Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

15.000 ekspertar på kvinneliv

av Magnhild Folkvord

Røde Fane nr 3, 1994


- Dersom dei som bestemmer, finn ut kor flott dette var, kjem dei sikkert til å forby det! Det sa ei kvinne etter Nordisk Forum i Oslo i 1988.

Kanskje er det noko med at "dei som bestemmer" ikkje heilt forstår kva eit slikt myldrande kreativt kaos kan bety for dei einskilde deltakarane. Iallfall ser det ikkje ut til at storparten av dagspressa ser det som viktig å formidla deltakarane si oppleving ein slik vekelang åttande mars. Ikkje eit vekelangt demonstrasjonstog, men ei veke der det handla om kvinner heile tida, og ein deltakar kunne velja på ein meny av om lag 2.000 ulike arrangement: seminar, førelesingar, debattar, utstillingar, teater- og danseframsyningar, konsertar - og andre kulturaktivitetar som ikkje høyrer heime i nokon av dei båsane som er nemnde så langt. Og med svært få unntak var både deltakarar og utøvarar kvinner. Vi merka det alt da vi reiste frå Fornebu - det uvanlege med eit fly fullt av kvinner, der to-tre menn skil seg ut, og det bekymra oss ikkje at dei to-tre såg litt beklemte ut i ein uvant situasjon!

Norden har blitt større

Deltakarane på Nordisk Forum, kven var dei? Geografisk har Norden-omgrepet blitt utvida sidan Nordisk Forum i 1988. Kvinner frå dei baltiske statane var med både på deltakar- og arrangørsida. Og innvandrarkvinneorganisasjonar i dei ulike nordiske landa hadde ei rekke seminar. Kanskje var det nytt sidan sist at samekvinner og innvandrarkvinner laga seminar i lag?

Forum-deltakarane var alt frå velorganiserte grupper frå kvinneorganisasjonar og fagorganisasjonar til einskildkvinner som heilt utan å kjenna andre deltakarar la ferieturen om Åbo for nokre dagar eller heile veka. Der var kvinner frå Sogn og Fjordane som rodde for fred i eige "vikingskip", som hadde fått ein bra del av dei få offisielle kronene som var til utdeling for deltakande organisasjonar, og andre som betalte alt av eiga lomme. Her var kvinneforskarar og kvinneaktivistar, Kvindeudvalget i Den Danske Præsteforening, Foreningen til opplysning om bækkenløsning, den islandske kvinnelista og kvinneparti frå både Sverige og Finland, for å ha nemnt eit tilfeldig utval. Lista over deltakande organisasjonar er i seg sjølv eit studium i kvinneorganisering. Sjølvsagt var dei også der regjeringsdamene med markeringsbehov, dei fekk markert seg på sine seminar - somme også på eit torgmøte som fekk ein del pressedekning her heime, men dei fekk også gå spissrotgang mellom syngande NEI-kvinner da dei møtte opp til det som var deira eigentleg forum - den offisielle ministerrådskonferansen.

Mange kvinner mot EU

Problemet for den einskilde deltakaren var at ein berre kunne få med seg ein ting om gongen der ein gjerne skulle vori minst tre stader på same tid. For oss som prioriterte EU som tema var det også meir enn vi kunne nå over. Deprimerande å sjå handelsministeren med sitt "sosialdemokratiske dameteater" visa fram såkalla "kvinnehumor" med ein slik kombinasjon av sexisme (ispedd rasistiske antydningar) og dårleg kvalitet at kvinner av ulik politisk farge spontant reagerte med å snu ryggen til. Greitt nok at våre politiske motstandarar tabbar seg ut, men når dei reiser utanlands og viser fram noko som sannsynlegvis var meint å representera norsk kvinnekultur, smakar det mykje vondare enn dårlege argument i ein politisk debatt.

Dess meir oppmuntrande var det å vera med på nei-til-EU-demonstrasjon med minst tusen andre Forum-deltakarar i eit fargerikt og flott tog gjennom gatene i Åbo. Vi merka oss også at det var mange deltakarar og stor interesse for EU-informasjon og -diskusjon på dei mange seminara som nei-kvinner frå ulike organisasjonar stod for.

Globalt kvinneperspektiv

Er det mogleg etter så mange inntrykk, inspirasjon og påfyll av kunnskap på mange område å seia kva som var det viktigaste? Utan å gjera andre arrangement uviktige, må eg nemna eit seminar som blei ein illustrasjon til svært mykje av det som for meg gjer det viktig å vera feminist: den indiske vitskapskvinna Vandana Shiva i møte med ein islandsk representant for Verdsbanken, Helga Jònsdottir.

Vandana Shiva la fram ei rekke eksempel på korleis kvinners kunnskap om natur og dyrking av jorda gjer dei i stand til å ta vare på ressursane, korleis kvinner i hennar heimland har organisert seg for å stansa dei som vil rasera og industrialisera skogbruket, levande døme på kvinners kunnskap og arbeid. Shiva rapporterer at bak kvar einaste miljøkatastrofe i tredje verda finn ho eit Verdsbankprosjekt.

Verdsbanken sin representant stiller med korrekt bunke med fargetransparentar og kan fortelja oss kor dårleg det står til med kvinners utdanningsnivå og yrkesutdanning i utvalde tredje verda-land jamført med industrilanda. Ingen kan seia at tala hennar er feil. Men det hindrar ikkje at biletet ho teiknar blir nesten pinleg. Jau visst er vi for at kvinner over heile verda skal få læra både å lesa og skriva, skaffa seg høgare utdanning og få betalt for det arbeidet dei gjer. Men kva med dei kunnskapane og den arbeidsinnsatsen som ikkje kan målast med Verdsbanken sine statistikkar? Verdsbankens representant har nok lagt mykje energi og entusiasme i sin til no toårige innsats for Verdsbankens kvinneprogram, men perspektivet blir for trongt, ho overtyder ikkje om at vegen til global kvinnefrigjering går gjennom Verdsbanken. På eit spørsmål om Vandana Shiva ville kunne fått ein jobb som ekspert i Verdsbanken, svarar representanten entusiastisk at ein slik søknad ville bli tatt imot med stor interesse, medan Vandana Shiva på spørsmål om ho ville søka, roleg svara at ho var så glad i det arbeidet ho dreiv med. Og besøket hennar i Åbo måtte bli kort, for det var viktige masseaksjonar i gang heime i India.

Men ho rakk å gi oss eit nødvendig globalt feministisk perspektiv.

Trugande kvinneorganisering?

Å gi ei fullstendig vurdering av heile Forum-veka vil ikkje vera mogleg ut frå det eitt menneske har fått med seg. Men nokre tankar melder seg. Oppslutninga viser for det første at svært mange kvinner set pris på eit sånt høve til å konsentrera seg om kvinnepolitikk og kvinnekultur over ei heil veke. Ein kunne frykta at slike arrangement vart dominert av det spesielle skiktet av "konferansekvinner" som gjerne er mykje på farten, men inntrykket er at her var også mange grasrotkvinner. Og når så mange kvinner treffest kring saker dei er opptekne av, kan ingen byråkrat hindra at kontaktar blir knytta, og det går føre seg kvinneorganisering på ymse vis. Men sjølvsagt kan byråkratane og dei som sit høgare opp i makthierarkiet gjera sitt for at det ikkje skal bli for lett å driva med slik ustyrleg kvinneorganisering. Etter Forum i Oslo i 1988 var det snakk om nytt Forum etter fire år - og det vart seks år.

Når fattige kvinner og kvinneorganisasjonar skal ut og reisa, er det stort sett økonomien som set grenser. Den offisielle potten som skulle brukast til dei norske deltakarorganisasjonane var på om lag ein halv million, og fordelinga kan sjå ut til å ha følgt prinsippet om at den som har, skal få meir. "En stor del gikk til store, pengesterke organisasjoner, bl.a. Norges Idrettsforbund og Arbeiderpartiet, som også har andre kanaler å hente midler fra," skriv Anne Søyland i Klassekampen 22. august. Ho minner også om at pressa (inkludert den spesielle Forum-avisa) stort sett var påfallande lite interessert i dei aktivitetane som var uttrykk for kvinners organisering og politiske engasjement. Den store nei-demonstrasjonen fekk t.d. ingen omtale i Forum-avisa.

Kanskje har ho rett likevel, ho som frykta at "dei som bestemmer" helst vil forby sånt?