Røde Fane nr 3, 1995

Røde Fane nr 3, 1995

Nr 129 - årgang 24
Til årgang 1995

Røde Fanes hjemmeside

Kontakt oss!
Artikkeloversikt sortert på tema
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Ting eit prøvenummer!
Ting eit abonnement!

Til heimesida til AKP

Redaksjon for dette nummeret: Erik Ness (redaktør), Tor Otto Tollefsen, Eva-Lill Bekkevad, Magnus Bernhardsen, Kjersti Røhme, Taran Sæther, Birger Thurn-Paulsen, Johan Petter Andresen og Ola-Jacob Sønsthagen.


Leiar

Med dette nummeret av Røde Fane, har redaksjonen og lesarane faktisk nådd ein viktig milepæl. Da AKP bestemte seg for å relansera Røde Fane hausten 1993 etter ei tid med noko sporadiske utgjevingar, stilde vi oss som mål å laga det "nye" Røde Fane med regelmessige utgjevingar 4 gonger i året. Det nummeret du held i handa, er det åttande, og vi er faktisk i rute!

Til nå har bladet vore fyld med ei blanding av tilfeldig innsendt stoff, artiklar vi har komme over i andre fora som vi har tenkt vil interessera våre lesarar, og noko førehandstinga stoff om tema vi har ynskt å prioritera. Men innhaldet frå nummer til nummer kan ha verka noko tilfeldig samansett.

No er det på tide å leggje planar for å utvikle retninga og det politiske innhaldet i dette tidsskriftet. Vi må leggje meir langsiktige planar for kva debattar og områder som dette bladet må konsentrera seg om og vil utvikle i tida som kommer. Verda vert garantert ikkje noko fredelegare plass dei næraste tiåra.

Kva vil vi? Røde Fane blir utgjeven av AKP. Det har opplagt ein del å seia for redaksjonens politiske ståstad. Men Røde Fane - og AKP - ynskjer dialog og debatt med alle som ynskjer å vera i dialog med oss. Usemja er stor, både i og utafor AKP, men mangt er vi samde om óg. Lat oss taka debatten og sjå om vi har noko å læra av kvarandre.

Meir enn nokon gong treng marxistar, revolusjonære sosialistar og kommunistar å søkje svar på dei verkelege problema i verda. Vi ynskjer å vera eit forum for kunnskap, teori og debatt som ingen på den norske venstresida kommer utanom. Vi ynskjer å vera eit forum som stimulerer til fordjuping og utvikling av naudsynt marxistisk teori og analysar. Den slags kunnskap som trengst - ikkje berre for å forklåre verda - men for å endra ho.

Vi ynskjer at bladet skal sjåast i landskapet, på gata, i demonstrasjonar, der vi møter einkvan. Vi ynskjer at fleire tar blekka med seg på kantinane, i fagforeiningane, på trikken og at det blir lest og brukt som utgangspunkt for fruktbare diskusjonar.

Til dette treng vi ressursar. Ikkje berre pengar - men folk som tenkjer og skriv og vil dela tankane sine med oss. Vi trenger lesarar og brukarar i mange miljø - ikkje berre dei som høyrer til Arbeidaranes kommunistparti. Vi treng større breidde i stofftilfanget - og fleire som er viljuge til å krangla i spaltene våre. Vi treng fleire friviljuge redaksjonsmedlemmar (- særleg kvinnemiljø og radikale ungdommen er dårleg representert). Vi treng folk som les og kan skriva om nyttig politisk litteratur.

Og vi treng sjølvsagt pengar for å gje ut blekka. Da må vi verve abonnentar. Kanskje du kjenner ein?

Vi veit at du er der også, du som les Røde Fane i smug. Om du sender nokre kroner til vår postgiro, har du sikra deg god lesing i framtida óg.


Baksideillustrasjon:

Baksidebilde: Annonse for Lotus margarin

Annonse i Erling Falcks bok Racerne - menneskenes fordeling over jorden, utgitt av Arbeidernes Aftenskole i 1925.