Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Bokomtale

Biji Kurdistan!

Røde Fane nr 2, 1995

Lars Julin og Magnus Bernhardsen: Biji Kurdistan
Oslo, Rød ungdom, 1995, 39 sider, ISBN 82-992848-6-4


Overskrifta er namnet på eit nytt hefte om Kurdistan og det kurdiske folket sin strid for fridom. Det kurdiske namnet tyder "Leve Kurdistan!" og er eit kjend slagord frå den kurdiske oppreisten. Røde Fane har snakka med forfattarane av heftet, Lars Julin og Magnus Bernhardsen.

- Nyhende om tilhøva i Kurdistan kjem no hyppigare enn nokon gong sidan Golfkrigen. Det kan vera vanskeleg å skjøne kva som hender ut i frå dei stutte meldingane "frå kjelder i det tyrkiske militæret". For deg som ynskjer å få eit overblikk over stoda i Kurdistan og dei politiske linene som ligg til grunn for hendingane der, kan dette heftet vera til stor hjelp, seier dei.

Heftet opnar med ein generell presentasjon av Kurdistan. Kva veks der, kven bur der, kor mange kurdarar finst det, kva slags mål er kurdisk med meir. Så fylgjer ein bolk om soga til kurdarane i alle underkuarstatane. Partiya Karkeren Kurdistan, PKK, som leier den kurdiske nasjonale frigjeringsstriden vert handsama i eit eige kapitel.

- For oss har det vore viktig å gje lesarane eit breitt oversyn over stoda i Kurdistan, og soga til kurdarane. Heftet er ikkje eit "debatthefte", men inneheld nok kontroversielle standpunkt. Vonaleg vil dei som les heftet verte inspirerte til å handle. Vi ynskjer at solidaritetsarbeidet vert bedra, og oppmodar folk til å ta kontakt med samstende-rørslene.

Magnus og Lars var på ein studieferd i Kurdistan før dei skreiv heftet.

- Vi var i eit hersatt land. Eit stort fengsel. Mellom anna vart vi sette i hotellarrest i byen Cizre. Vi skjønar at Tyrkia ikkje ynskte utlendingar der. Dei har tømd byen for fridomshungrige kurdarar og fylt han med quislingar og samarbeidsfolk - og politi, militære og spesialstyrkar. Vi var og med på opninga av "rettssaken" mot dei seks DEP-parlamentarikarane. Heile dagen vart nytta til å lese opp nokre hundre sider av anklagen mot parlamentarikarane.

Både Magnus og Lars er aktive i solidaritetsarbeid her heime og arbeider i komiteen Kurdaranes Vener. Magnus er leiar i Oslo-avdelinga, medan Lars er leiar i Oslo Raud Ungdom.

Heftet er gjeve ut av Raud Ungdom med stønader frå Norad og Studieforbundet Ny Verden, og kan tingast frå Raud Ungdom.