Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Bokomtale

Teori for begynnere

av Magnus Bernhardsen

Røde Fane nr 2, 1995

John Max Pedersen: Marxisme og leninisme - for begyndere
Forlaget Arbejderen, ISBN 87-89599-17-9


Arbeidaranes kommunistparti er no inne i ein partibyggjande fase. Studier vil verte ein naudsynt og grunnleggjande del av det arbeidet. Om vi ikkje er "begyndere" kan det ha mykje for seg å friske opp att dei gamle læresetnadane i marxismen og leninismen.

Danmarks Kommunistiske Parti/Marxist-Leninisterne tykte også ein slik oppfriskning ville vera sunt, og bad forfattaren John Max Pedersen (1942-92) skrive ei folkeleg framstilling av marxismen-leninismen. Han skulle leggje serleg vekt på å sameine dei ålmenne grunnsetnadane med døme frå dei danske røynslene og tilhøva. Boka til Pedersen kom i 1985, og vart nytta til skolering innafor partiet. I 1991 avgjorde partileiinga å gje boka ut og gjera ho offentleg. Pedersen ynskja å gjera ein rad med rettingar og endringar, men han døydde før han fekk gjort arbeidet sitt ferdig. Denne utgava er difor i det heile den same boka som vart nytta i 1985.

Kva kan så vi her i Noreg hente frå denne boka? Sjølv likte eg ho svært godt. Eg følte rett som det var at eg var på studiering for fyrste gong att. Det er ein fryd å lese ei bok om politisk teori skriven av ein som til vanleg skriv skjønnprosa. Boka er spekka med fantasifulle døme og bilete. Ho har mange nye vis å syne fram gamle idear på.

Oppbygginga er i stor grad slik både AKP og Raud Ungdom sine studieringar har vori. Tre delar: Filosofi, økonomi og sosialisme samsvarar med gangen i våre eigne bøker. Innafor desse hovudbolkane handsamar Pedersen ei rekkje ulike spørsmål. Her skil partia våre seg på ein del område. Til dømes er kvinnespørsmålet plassert saman med rase- og aldersdiskriminering i avsnittet "Kunstige politiske modsætninger".

Handsaminga tek først og framst opp spørsmålet om den borgarlege feminismen som ikkje vil at kvinner tek del i klassekampen. Ikkje noko om serskild kvinneorganisering, kvinnekamp i klassekampen og så bortetter.

Maoismen er med i bolken "Afsporinger" som tek føre seg feilstega innafor marxismen-leninismen. Slik vert han handsama:

"Maoismen har været virksom i Kina fra længe før 1949 og den revolutionære magtovertagelse, men har ikke voldt megen skade, så længe det var den borgerlige demokratiske revolution, der stod på dagsordenen. Siden har den været en kim til råddenskap i den nye marxistiske-leninistiske bevægelse, der utviklede sig på ruinerne af de gamle Moskva-revisionistiske partiene. Maoismen er gennemsyret med filosofisk idealisme, det er en småborgerlig strømning, der underordner proletariatet under bønderne, som operer med fejlagtige pluralistiske ideer for den ideologiske udvikling af samfundet, som rummer en solid sjat liberalisme på alle områder, og som ikke mindst har forvoldt stor skade med sin teori om "de tre verdner". Denne forvrængning af modsætningerne i verdensmålestok afsporer fuldstændig den revolutionære bevægelse, hvor teorien tages i anvændelse."

Dei fleste har vel no fått nokre idear om usemjene mellom "oss og dei".

Boka oppmodar heile tida til å lese vidare på eigen hand, og forfattaren kjem med framlegg til kva for bøker ein bør lese. Dette er sers positivt, tykkjer eg. Ein lærer sjeldan så mykje som når ein les originalbøkene. For dei som ynskjer å lese seg til eit grunnlag for eigne meiningar, lyt boka vere ein god start. Ein kan kjøpe ho hjå Tronsmo bokhandel, eller tinga ho frå Forlaget Arbejderen.