Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Bedehuset, Stalin og
det konsekvente demokratiet

av Olav Randen

Røde Fane nr 4, 1994


Dei rette tankane kjem nedanfrå, ikkje ovanfrå eller utanfrå. Slike tankar vart forståtte i Noreg. Dei møtte tradisjonane frå det samfunnet Tacitus skildra og Grundtvig og Hans Nielsen Hauge vidareutvikla. Men den unge m-l-rørsla forstod ikkje sjøl desse banda.

Bedehuset ligg på ein furumo midt i bygda. Det vakre tømmerhuset vart bygt på dugnad sist i tjueåra. Utan innlagt vatn og med utedo var det for gammaldags, slik at det nyleg er reist eit tilbygg med toalett, dusjrom og kjøkken. Kommunen har gitt eit lite tilskot, arbeidet er gjort på dugnad, og bygdefolk har gitt pengar og materialar. I over seksti år har bedehuset vore kvitt. Då tilbygget kom, skulle heile huset målast. Bedehusstyret møttest og drøfta målinga. Eit styremedlem ville at huset skulle målast raudt. Somme ville ha det kvitt som før og som bedehus skal vere, andre var usikre. Noko vedtak vart ikkje gjort.

Tilhengjaren av raudt bedehus, vi kan kalle han Knut, drøfte saka med kona til ein av dei andre styremedlemene. Ho er dansk og har difor ikkje vår tradisjon med kvite bedehus i blodet. Ho var samd i at huset burde bli raudt. Ho greidde, iallfall nesten, å overtyde mannen sin. Knut kjende bygdefolket, både deira synsmåtar og fargesans, og var overtydd om at viss raudmålinga først kom på huset, ville folk like det. Men han visste like godt at det var godt som uråd å få gjennom eit vedtak i bedehusstyret om raudfarge. Han tok difor saka i eigne hender. Han kjøpte raudmåling, brekte om og kom fram til eit engelskraudt nokså nær den farga vi kjenner frå mange svenske gardshus. Så byrja han å måle på baksida av huset der ingen såg, inni krokar og oppunder taket.

Då folk vart vare kva han dreiv med, kunne dei gå attom huset og sjå på fargen. Det såg bra ut. I tillegg kom at Knut hadde lagt ned så mykje arbeid med målinga at om dei ville tvihalde på kvitfargen, ville deira eigne dugnadstimar med overmåling bli mange. No er bedehuset raudt. Knut vurderte sambygdingane sin fargesans rett. Alle er nøgde, og ingen ønskjer kvitfargen attende. Vi kan difor forsvare framgangsmåten. Resultatet vart bra. Knapt nokon vil protestere på at bedehuset er vakrare enn før. Dessutan gjorde Knut mykje av dugnadsarbeidet.

Men raudfargen har kome gjennom eit kupp. Det demokratiske organet, det medlemsvalde bedehusstyret, vart skuvt til sides. Medlemene har ikkje fått medverke, dei har ikkje fått den øvinga i demokrati og den opptreninga av fargesansen det ville vere å drøfte gjennom og votere over spørsmålet. Kuppmakar Knut vurderte truleg rett, både at sambygdingane ville like raudfargen og at fargeendringa ikkje kunne gjennomførast på demokratisk vis. Med demokrati hadde huset vorte verande kvitt - og styggare. Men kva orn han hadde vurdert feil? Når eksperten eller den med avgjerdsmakt kjem i konflikt med folks syn og likevel pressar si forståing gjennom?

Eit liknande val stod Josef Stalin og Sovjetunionens kommunistiske parti (bolsjevikane) framfor i tredveåra. Les vi til dømes 1938-utgåva av SUKP(b)s historie, ser vi at dei analyserte opprustinga i Tyskland og krigsfaren skarpt. Dei visste at om få år kunne Hitler gå til åtak pa Sovjetunionen. Og dei måtte treffe mottiltak.

Dei satsa på tungindustri og våpenproduksjon, på års- og femårsplanar og stadig strammare produksjonsmål. Dei satsa endå om folk flest var motviljuge, ikkje hadde det innsynet leiarane sat med og oppfatta satsinga som tvang og sentraldirigering.

I ettertid er det lett å forsvare omlegginga. SUKP vurderte rett, Tyskland var svanger med okkupasjonar og verdskrig. Satsinga på tungindustrien, om folk var aldri så lite mogne for det, måtte til for å stogge Hitlers tusenårsrike. Men ser vi på seinare krigsrøynsler, til dømes i Kina og Indokina, ser vi at med massemobilisering og geriljakrig kan eit lite land slå eit stort og eit fattig land eit rikt. Om Stalins militærekspertar ikkje kjende desse sidene ved militærvitskapen og om dei dels ikkje var utvikla, kan vi likevel seie at innsynet kunne ha vakse gjennom krigsåra, og at det altså fanst alternativ til Sovjets satsing på tungindustri, på artilleri og tradisjonell stillingskrig.

Vinteren 1988-89 starta ein debatt i AKP(m-l) om valarbeidet framover. AKP og RV kan bli vekkraderte, vi må tenkje nytt og dristig, hevda Tron Øgrim og fleire og lanserte ideen om ei samla venstreside. Dette vart med kvart til Fylkeslistene for miljø og solidaritet (FMS). RV hadde ein del sympatisørar. Men dei var forhindra frå å vere med i debatten. For RV var ingen medlemsorganisasjon. Ulikt alle andre parti i Noreg hadde ein annan organisasjon, AKP, bukta og begge endane. Dei tre døma, bedehuset, Sovjets tungindustrisatsing og AKPs satsing på Fylkeslistene for miljø og solidaritet har noko sams. Dei handlar om avgjerder tekne av betrevitarar på vegner av folket.

Om nordiske demokratitradisjonar rundt år 80 etter Kristi fødsel skreiv den romerske historikaren Tacitus om Germannia. Germanarane lengst mot nord hadde den merkelege vanen at når dei var usamde, samlast dei i store flokkar, menn og kvinner, og diskuterte og skjente til dess dei samdest.

Går vi tusen år frametter i tid, er kvinnene ute or biletet, og trælane har minimal innverknad. Men framleis er det slik i nordiske land at bønder vel kongar, avset kongar dei er usamde med og kan drepe kongar som ter seg dårleg. "Kongen skal råda for bod og bann og for utferdene våre. Me skal ikkje nekta han leidang til landsenden, når han byd ut, fordi han treng det og til gagn for oss," heiter det i Gulatingslova. Og om kyrkja: "Me har avtala med biskopen vår at han skal yta oss teneste."

"Kvifor hadde den norske mellomalderbonden ei så sjølvstendig stilling? Vår påstand er at skilnaden mellom bondekåra i Norge og Frankrike/England på 1000-talet i all hovudsak kom av ein skilnad i makt," skriv historikaren Kåre Lunden og har for så vidt rett. I Frankrike og England hadde herskarane hærar som kunne tukte folket. I Noreg hadde bøndene hærmakta. Men kvifor var det slik? Forklaringa må søkjast i to faktorar: Eit landskap med vilt i skog og fjell, med fisk i havet og med små og spreidde åkerlappar mellom åsar og i lier kunne gi levebrød av eige arbeid, men det kunne ikkje gi rikdom. Difor fekk vi ikkje føydaladel og leilendingar. Den andre faktoren er retts- og demokratitradisjonane frå Tacitus si tid. Fisken i havet og vanlegvis viltet i skog og fjell har vore allemannseige, bær, urter og sopp likeså. Den norske bonden har vore gardbrukar og ikkje gardeigar, først i dette hundreåret er nemninga grunneigar kome inn i norsk rettstradisjon som importgods fra romarretten. Konsesjonslovene og krava om bu- og driveplikt i landbruket er ei vidareføring av dei gamle rettstradisjonane. Om ein britisk landowner finn verdifulle mineral på sin eigedom, er dei hans. Om ein norsk finn mineral, tilhøyrer dei samfunnet, medan han sjølv berre får erstatta inntektstapet ei utvinning kan gi han.

Vi kan gjere eit nytt sprang framover frå 1000-talet og til hundreåret føre dette. Denne tida vil eg kommentere med å nemne tre personar: ein lekpredikant, ein prest og ein forfattar. Hans Nielsen Hauge (1771-1824), Nikolai Frederik Severin Grundtvig (1783-1872) og August Strindberg (1849-1912), ulike, men likevel like på det viset at dei såg samfunnet nedanfrå og at dei hadde tillit til folk flest. Jamvel dit at dei måtte tåle fengselsopphald (Hauge), tap av embete (Grundtvig) og utlegd (Strindberg).

Kanskje er det urettvist mot Lars Levi Læstadius, Ivar Aasen, Marcus Thrane og fleire å dra fram nettopp desse tre. Men likevel: Kristendommen i Norden, særleg i Noreg, har vore ei lekmannsrørsle meir enn ein toppstyrt kristendom. Skoleverket, særleg i Noreg og Danmark, har hatt som mål å gjere elevane til gagns menneske, å gi dei kunnskapar og innsyn, og ikkje berre å gjere dei til brikker i produksjonssysternet. Litteraturen har vorte ein litteratur for og av vanlege folk. Medan ein fransk forfattar må ha mange års utdanning for å meistre språket og gjennom det også fjernar seg frå vanlege folk, har dei nordiske språka, og aller mest den folkemålsnære islandske skriftmålstradisjonen og det råe, saftige som svensken Strindberg lærte frå folkedjupet, gjort at ein heil hær av forfattarar steig fram i den såkalla statarskolan rundt 1920, Ivar Lo-Johansson, Jan Friedegaard, Harry og Moa Martinson og fleire, folk utan lang skolegang, men med røynsler frå skipsdekk, torp, skogs- og fabrikkarbeid. Om ein utanlandsk student kjem til universitetet i Reykjavik for å studere islandsk, blir han gjerne sendt ut på ein gard. For det er vanlege folk som meistrar språket best. Og knapt nokon stad i verda kjem så mange bøker ut i høve til innbyggjartalet som i Norden. Få har så mange aviser og så godt utbygde bibliotek.

Det er frå desse tradisjonane dei vellykka, nordiske etterkrigssamfunna har henta sin styrke. Medan fråstanden mellom høg og låg i England var så stor at loket låg over folk flest, kunne svenske gutar med tekniske evner bli ingeniørar og oppfinnarar i verdsteten. Medan skoleverket i mange land konsentrerte seg orn einarane, fekk vi ein einskapsskole der elevane går i lag til dei er 16 år og ikkje får karakterar før dei kjem i ungdomsskolen. Medan folk i europeiske land flest må leggje frå seg talemålet sitt om dei blir valde til eit verv, kan ein norsk politikar i dag snakke dialekt og dra fordel av det.

Dette har gjort dei nordiske landa til land av folkerørsler, kristendomsrørsle, fråhaldsrørsle, målrørsle, arbeidarrørsle, norskdomsrørsle, idrettsrørsle og fleire. Kvar bygd og kvar tettstad har eller har hatt sitt ungdomshus og sitt folkets hus og sitt bedehus, bygde på dugnad og med materialar givne av medlemene. Dei fleste av oss som bur i dette landet, har tusentals dugnadstimar attom oss og har vore kasserar, styremedlem, sekretær, ordstyrar og lagsleiar. "Nordmændene er helt vilde efter at løse medlemskort i foreninger," skreiv ei dansk avis i fjor. Kanskje litt overdrive, men likevel har vi visstnok i gjennomsnitt 5,2 medlemskort.

Norden har vore vellykka. La meg jamføre to land det er naturleg å jamføre, Ecuador og Noreg. Dei er begge ressursrike land og dei har ressursar av same slaget: olje, fisk, vasskraft, mineral og metall. Ecuador har litt mindre landareal og dobbelt så mange innbyggjarar. Sist på 1800-talet var begge fattige land. No er Noreg eit av verdas rikaste land og Ecuador i den fattigaste tredelen. I Ecuador har eit fåtal det meste av jorda og ressursane elles, mykje av rikdomane forsvinn ut av landet til selskap i USA, og folket blir halde nede og uopplyst.

Skilnader i vår favør er altså konsesjonslover, bruksrett og ikkje absolutt eigedomsrett til eigedom, råfisklova som gir fiskarane hand om omsetninga, skole som har som mål å utdanne gagns menneske, etter måten liten fråstand mellom fattig og rik, tru på at folk på botnen i samfunnet er noko verdt, skriftmål nær til vanlege folk. Stutt skrive: Tradisjonane Tacitus skildra og Hauge, Grundtvig og Strindberg vidareutvikla.

Arbeidarrørsla og demokratitradisjonane

Dei nordiske sosialdemokratia vart vellykka fordi dei bygde på det synet at folk flest har verdi. Men samstundes braut dei med dette synet. For medan liberale og konservative politiske parti langt på veg vart bygde etter demokratiske modellar, stod demokratikravet veikt og stadig veikare i arbeidarrørsla. Vi kunne ha brukt sosialdemokratiets freistnader på ei maktovertaking utan val etter krigen (stoppa av den konsekvente demokraten og djupt konservative Carl J Hambro) som døme, vi kunne ha brukt Nato-medlemskapet (329 delegatar for, 35 for utsetjing enda partimedlemer flest truleg var mot), vi kunne ha brukt det at opposisjonelle stortingsrepresentantar i DNA som Sverre Løberg og Olav Versto aldri fekk gjengitt sine innlegg i partipressa, vi kunne ha skildra, slik Reiulf Steen har gjort det, korleis ei lita gruppe partitoppar utanfor dei formelle organa manøvrerte inn Gro Harlem Brundtland som statsminister og partileiar i 1981, vi kunne ha brukt førre EU-strid eller denne EU-striden, eller vi kunne ha laga ein sosiologisk analyse av mellomskiktet i DNA og i DNA-trugne fagorganisasjonar, av folk som ser som si viktigaste oppgave å forsvare toppen mot grasrota og som blir løna for lojaliteten med nye verv. Stutt skrive, døma er så mange at det er unødvendig å gå inn på dei, for lesaren dreg ikkje i tvil: påstanden om at DNA og tilknytte organisasjonar i staden for å byggje på dei nordiske demokratitradisjonane har utvikla seg til toppstyrte organisasjonar.

M-l-rørsla og demokratitradisjonane

M-l-rørsla spreidde seg rundt 1970 over mykje av Europa, men grodde truleg djupare røter i Noreg enn i noko anna land. Forklaringa er ikkje kommunistiske tradisjonar, for dei stod mykje sterkare til dømes i Finland, Tyskland og Italia enn i vårt land. Forklaringa er i staden demokratitradisjonane. Det er massane som er dei eigentlege heltane, sjølve er vi (partiet) ofte barnslege og dumme, sa Mao. Det er rett å gjere opprør. Det er rett no, og det vil vere rett om tusen år. Tru aldri på autoritetar, bombarder hovudkvarteret og gjer opprør på ny og på ny. Dei rette tankane kjem nedanfrå, og ikkje ovanfrå eller utanfrå.

Slike tankar vart forståtte i Noreg. For dei møtte tradisjonane - ikkje frå Tranmæl og Gerhardsen, men frå det samfunnet Tacitus skildra, og Grundtvig og Hans Nielsen Hauge vidareutvikla. Men den unge m-l-rørsla forstod ikkje sjølv desse banda. Og m-l-rørsla - iallfall ikkje leiarane - forstod ikkje skilnaden mellom det vi i mangel av meir presise ord, kan kalle ein maoistisk og ein stalinistisk tradisjon i kommunismen. Tryggingstiltak og karrierelyst fremja liknande ordningar i m-l-rørsla som i store delar av fagrørsla og i DNA. På toppen sat ei leiing med makta. Under dei var eit sersjantskikt med trådar oppover, med informasjonsmonopol og med karrierehøve dersom dei gjorde jobben slik han skulle gjerast og fekk dei på botnen til å annamme tankane ovanfrå. For dei rette tankane kom ovanfrå og ikkje nedanfrå.

La oss gå litt grundigare inn på dømet Raud Valallianse. Ein mindre demokratisk partiorganisasjon enn RV fram til dette tiåret finst ikkje i norsk etterkrigshistorie. Ikkje DNA og ikkje Framstegspartiet. For medlemene kan - iallfall i teorien - kaste Gro Harlem Brundtland og Carl I Hagen. Men om den delen av grunnplanet i RV som ikkje var med i AKP samstundes, meinte noko anna enn leiinga, var dei utan formelle rettar og difor utan makt. For dei hadde ikkje medlemskort og ikkje organ å røyste i. Berre dei (av AKP og/eller RV-leiinga) handplukka folka kunne røyste. Dei andre var med på AKPs nåde. Vi kan jamføre med trælehaldet i mellomalderen. Liksom træleigaren stundom høyrde på og tok omsyn til trælane, vart dei uavhengige sosialistane tekne omsyn til. Men passa det træleigaren eller partiet å ikkje ta omsyn, hadde dei andre ingen formelle rettar.

M-l-rørsla først på 1970-talet hadde ei tankekraft og ei handlevilje ingen annan politisk masseorganisasjon i etterkrigstida har hatt. Kunne det ha gått annleis? Kunne vi ha greidd å byggje vidare på det som var? Dersom vi hadde sett klårare at eitt deler seg i to, at m-l-rørsla delte seg i ein stalinistisk og ein maoistisk tankeretning? Dersom vi hadde teke eit oppgjer med dei udemokratiske tradisjonane innan norsk og nordisk arbeidarrørsle og heller knytt banda til folkerørslene? Kanskje, svaret krev grundigare vurderingar. Spørsmålet som skal drøftast her, er eit noko anna. Det er kva slags organisatoriske grunntankar som trengst på venstresida for å nå desse måla framover. For nye sjansar kjem. Når dette blir skrive hausten 1994, er ei brei folkerørsle, nei til EU-rørsla, på ny den fremste politiske aktøren i dette landet. Og alle som trudde folkerørsleideen høyrde fortida til og at folk no berre tenkjer på seg sjølve, kan opne ei avis og vil møte innsynsfulle lesarinnlegg i hopetal. Eller rusle i ein tettstad ein laurdag og møte engasjerte menneske med flygeblad og standsbukkar, men utan løn. Og utan køyregodtgjersle og utan at dei gjer nokon slags karriere med aktiviteten. Eller gi seg i debatt med skoleelevar som ikkje er opptekne av eigen karriere, men av framtida for Tellus.

Framtidssamfunnet må styrast nedanfrå

Dersom vi tenkjer oss den tida det har levd menneske på jorda, som eit døgn, er tida frå den industrielle revolusjonen og fram til i dag det siste sekundet i dette døgnet. Tida frå andre verdskrigen er som to tidels sekund. På desse to tidels sekunda har menneska gjort meir for å bryte ned livet på kloden enn på dei nesten 24 timane føreåt. Naturens lagerressursar blir tappa for all tid. Avfallskummane for menneskeleg verksemd, vatn, luft og jord, er metta. Det eine dyreslaget homo sapiens legg beslag på 40 % av fotosyntesen, og grensa går ein stad mellom 40 og 100 %. Drivhuseffekt og tæring på ozonlaget er truleg i ferd med å endre klimaet.

Sidan folk tok til å halde husdyr og dyrke planter i yngre steinalder, har dei utvikla ein agronomi med stadig større kunnskapar om samspel mellom natur og menneske. Ulikt den agronomien som er utvikla ved universitet i USA i dette hundreåret og importert til Noreg via landbruksdepartementet og landbrukshøgskolen på Ås, kan den tradisjonelle agronomien vare. Og kystfiskarar veit, ulikt Fiskeridepartementet og Brussel, korleis dei skal hente passe mykje fisk ut av havet. Skal naturen forvaltast på fornuftig vis, må samfunnet styrast nedanfrå. Det betyr ikkje at alle avgjerder må takast lokalt, men at politikarar og politikk må ha legitimitet.

Vi kan gjere eit tankeeksperiment: Politikarane i Brussel, som er regjeringsvalde og ikkje direkte folkevalde, som sjeldan eller aldri er i kontakt med vanlege folk og som tener halvannan million kroner i året, skal få folk til å redusere forbruket. Det er dømt til å skjere seg, for dei har ingen legitimitet. Eller eit anna: Desse politikarane skal få nordnorske fiskarar til å hente passe mykje ut av havet. Fiskarane vil ikkje tru på dei, og dei vil i staden for samarbeid måtte velje å ta opp mest mogeleg fisk sjølve - og selje han på dei legale og illegale marknadene som finst. Ikkje fordi dei vil ha det slik, men fordi det ikkje finst alternative løysingar.

Det konsekvente demokratiet

Dei tre døma i innleiinga, bedehuset, Sovjets tungindustrisatsing og AKP/RV sin overgang til Fylkeslistene for miljø og solidaritet, handlar alle om avgjerder tekne av betrevitarar, avgjerder på vegner av folket. I bedehustilfellet hadde betrevitaren rett, avgjerda var fornuftig. I Sovjet-tilfellet er eg usikker. I fylkeslistetilfellet tok betrevitarane etter mitt skjøn feil.

Politikarar frå alle parti har det sams at dei handlar på vegner av folket. Dei er ekspertane som veit korleis folket vil ha det og ordnar samfunnet slik. Dette ekspertsynet er langt på veg det same for Høgre, DNA og AKP.

I staden må vi gå inn for at folk sjølve skal avgjere. Ikkje slik at alle spørsmål, bedehusfargar og andre, må handsamast på allmøte. Men slik at vi byggjer opp organisasjonar som sikrar at folk får avgjere. Votering, for eller imot. Mindretalet lyt rette seg etter fleirtalet. Så langt har sosialistiske og kommunistiske parti hevda at dei har vore (noko) meir demokratiske enn andre. Praksisen har vist at det stundom ikkje ein gong er ein gradsskilnad, det kan slå motsett veg. Skal vi meine alvor med at folket skal avgjere, må vi skifte ut (den eventuelle) gradsskilnaden med ein systemskilnad. Vi kan bruke stikkorda det konsekvente demokratiet. Konsekvent også når vi er usamde i avgjerdene. Konsekvent også når det tek feil. For retten til å gjere feil er ein menneskerett.

Kampen for det konsekvente demokratiet set andre krav til partimedlemer. Det viktigaste blir ikkje lenger å tenkje rett sjølv, men å få demokratiet til å fungere og til å handle rett. Evna til å skape eit konstruktivt debattklima, til å få fram sidene i ein meiningsskilnad på fruktbart vis, blir sentral. Arbeidet for å byggje opp organisasjonar som kan avgjere, blir sentral. Evna til å bøye seg for andre, også når dei tek feil, blir sentral.

Fraksjonering er bra

Kva med (demokratisk) sentralisme? Etter mitt skjøn er det både sjølvsagt og forkasteleg. Det er sjølvsagt i ein streik, ein krig, ein revolusjon, der målet er å knuse ein fiende. Men det er forkasteleg i vanleg politisk arbeid, der målet er utvikling av forståing i kamp med andre idear. Problemet med sentralisme er difor at metoden har vorte nytta i utrengsmål i staden for å bli avgrensa til dei oppgåvene der han trengst. I same perspektivet kjem spørsmålet om fraksjonering inn. Forbodet mot fraksjonering er eit forbod som strir mot det konsekvente demokratiet og mot synet om at det er ideane og forståinga som skal vere grunnlaget for berre styring. Om folk med eit felles idegrunnlag møtest (fraksjonerer) for å utvikle sine idear, er det bra. Det skjerpar analysen og gjer at folk med andre idegrunnlag også må skjerpe seg. Slik blir meiningsbrytinga kvassare og forståinga til slutt betre hos alle. Mitt idealparti vil altså oppmode til fraksjonering. Visst finst faren for at fraksjonistar heller arbeider til dømes for å få inn visse personar i leiinga eller å få gjennom vedtak som tener dei. (Døme: at riksvegen skal gå gjennom dei andre sitt bustadfelt.) Men ingen paragraf kan stogge dei i slikt arbeid, og dei må møtast med argument heller enn med fraksjonsforbod.

Ver illojal!

La oss ta eit fiktivt døme. Ein sentral AKPar, vi kallar henne Solveig Aamdal, skriv ein artikkel i Dagbladet. Ein annan sentral AKPar, vi kallar han Aksel Nærstad, les artikkelen og er overtydd om at SA tek feil. Kva gjer AN da? Skriv han eit krast motinnlegg der han polemiserer mot dei ravgalne tankane SA la fram.

Nei, han gjer ikkje det. Truleg skriv han ingen ting. Eller han ordlegg seg om lag slik: SA, som har eit høgt politisk nivå og som eg elles er samd med i eitt og alt, har i denne eine saka gjort ein liten og lett forklarleg feil. Når ho skjøner det, vil ho sikkert korrigere seg. Leiande folk i konkurrerande organisasjonar, viss AKP framleis blir teke seriøst nok til å ha konkurrentar, vil derimot kaste seg over artikkelen og overdimensjonere og utnytte feilen.

Dømet og namna var altså fiktive. Vi kunne ha brukt andre namn, til dømes Hallvard Bakke og Trond Giske eller Erik Solheim og Kjellbjørg Lunde. Og vi kunne ha funne reelle døme. Poenget er at dei norske venstreorganisasjonane i slike høve set organisasjonslojaliteten og kameraderiet over sanningssøkinga.

Kva tillit kan folk ha til politikarar som kjempar for rette standpunkt berre mot erklærte fiendar og som bagatelliserer galne standpunkt hos vener? Dei kan og bør ikkje ha tillit til dei.

Vi kunne ha skrive: Kjemp konsekvent for det du meiner. Eller: Set sanninga høgast. Men det blir for allment. Difor i staden: Ver illojal. Reager når du har grunn til å reagere, og reager like krast (og sakleg) om du reagerer på ein ven eller ein fiende. For det er tankane som skal leggje grunnlaget for samfunnsstyringa, og då må vi i eigne hovud og i folks hovud skilje rett frå gale, det er langt viktigare enn at dei skal ha den oppfatninga at Solveig Aamdal eller Erik Solheim er fullkomne og feilfrie personar.

Konklusjonar

1. Demokrati er den einaste styringsforma som over tid kan gi ei fornuftig forvaltning av naturen. Difor er demokrati ein føresetnad for overleving.

2. Vi i Norden har viktige demokratitradisjonar å ta vare på og vidareutvikle.

3. Arbeidarrørsla, alt frå sosialdemokratiet til m-l-rørsla, har i liten mon bygt på desse demokratitradisjonane.

4. I alt organisasjonsarbeid må vi byggje på det konsekvente demokratiet. Det betyr at fleirtalet må avgjere - også når ekspertane eller politikarane er overtydde om at fleirtalet tek feil.

5. For sosialistiske og kommunistiske organisasjonar betyr det å utvikle syntesen mellom Grundtvig og Mao. Og å kaste over bord den sentralistiske, toppstyrte organisasjonsmodellen frå Lenin/Stalin. Jamvel om bedehuset er mykje finare no.