Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Argentina, kapitalismens fallitt

av Johannes Nymark

Røde Fane nr 3, 1991


Marxismen er død, men svært få er opptekne av dei krisesignala som kjem frå den store sigerherren i vår tid: Kapitalismen.

Hendingane i Aust-Europa dei seinaste åra har fått konservative, liberale, kristelegdemoknatar, sosialdemokratar og andre likesinna til å ropa over seg om kommunismens, marxismens og leninismens "endelege død". I vår eigen lokale pressedam er svært få opptekne av dei krisesignala som kjem frå den store sigerherren i vår tid: Kapitalismen. For som Fidel Castro har peika på: I godt over 100 land i den tredje verda har det kapitalistiske systemet alt spela dundrande fallitt.

Argentina er eitt av del landa i sør der kapitalismen er i ferd med å lida eit sviande nederlag. Men Argentina er likevel eit noko spesielt tilfelle, fordi landet har vore rekna for rikt, i kapitalismens eigne termar. På 1920 og 30-talet figurerte Argentina blant dei aller rikaste landa i verda, og mange såg på denne nasjonen som ei framtidas stormakt, spesielt ut frå det faktum at England, som fram til den første verdskrigen hadde dominert i den sørlege delen av Latin-Amerika, var på vikande front som imperium. Samstundes var det slik at den nye stormakta, USA, ennå ikkje hadde fått skikkeleg fotfeste så langt sør på det amerikanske kontinentet.

Den økonomiske nedturen for Argentina tok for alvor til etter 1955 og militærkuppet som avsette Juan Domingo Perón. Då hadde landet vore gjennom ein periode på omlag 10 år (1946-55) der også mesteparten av folket fekk del i samfunnsgodene. Dei sosiale reformene var formidable og av grunnleggjande, ja nærmast revolusjonerande karakter, og gjorde peronismen til eit unikt sosialt eksperiment som utfordra storgodseigaranes og Buenos Aires-borgarskapets tradisjonelle maktgrunnlag, såvel politisk som økonomisk. Det var difor ikkje overraskande at det var nettopp desse to maktgruppene som i allianse med del militære stod bak 1955-kuppet.

Sidan er det stort sett alliansen mellom militære og liberale/konservative som har rådd grunnen i Argentina. Det militære undertrykkarapparatet har komme godt overens med dei økonomiske liberalistane og har meir og meir kasta det nasjonale arvegodset frå den første Perón-tida over bord. Resultatet er blitt industrinedbygging, avnasjonalisering, privatisering, arbeidsløyse, svekka kjøpekraft for det store fleirtalet og ei økonomisk krise som berre han gått frå vondt til verre.

I dag, i nyliberalismens (eller betre: ultraliberalismens) storheitstid, er tilmed den historisk sett antiliberalistiske peronismen blitt omvend og går no den internasjonale liberalismens ærend. Det politiske og det økonomiske maktapparatet har alliert seg mot ein sams fiende: Folket.

Korrupsjonen som symptom

Det blir ofte hevda at det store problemet i dagens Argentina er korrupsjonen. Store korrupsjonsskandaler der fleire av president Carlos Saúl Menems nærmaste (personleg, familiemessig og politisk) har vore involvert, støttar tilsynelatande opp under ein slik påstand.

Men problemet grip eigentleg mykje djupare enn som så. Korrupsjon har vore eit problem i dei latinamerikanske landa i alle fall heilt sidan kolonitida. Dei utslaga ein finn av korrupsjon i det spansktalande Amerika minnar i mangt og mykje om dei korrupsjonsvariantane ein finn i det tidlegare moderlandet, Spania, og er til dels aksepterte som vanlege former for økonomisk, politisk og sosialt samkvem. Dette gjeld til dømes vennetenester for å få arbeid eller for å komma i ein politisk maktposisjon. Eller det kan vera den kommisjonen ein reknar seg som mellomledd ved ein økonomisk operasjon.

Alt dette en for så vidt velkjente fenomen i kapitalistisk økonomi (og også i andre typar økonomi). Kan henda har desse mekanismane i dag fått heilt "overnaturlege dimensjonar" i Argentina, men dei er heilt vanlege i internasjonal handel. Også det norske næringslivet er med på dette spelet når dei må ut og konkurrera på den internasjonale marknaden. Og i norske næringslivskrinsar reknar ein det for "grei kotyme" å punga ut med klekkelege kommisjonsbeløp for å hala i land kontraktar. "Jo meir sør ein kjem, jo meir kommisjon og jo meir korrupsjon," kan ein ofte høyra frå næringslivsfolk med erfaring frå den slags. Ja, tilmed på lærestader der ein utdannar økonomar og administrative leiarar er dette noko ein lærer bort.

Og det er jo ikkje stor tvil om at Argentina ligg langt sør og at det er mykje korrupsjon i landet. Men det internasjonale næringslivssamfunnet er i høgste grad med på leiken og ser nærmast på det heile som ein del av spelet (eller "part of the game", som det lét i dei krinsane). Difor er det stort sett spel for galleriet dei gongane representantar for næringslivet og "the establishment" lét seg moralsk indignera over dei korrupte tilstandane i Argentina og andre stader. Som regel ligg det økonomiske interesser bak ein slik moralisme.

Det var tilfellet då SAS ville kjøpa det argentinske Aerolineas Argentinas og ikkje ville ut med 10.000 US $ til kvar av dei politikarane som agerte som mellomledd. Det same var tilfellet då det norske firmaet Normarc as nyleg blei danka ut av både tyskarar og franskmenn som hadde presentert nesten dobbelt så dyre prosjekt innan flyplassinstallasjonar. Men dei tyske og franske selskapa hadde innbakt klekkelege kommisjonar, må vita (uoffisielt heiter det seg at det var snakk om kommisjonar på opp til ein million US dollar). Og mest bråk blei det sjølvsagt då US-selskap klaga på at dei var spelt utanfor sidelinja i den gigantiske privatiseringsprosessen av statseigedom som i dag finn stad i Argentina. Det var då USAs Buenos Aires-ambassadør, Terence Todman, tok dette opp overfor argentinske styresmakter at snøballen for alvor tok til å rulla og dei første hoda innan president Menems innerste private og politiske sirklar tok til å rulla: Amira Yoma, Mario Caserta, Ibrahim al Ibnahim, José Roberto Dromi etc etc.

Den moralske forarginga over korrupsjon er i desse - som i mange andre - saker ikkje noko anna enn eit skalkeskjul for eigne økonomiske interesser, og slik sett er korrupsjonen i dagens Argentina eit symptom på den ultraliberale økonomiske modellen og dei motsetnadene den ber i seg. Og er det noko ein bør bli moralsk indignert over i denne samanhengen, så er det kapitalismens umoral.

Rikt land, fattig folk

Argentina er frå naturens side eit særs rikt land, med gode tilhøve for jordbruk, fedrift og gruvedrift. Den varierte geografien gjer det og mulig med eit rikt og variert næringsgrunnlag, og frå 1930-talet av, spesielt i den første Perón-tida (1946-55), blei landet industrialisert i stor stil. I tilknyting til den omfattande primærnæringa utvikla det seg mykje næringsmiddelindustri, og i tillegg voks det fram ein stor stål- og aluminiumsindustri, maskinindustri og petrokjemisk industri. Og både sør og nord i landet blir det utvunne olje.

Basisen skulle såleis vera der for eit variert og levedyktig næringsliv til beste for folket, så mykje meir som landet, med eit landareal på rundt 2,8 millionar km2 ikkje hyser meir enn ca 32 millionar innbyggarar. Men realitetane seier noko heilt anna: Argentina eksporterer i all hovudsak produkt frå primærnæringane (mais, kveite, kjøtt, ull, vin og frukt), medan landet importerer transportutstyr, maskiner til industrien, samt ein del råvarer. Dette gir oss ein klar peikepinn på at vi har å gjera med eit avhengig land som ikkje på langt nær har klart å utvikla sitt økonomiske potensial.

Dessutan er det eit ugjendriveleg faktum at Argentinas industri er blitt bygd ned dei seinaste tiåra. Denne prosessen skaut for alvor fart under det forrige militærdiktaturet (1976-83) og hald fram under såvel Raúl Alfonsín (1983-89) som Carlos Menem (frå 1989 av). I Menems regjeringsperiode er det komme ennå eit nytt element inn i bildet i og med privatiseringane av statleg verksemd og av statseigedom. Den intellektuelle arkitekten bak Menems privatiseringar, Juan José Llach, hevda nyleg at staten har til hensikt å kvitta seg med alle vare- og tenesteproduserande foretak innan utgangen av 1992. Ikkje særleg lysteleg framtidsmusikk for eit folk som alt har fått merka konsekvensane av privatiseringane i form av auka arbeidsløyse, høgare prisar og sterkt reduserte sosiale tenester.

I samsvar med det vi her har nemnd, kan ein ikkje undrast over at det i dagens Argentina er to grupper som kjempar om hegemoniet. På den eine sida del utanlandske interessentar og i første rekke utanlandske kreditorar som vil tvinga landet til å betala ned på utanlandsgjelda (omlag 60 milliardar US $), og på den andre sida dei lokale maktgruppene rundt storgodseigarane, som har eitt stort siktemål: Å få eksportert så mykje som råd er av dei tradisjonelle landbruksprodukta. Frå kvar si side og på kvar sine måtar pressar desse gruppene Menems regjering og gjer livet surt for det argentinske folket.

I skuggen av det økonomiske vanstellet trivst dei lysskye verksemdene. Den såkalla uformelle sektoren innan økonomien har gode kår i eit samfunn der offentlege kontrollorgan i stor grad er sett ut av funksjon. Som i mange andre land i den tredje verda fell viktige delar av dei økonomiske aktivitetane utanfor det som blir offentleg registrert og kjem med i statistikaranes materiale. Offisielle tal og samanlikningar seier i dag svært lite om den eigentlege økonomiske situasjonen i desse landa.

Det har alltid vore slik at dei fattigaste av dei fattige har hatt sin uformelle sektor. Slik har det òg vore med dei rikaste av dei rike. Smugling i sine ulike variantar har lenge vore den mest lukrative geskjeften innanfor denne økonomiens mørkerom. I våre dagar har smuglinga fått nærmast uhyrlege dimensjonar, særskild i narkotikabransjen. Argentina, som i dei seinaste åra er blitt mest kjent for smugling av utanlandske bilar, er no på full fart til å overta Colombias rolle i narkosmugling, skal ein tru såkalla velinformerte kjelder i USA og Vest-Tyskland. Og grunnen til at dei leiande narkohaiane har kasta sine auge på Argentina, er nettopp den utbreidde, tidlegare omtala korrupsjonen.

Alt dette: korrupsjon, smugling, økonomisk avhengigheit, avnasjonalisering og privatisering, er i realiteten spikrar i kapitalismens likkiste i Argentina.

"Avideologisering"

At peronisten Menem har gått til det skrittet å gjennomføra ein tvers igjennom ultraliberal politikk, kan ikkje karakteriserast på annan måte enn som ein total snuoperasjon. Det antiliberale peronistpartiet er blitt ultraliberalt. Heile snuoperasjonen fann stad på dagar etter at Menem hadde tatt sete i presidentstolen den 8. juli 1989, og det heile skjedde heilt på tvers av det som hadde vore Menems kjepphestar under valkampen. Den politikken som faktisk blei sett ut i livet, var politikken til det sterkt høgreorienterte liberale partiet UCéDé (Den sentrums-demokratiske unionen, som reelt sett korkje er sentrum eller særleg demokratisk). Symptomatisk var det at leiaren for UCéDé, ingeniør og kaptein i Hæren, Alvaro Alsogaray, straks Menem hadde overtatt blei peika ut som ein av presidentens rådgjevarar, med utanlandsgjelda som spesialfelt. Alsogaray er sjølve inkarnasjonen av den økonomiske ultraliberalismen i Argentina og han har samarbeidd nært med alle landets militærdiktatur etter 1955.

Korleis kunne Menem på ein slik måte svika det argentinske folket, den peronistiske ideologien og sine eigne løfte frå valkampen? Sjølv viser han i sine talar og improviserte utfall til den avideologiseringa som han meiner kan observerast over heile verda i dei seinaste åra og i særleg grad etter Berlin-murens fall. I beste Fukuyama-stil hevdar Menem at det i dag ikkje finst levedyktige alternativ til den vestlege liberalismen. Og jamvel om han ikkje går så langt som Francis Fukuyama gjer i boka The end of history?, der sistnemnde nærmast proklamerer slutten på den historiske tida, så sluttar også Menem seg til koret som jublar over "marxismen-leninismens endelikt" og hyllar det vestlege liberale demokratiidealet som den høgaste (ja nær sagt definitive) statsforma.

Dette er korkje nye eller originale tonar i maktas historie. Det går ein raud tråd frå Napoleons "kontinentale forordningar" i 1806 og fram til Bush' "nye verdsorden" av i dag, der ein forsøker å konsentrera og samla den økonomiske politikken under den borgarlege liberalismens fane og erklærer andre ideologiar, såvel politiske som økonomiske, for døde og utan kraft. Men ein slik deterministisk dommedagsideologi klarer sjølvsagt ikkje å frigjera seg frå ideologiane og er til sjuande og sist nettopp dette: ein eigen ideologi som gjer krav på monopol og på å vera altomfemnande.

Men om noko, så har i alle fall Menem på eit vis avideologisert den leiande delen av peronistrørsla frå det nasjonale/anti-imperialistiske arvegodset som Perón hadde lete etter seg. Referansane til peronistrørslas grunnleggar er etter kvart blitt sjeldnare og sjeldnare i Menems munn, og peronistanes symbolikk, slagord og høgtidsdagar blir ikkje lenger halde i hevd som før. I staden higar Menem etter ein plass i sola i Bush' og USAs nye økonomiske verdsorden, og legg seg stort sett langflat for dei politiske og økonomiske krava som stormakta i nord set.

Og Menem spelar si rolle. Ein ting er i alle fall sikkert: Det argentinske folket er for tida politisk passivisert, desillusjonert over del politiske leiarane, redd for nye militærkupp og meir brutal undertrykking, og utan alternativ som ein kan ha tillit til og tru på. Hadde det ikkje vore for at det i Argentina er stemmeplikt, og ikkje berre stemmerett, så ville heilt sikkert valdeltakinga i landet ved dei siste vala lege på eit lågmål.

Likevel har ein del røyster heva seg mot den økonomiske forverringa og det politiske sviket som Menems politikk er mot det argentinske folket, og det som har skjedd med desse røystene er symptomatisk og skremmande. Mødrene på Maiplassen har vore utsett for stadige trugsmål og attentatforsøk, filmskaparen Pino Solanas (kjent for filmane Tango og Sør) blei skoten i beina etter at han tidlegare i år, som den peronisten han er, hadde komme med sviande intern kritikk av Menems folkefiendtlege politikk, og i juli blei tre representantar for pressa (tidlegare og noverande leiar for den internasjonale presseforeininga i Buenos Aires, samt Pasquini Durán frå den venstreorienterte Página 12) trua gjennom brev underteikna av noko som kallar seg "Kommandoen for peronistisk moralopprusting". Dersom dei ikkje tok seg saman og slutta med å sverta Argentina i utlandet, kunne det gå dei ille, heitte det truande i brevet.

Alt dette minner argentinarar som har levd ei stund alt for mykje om tida før militærkuppet i 1976, då den såkalla Trippel A (Antikommunistisk Argentinsk Allianse) tok til å verka som dødsskvadronar og systematisk slo til mot opposisjonelle, som dei bortførte og myrda.

Menem hevdar at han ikkje kjenner til den nemnde "Kommandoen for peronistisk moralopprusting", men det bør ikkje undra nokon om det seinare viser seg at han er godt inne i tematikken. For Menem og hans følgjesveinar har det med å spela på ulike hestar samstundes. Og er det noko han er ein meister i, så er det å setta ulike grupper opp mot einannan. Det har han til fulle vist innanfor landsorganisasjonen CGT, som har vore delt, men der begge gruppene er peronistar og vender seg til ulike delar av folket: Saúl Ubaldinis gruppe som målbér krava til dei som er misnøgde med Menems heilomvending, og Andreonis og Luis Barrionuevos fraksjon i spissen for dei mest vilkårslause og ihuga Menem-tilhengarane.

President Menem har alt vist at han meistrar kunsten å undertrykka. Butikkplyndringane som herja Argentina i mai-juni 1989, like før Menem blei innsett som statssjef, rei det politiske og økonomiske "establishment" i landet som ei mare. Og Menem-administrasjonen nølte ikkje eit sekund med å setta inn militære spesialstyrkar (antiopprørsstyrkar), då det året etter var tilløp til nye plyndringstokter i Rosario og i Buenos Aires. Butikkplyndringane var uttrykk for folks desperasjon over ein galopperande inflasjon, sterkt auka prisar, redusert kjøpekraft og ditto levestandard, og ein forverra arbeidsmarknad.

Den mest kampvillige gruppa i Argentina det siste året har vore pensjonistane, ei gruppe som på kort tid fekk redusert pensjonen sin til eit månadleg beløp på rundt 100 US dollar (= minstepensjonen, som eit overveldande fleirtal av Argentinas pensjonistar må nøya seg med). Det argentinske pensjonistopprøret har tatt mange former: Sveltestreikar, protesttog, underskriftskampanjer og okkupasjon av offentlege plassar. Då pensjonistane tidlegare i år inntok Plaza Lavalle i sentrum av hovudstaden Buenos Aires, tok det ikkje lang tid før Menem gav ordensmaktene ordre om å få dei vekk. Påskotet som blei nytta var at ein av leiarane for pensjonistopprøret, Rubén Gioannini, skulle ha sympati med dei sotfarga kuppmakarane til Aldo Rico og Seineldín.

Som ein skjønar, er motstanden mot det korrupte regimet og den økonomiske nedgangen både spe, spreidd, til tider nokså individuell, ekstremt dårleg organisert og ennå dårlegare koordinert. Folket i Argentina, som på 1960-talet og i dei første åra på 70-talet var eit oppkomme av politisk vitalitet, ser også ut til å ha blitt offer for den allmenne politiske apatien som gjennomsyrar den såkalla vestlege sivilisasjonen i våre dagar. Den "skitne krigen", som dei militære førte i diktaturtida (1976-83), har sett sine tydelege spor på dei som opplevde perioden.

Demokrati made in USA

Den ustabile og upålitelege politikaren Carlos Menem har nok ein gong snudd kappa etter dei politiske vindane som til ei kvar tid bles sterkast. Etter sterkt press frå US Embassy i Buenos Aires har han no gått med på å innleia eit formalisert samarbeid med det største opposisjonspartiet, eks-president Raúl Alfonsíns radikale union, UCR. Etter mønster frå USA vil ambassadør Todman ha dit konsolidert topartisystem, med to parti som begge er solid planta innanfor den liberaldemokratiske tradisjonen. I og med peronistanes konvertering til nyliberalismen/ultraliberalismen, skulle alt ligga vel til rette for dette. Menem, som til nyleg var sterk motstandar av eit slikt formalisert samarbeid, er no blitt sterk tilhengar.

Innanfor rammene av samarbeidet mellom peronistar og radikale er det for tida spesielt aktuelt å diskutera følgjande saker: Reformene innan statsapparatet, spørsmålet om ei grunnlovsendring for å korta ned presidentperioden frå seks til fire år og tillata attval, og arbeidet med den økonomiske fellesmarknaden (Mercosur) mellom Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay, som eit første steg på vegen mot frihandel over heile det amerikanske kontinentet.

Eit amerikansk frihandelsområde er eitt av president Bush' hjartebarn for tida og blir sett på som ein naturleg del av den "nye verdsorden". Difor kom presidentens "Initiativ for Amerika" 1. juni 1990. Eitt år etterpå troppa Bush saman dei fine landa i Mercosur til dit møte i Rosehagen i Det kvite huset. Her underteikna USA og dei fire søramerikanske landa ein handels- og investeringsavtale. Året før, under lanseringa av "Initiativet for Amerika", hadde Bush talt varmt for kor viktig det var å utarbeida ein strategi for handel, investeringar og utanlandsgjelda. No glimra dette siste punktet med sitt fråver i USA-presidentens tale, men det er slett ikkje fråverande i den søramerikanske røyndomen.

Det kan hevdast at regjeringa i Argentina med hjelp og støtte frå USA har fått i alle fall mellombels bukt med ditt av dei store problema dei siste åra, nemleg hyperinflasjonen. Det er så, så lenge det måtte vara. Faktum er at den reelle materielle situasjonen for argentinarar flest er blitt forverra, også etter at dette skjedde. Prisar på varer og tenester held kontinuerleg fram med å stiga, samstundes som dollarkursen ligg fast (1 US $ = 10.000 australes). Buenos Aires er i dag ein dyr by tilmed for europeiske turistar, og det er no dyrare å ringa frå Argentina til Europa enn motsett veg, dette som eit nokså direkte resultat av at det tidlegare statlege telefonselskapet EnTel er blitt privatisert.

Den store mirakelkuren som blir tilbode Latin-Amerika i dag er nyliberalismen/ultraliberalismen. For ti år sidan dreidde det seg om å sosialdemokratisera underkontinentet. Det viste seg uråd med ein så skakkjørt økonomi og med så store skilnader mellom fattig og rik. Den nye "mirakelkuren" foreskriven av USA har vist seg å ha ennå meir dramatiske resultat sosialt sett og dømmer størsteparten av folket til å leva i fattigdom, slik vi har sett at tilfellet en for Argentinas del. Dei to modellane har på ekstremt kort tid klart å blottlegga kapitalismens grunnleggande veikskapar i internasjonaliseringas, nyliberalismens og ultraliberalismens tidsalder.