AKP sin programdebatt

[Attende til debattoversikta] [Attende til AKP si heimeside]

Innlegg nr 14 - lagt ut 21. april 1999

Prinsipp-programordskiftet - eit pliktlaup?

av Erling Bø, Oslo

Landsmøtet i 1997 vedtok at partiet skulle arbeida fram mot eit nytt prinsipp-program i 1999, og etter å ha lege i daudvatnet lenge, med eit heiderleg unnatak for ein kamerat nordpå, kom det eit hefte med innspel i månadskiftet november-desember. Dersom det er meininga å gjera vedtak om nytt program i år, er me altso lovleg seint ute. Me gjer eit stort mistak om me set opp farten og prøver å koma i mål på so stutt tid. Då undervurderar me kor viktige sjølve dryftingane rundt eit slikt program er.

Kvifor nytt program?

Hovudveikskapen ved dette ordskiftet som no er drege i gang, er at det ikkje er fremja nokon heilskapleg og inngripande kritikk av programmet frå 1990. På det reint formalistiske planet er det peika på at Sovjetunionen ikkje finst lenger, og at EF no heiter EU, men argumentasjonen utover det tykkjest vera heller skral. På dei åtte åra som har gått sidan siste programvedtak har nok partiet gjort nye lærdomar, men det burde vera eit krav at slike oppsummeringar vart lagde fram på eit tidleg stadium i ordskiftet - med klårgjering av motsetnadene mellom den nye lærdomen og det gamle programmet. Noko slik avklåring har me ikkje fått, heller ikkje frå sentralstyret. Difor byrjar ordskiftet med famling og uvisse på kvar kursen skal gå.

For stutt

I det fyrste debattheftet låg det alt føre eit "helhetlig utkast" til program. Framlegget er svært kortfatta og knapt i ordlyden, og det er grunn til å spørja seg om det er klokt å skjera programartiklane ned so kraftig. Eit program er noko kvalitativt anna enn ei flygebladtekst eller paroleliste, og det er lita vinning i å blanda saman desse sjangrane. Eit kommunistparti bør ha ein vidfemnande analyse av klassesamfunnet, imperialismen, revolusjonen og det sosialistiske samfunnet (for å nemna noko), serleg av di partiet praktiserar den demokratiske sentralismen og det er overordna viktig at det politiske grunnlaget er nokolunde konstant. So lenge valperiodane til leiinga i partiet går over meir enn eitt år, bør grunnorganisasjonen og landsmøtet fastleggja det politiske grunnlaget tydeleg so det ikkje oppstår misforståingar eller misnøye. Folk som oppsøkjer eit kommunistparti, tek ikkje berre imot lettlesne faldarar, men er òg forvitne etter å få lesa meir grunnleggjande analyse.

Klasseanalyse

På strategikonferansane som vart haldne hausten og vinteren 1996, vart det opplyst om at partiet skulle setja i gang ein ny klasseanalyse. Det er nok mange som no venta seg at det skulle få nedslag i framlegget til nytt program. Men framlegget til program når på langt nær opp til det. Tvert om er klasseanalysane skorne inn til beinet, og klassar og sosiale skikt utanom arbeidarklassa og borgarskapet er knapt nemnde. Det vanlege landsmøtet i 97 vedtok ei korrigering av programmet frå 1990 på eitt punkt, kapitlet om dei tidlegare sosialistiske regima. Denne oppsummeringa er no heilt utelaten. Det er viktig å klårgjera ein analyse av både sigrar og nederlag, rette og range liner, i desse fyrste sosialistiske statane. Me kan ikkje forsvara marxismen-leninismen som reidskap samstundes som me gjev eit einsidig negativt og fordømande bilete av Stalin-Sovjet og Mao-Kina. No i det siste har nokon freista skapa inntrykk av at "den unge generasjonen" kjenner seg sette i bås av tidlegare kampsaker og paradigme. Grunngjevinga for denne nyorienteringa er minst like gamal som dei dogma som dei sokalla post-ml'arane seier seg kjempa imot. Det anti-dogmatiske standpunktet er ikkje ein dag yngre enn det fælslege "dogmatiske". Ingen er usamd i at prinsipp-programmet bør vera framoverskodande og framtidsretta, men me kan ikkje slå ein strek over den sosialismen som har funnest tidlegare i dette hundreåret og innbilla oss sjølve at me kan byrja på berran bakke. Me bør ikkje vera utopistar av Saint-Simons eller Thomas Mores kaliber. Ein sosialisme utan klassekamp, utan proletardiktatur, utan forsvar mot reaksjonære krefter, er berre slag i lause lufta - ein filantropisk humanisme - som kan verka like lokkande som andre vakre tankar, men som dett saman som korthus når han vert sett på prøve.

Arbeidarisme

Den magre klasseanalysen i programmet ytrar seg mellom anna i at arbeidarklassa mest står åleine som den progressive krafta i samfunnet. Dermed fær framlegget eit preg av arbeidarisme. I 1990-programmet står det: "AKP bekjemper alle forsøk på å splitte arbeiderklassen fra dens allierte i det arbeidende folket; småbønder, fiskere, intellektuelle og ulike undertrykte grupper." Teorien om einskapsfronten er soleis trengd til sides i det nye framlegget. Den historiske gjennomgangen er kjapp og ufullstendig. Den einaste sosialisten i Noreg føre AKP ser i framlegget ut til å vera Marcus Thrane, både fornamnet og etternamnet hans er forresten stava gale i framlegget. Korkje NKP, Mot Dag eller SUF (m-l) er nemnde med eitt ord. Av dei fremste teoretikarane våre er Engels og Stalin utelatne, noko som er merkeleg sidan partiet enno sel og legg fram verk av båe desse to på bokdisk. Denne utelatinga kan berre tena til å stadfesta at partiet skjemmest av å ha slike ideologar, og det fører knapt til større truverde eksternt.

Partiet og omlandet

Den leiande oppgåva medlemene av kommunistpartiet bør ta mål av seg til å ha i klassekampen og revolusjonen, er svært lite vektlagd i framlegget: Pkt. 4 "AKP ser det som sin oppgave å delta i arbeiderklassens kamp her i Norge." Kommunistpartiet er eit kader- og fortropparti, og me bør vita at det arbeidande folket ikkje kan vinna nokon sigrar utan ei fast og solid leiing til å gå i brodden i striden. Jamvel om kadrane i partiet ikkje kan og bør vera dei einaste i denne leiinga, må dei vera eit viktig element her.

Sume avsnitt i framlegget tyder på litt utidig reklame for eigne "underbruk og tilliggjande herlegdom", som Raude Fane (pkt. 3), RV (pkt. 14) og Klassekampen (pkt. 16). Slike referansar høyrer ikkje heime i eit prinsipp-program. I punktet om RV vert arbeidet i folke- og masserørsler samanblanda med det parlamentariske arbeidet, som i praksis kjem til å verka sekterisk og i strid med dei prinsippa m-l'arane har fylgt til no. Å stella til val er eit taktisk spørsmål, og det kan visseleg tenkjast ei politisk stode, med høgredreiing og trotskistisk frammarsj i RV, som gjer det uforsvarleg og lite føremålstenleg å arbeida i RV. RV ser heller ikkje ut til å ha vore nemnt i tidlegare program.

Synet på EU, forsvaret og staten

Analysen av EU synest vera lite oppdatert. Euro, Vestunionen og Schengen er ikkje komne med. NATO er klemt inn i det same punktet, og framstellinga vitnar mest om at NATO-medlemskapet er ei viktigare kampsak enn EU. AKP må ha ein kvass analyse av stats- og nasjonsbyggjingsprosjektet EU og korleis Unionen riv grunnen bort under norsk sjølvråderett og borgarleg demokrati.

Forsvarsspørsmålet er ikkje kommentert. Programmet frå 1990 slær fast: "Et uavhengig nasjonalt forsvar mot stormaktsaggresjon er nødvendig også i framtida." Korleis ser partiet no på pasifisme, som er mykje utbreidd på vinstresida? Er forsvaret berre eit borgarleg valdsapparat, eller er verneplikt for alle eit høve for folket til å eigna til seg naudsynt kunnskap om våpenbruk og sjølvforsvar? Programmet må gjeva retningsliner her.

Det arbeidande folket kan ikkje vinna fram utan å knusa det borgarlege statsapparatet i ein væpna revolusjon. 1990-programmet er krystallklårt på at staten er styrd av borgarskapet. Klassekarakteren til staten ser no ut til å vera tona ned i programframlegget. Det er eit tilbaketog for analysen vår.

Kvinnesyn, miljøkrisa og imperialismen

Kvinneperspektiv kjem dårleg fram i utkastet. Dei strategisk viktige yrka, lågtlønsyrke og visse industriyrke, er dominerte av kvinner, men dette tilhøvet syner seg lite i bolken om fagforeiningspolitikk. Presentasjonen av kvinnekampen er i det heile gjennomgåande økonomistisk - utan omtale av tingleggjering av kvinner gjennom pornografi og prostitusjon, trafficing in women osb.

Både miljøkrisa som har oppstått under imperialismen og tyninga av distrikta er relativt grundig utgreidde i 1990-programmet, men det nye utkastet snøyer det bort.

Det fyldige og forvitnelege kapitlet om Imperialismens epoke i 2.3 i det gjeldande programmet er heller ikkje dekt opp av noko anna punkt i framlegget. Tvert om er omgrepet imperialisme mange stader skifta ut med kapitalisme, eit attendeslag i analysen til tida føre Lenin, dersom det er eit medvite ordval. Den ideologiske legitimeringa av imperialismen gjennom kulturindustrien, kulturimperialismen, bør flettast inn ved ei eventuell nyskriving av programmet, men det framlagde utkastet viser ikkje teikn til noko slikt. Dei progressive folkerørslene er utelatne, medrekna målrørsla. Striden for nynorsk, som partiet gav stønad til i 1990, er ikkje omtala.

Nokre merknader til konkrete punkt

* Pkt. 17 "AKP er for fri ut- og innvandring." 1990-programmet tek avstand frå innvandringsstoppen og ein restriktiv asylpolitikk, men det er slett ikkje det same som å ikkje ha grensekontroll, dvs. fri ut- og innvandring. Korkje innvandringsstopp eller "1 million innvandrarar til Noreg" er truverdige progressive liner.

* Pkt. 8: "I den nåværende situasjonen mener AKP at samene bør kjempe for en samling av den samiske nasjonen som finnes i de tre nordiske land og i Russland og støtter samenes kamp for økte rettigheter." AKP bør vakta seg vel for å instruera samane i kva politisk styreordning som høver best. Ein eigen samisk nasjonalstat ligg truleg langt fram, både av di det demografiske grunnlaget er tunt og det samiske folket er splitta i so mange statar og samfunn. Samane må sjølve avgjera styremåten sin, anten i form av nasjonalstat eller gjennom større indre sjølvstyre i delar av Noreg.

* Pkt. 12 "AKP samarbeider med alle krefter som vil forsvare naturen mot disse overgrepene..." Perspektivet i miljøkampen bør vera å verja livsgrunnlaget til folk, ikkje forsvar for ein upersonleg natur. Me må ha klåre tankar her serskilt av di rovdyrspørsmålet er ei aktuell sak i desse tider. Naturen er ikkje berre "eit tempel", men ein verkstad òg.

Konklusjon

Di verre ber utkastet til nytt program merke av hastverksarbeid, og utkastet syner ingen djupare eller større lærdomar etter 1990. Tvert imot ser me at utkastet markerar tilbakesteg i analysen på mange felt. Me bør ikkje skunda oss med eit programvedtak som eit pliktlaup for å fylgja opp for høge målsetnader frå 1997.

Det bør av den grunn ikkje vedtakast eit halvgodt, nytt program på det neste landsmøtet. Saka bør utsetjast, og sentralstyret bør få oppmoding om å forma ut nokre programmatiske artiklar til bruk i avdelingane i komande periode. Motsetnadene bør stellast klårare, programmet frå 1990 må kritiserast, og spaltene i internbladet Raudstrupen bør stå opne for innlegg frå grunnplanet.

[Attende til debattoversikta] [Attende til AKP si heimeside]