framlegget hadde ikkje vorte så ulikt dagens inndeling. Island hadde vorte ein stat endå øya har berre ein kvart million innbyggjarar. Kanskje hadde Østfold vorte svensk eller Bohuslän norsk, eller grensa langs Kjølen hadde vorte udregen. Men grensa mot Finland ville bli omtrent som no av omsyn til språkskilnader, og Skagerak hadde vore ei naturleg geografisk grense. Kanskje eit eige Sabmi, Sameland. Heile Irland hadde vi foreslått som ein stat, men kanskje hadde vi gått inn for Wales og Skottland som eigne statar. Slik kan vi halde fram kloten rundt.

Tankeeksperimentet viser at hovudtrekka i den statsinndelinga vi har i dag, ikkje er så dumme. Trass alle grense- og borgarkrigar lever fleirtalet av verdas folk innanfor fornuftige statsgrenser.

Det globale språket

Ein gong prøvde menneska å byggje eit tårn som nådde til himmels, fortel første Mosebok. Dette skjedde i byen Babel. Då sa Vårherre stopp, gjorde det slik at menneska fekk kvart tungemål og sende dei til alle verdas kantar. Blar vi noko lenger utover i Bibelen, møter vi følgjene av Vårherres avgjerd. Kong Ahasverus rådde over eit storrike frå India til Etiopia, og han gifte seg med jødekvinna Ester. Ein av dei fremste hovdingane hjå kongen, Haman, ville drepe alt jødefolket og sende melding om det i kongens namn, men dronning Ester og slektningen hennar, Mordekai, fekk Ahasverus på betre tankar. Dei fekk fullmakt til å skrive brev i kongens namn "til jødane og til jarlane og landshovdingane og fylkesstyrarane frå India og til Etiopia - hundrad og sju og tjuge land - til kvart land i den skrifti dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala, og til jødane òg i deira eigi skrift og i deira eige mål." (Det gamle testamentet, Esters bok, kapittel 8, vers 9.)


Heile verda hadde eitt språk og same tungemålet. Då folk tok ut frå aust, fann dei ein brei dal i Sinear-landet, og der slo dei seg ned. Dei sa til kvarandre: "Kom, lat oss laga teglstein og brenna han velk!" Dei bruka tegl til murstein og jordbek til kalk. Så sa dei: "Kom, lat oss byggja ein by med eit tårn som når opp til himmelen, og gjera oss namngjetne, så vi ikkje vert spreidde ut over heile jorda!"

Då steig Herren ned og ville sjå på byen og tårnet som menneska bygde. Og Herren sa: "Sjå, dei er eitt folk, og alle har dei same tungemålet. Dette er det fyrste dei tek seg føre.

No vert ikkje noko umogeleg for dei, kva dei så finn på å gjera. Lat oss stiga ned og vidra tungemålet deira, så den eine ikkje skjønar kva den andre seier!" Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen. Difor kalla dei han Babel. For der vildra Herren tungemålet for heile verda, og derifrå spredde han dei ut over all jorda.

Første mosebok, kapittel 11

Eit språkleksikon hevdar at det finst 4.774 språk. Eit anna bruker talet 6.000. Altså har gjennomsnittsspråket rundt ein million brukarar. Men det er vanskeleg å snakke om gjennomsnitt når det gjeld språk. Mange av småspråka på Papua Ny Guinea og i Indonesia har nokre titals brukarar, medan 12 språk har over 100 millionar brukarar, mandarin eller kinesisk såleis vel 900 og engelsk nesten 500, men attåt svært mange som har språket som andrespråk.

Av europeiske land er truleg Portugal det einaste eittspråklege. Berre i EU er rundt 50 språk i dagleg bruk. I Frankrike til dømes er fransk offisielt mål, men katalansk, baskisk, korsikansk, oksitansk, tysk, letzeburgersh og nederlandsk blir også brukte. I Spania er katalansk på veg til å få offisiell status jamsides det kastiljanske språket. Attåt blir baskisk, galisisk og asturisk nytta. Noreg sør for Sameland er eittspråkleg, men på Nordkalotten finst frå gammalt mange som meistrar både samisk, finsk og norsk.

Det største språkmangfaldet finn vi blant urfolk i eit fåtal land. Ni land, Papua Ny Guinea, Indonesia, Nigeria, India, Kamerun, Australia, Mecico, Zaire og Brasil har til saman 60 prosent av verdas språk. Dei 3 millionane øybuarar i det sørlege Stillehavet snakkar 500 språk.

Hadde det ikkje vore enklare å gå attende til stoda før Babels forvirring med same språket i radiokanalar verda over, i aviser, i litteraturen og folk imellom? Somt tyder på at det går den vegen, eller iallfall at det blir færre språk. Språkforskaren Michael Krauss hevdar såleis at halvdelen av verdas språk vil bli borte dei neste hundre åra. Berre 300 språk har den tryggleiken at dei blir snakka av minst ein halv million menneske.

Gjer det noko? Eg vil svare omveges med å gå attende til biologi og matforsyning. Dei siste åra har naturforskarar fokusert mykje på at industrisamfunnet riv grunnen unna det biologiske og økologiske mangfaldet, planter, dyr, mikroorganismar, variasjonar innanfor desse og heile økosystem blir borte. Vi har ingen rett til og ikkje grunnlag for å avgjere i dag at framtidssamfunnet skal vere utan dette, sa til dømes FN-konferansen om miljø og utvikling i Rio de Janeiro våren 1992.

Slik også med språk. Kvart av dei 4.774 språka kan innehalde kunnskapar og innsyn som kan vere av uvurderleg verdi for framtidssamfunnet. Språka er det viktigaste kulturelle uttrykket og eit skattkammer for overlevert tenking. Kvart av språka kan gi grunnlag for kulturell skaping og vekst på måtar som hadde vore utenkjelege med eit globalt standardspråk. Og vi veit ikkje i dag kva framtidssamfunnet vil spørje etter. Urfolk "besitter en samlet økologisk kunnskap - preget i språk, skikker og overlevelsesteknikker - som er fullt på høyde med den samlede kunnskapen i moderne vitenskaplige biblioteker", seier forskar Alan B. Durning ved Worldwatch-instituttet.

Eit språk er meir enn ei samling ord. Orda, uttrykksmåtane og melodien i språket reflekterer ein felles tenkjemåte. Difor kan ikkje språket skiftast ut på same måten som ein skifter skjorte eller bil, det opplever språkomsetjarar kvar einaste dag.

Raknar språket, raknar eit folks kultur

Spørsmålet er sosialt. Hadde vi hatt patentløysinga på korleis framtidssamfunnet skal organiserast, slik kanskje Marx og truleg Lenin meinte dei hadde, kunne vi ha gått inn for å støype alle samfunn om i den forma. Men vi har ikkje nokon slik støypeform.

Framtidssamfunna må formast gjennom eksperiment, prøving og feiling, gjennom å hente noko frå ein kultur og noko frå ein annan. Då lyt vi ta vare på dei kulturane og dei språka vi har.

Konklusjonar
  1. Det er ikkje grunnlag for den utviklingsoptimismen som finst hos dei marxistiske klassikarane. Mennesket er og blir verande berre ein del av naturen og må finne seg i å dele ressursane med andre skapningar.
  2. Liksom det finst og må finnast grenser mellom økologiske system, er det også i framtida bruk for grenser mellom menneskesamfunn og ein moderat og regulert og ikkje ein fri kontakt på tvers av samfunna. Tanken om ei grenselaus framtid er økologisk uansvarleg.
  3. Menneske har røter. Menneske i ulike delar av verda er tilpassa lokale naturvilkår og fungerer best innanfor desse.
  4. Demokrati krev relativt små og oversynlege einingar. Nasjonalitetsprinsippet og nasjonalstatane kombinert med eit sterkare internasjonalt samarbeid er den beste organiseringsmåten i framtida. Eit grenselaust verdssamfunn vil ikkje kunne bli demokratisk.
  5. Ei ressursknapp verd treng heile mangfaldet, alle kunnskapane og alle språka menneska har utvikla. Tanken om at språka skal erstattast av eit framtidig verdsspråk må avvisast.
  6. Vi har ikkje grunnlag for å hevde at nasjonane vil døy og nasjonsgrensene bli viska ut i framtida. Og vi bør ikkje arbeide for at det skal skje.

På desse områda må marxismen og endå meir leninismen bytast ut med økologisk betre fundert tenking.