AKP sin programdebatt
[Attende til debattoversikta] [Attende til AKP si heimeside]
Innlegg nr 01 - lagt ut 6. desember 1998
Vekk med torturkamra!
av Dag Lykke
Partiprogrammet til AKP skal nyformulerast på landsmøtet våren 1999. Eg vil gjerne at programmet seier noko om ein del sentrale samfunnsmessige institusjonar og funksjonar korleis vi meiner dei fungerer. Litt krast kallar eg dei for samfunnet sine torturkammer. Det er stader der ein god del folk institusjonelt vert mishandla på det grovaste under dekke av eigen- og samfunnsnytta. Om ikkje partiet programmatisk tar avstand frå slikt, manglar vi eit sunt utgangspunkt når vi ein gong skal byggje eit nytt og betre samfunn.
Det er nok slik at desse institusjonane til ein viss grad har nytteverdi, og at vi difor lyt finne andre løysingar om vi fjernar dei. Kva løysingar det skulle vere, veit eg ikkje det lyt vi diskutere. Må vi så ha alternativa klare og med i programmet no? Det veit eg heller ikkje.
Kva for institusjonar talar eg om? Det finst mange. Eg skal berre nemne fire: fengsla, sjukeheimane, skolen og familien.
Grovast er nok fengselsvesenet. Mange vil meine at ordet "tortur" er i grøvste laget når det gjeld dei tre andre institusjonane, men når det gjeld fengsla, vil eg ikkje vike ein tomme. Berre tanken på å tilbringe dag og natt innestengt på ei lita celle, får meg til å grøsse. Menneskjet er skapt til å vere fritt. Vi bør ikkje akseptere at det vert sett i lenkjer, mest same kva grunnen er. Noreg har rett nok eit ganske humant fengselssystem, men tanken bak er i seg sjølv tortur. I tillegg kjem at systemet er kostbart og fullstendig ineffektiv for alle tenkte formål, med unnatak av å halde skurken borte frå gata eller heimen eller kontoret eller kor det no er han har forgripe seg. Eg er ikkje i tvil fengsla må bort, men kva treng vi i staden?
Eit lite tilleggsmoment her er at fengsel naturleg nok er skandaløst same kven det går utover. Difor må venstresida la vere å rope på fengsel også når det gjeld kvitsnippar og klassefiendar. Det er heilt rimeleg med ei rettssak mot Pinochet, men ikkje faen om gamlingen bør sitte i fengsel.
Eg veit ikkje om nokon som har kome levande frå ein sjukeheim. (OK det finst vel nokre rehabiliteringsavdelingar.) Det er vel ikkje så rart. Det som er verre, er at svært mange lever eit uverdig liv der og døyr før tida. Trass fine lokale nokre stader og ein stab av englar, vert folk oppløyste etter kort tid når dei kjem på sjukeheim. Det gamle livet deira forsvinn, ingen veit kva dei har drive med før, ingen har tid til å prate med dei, til å leve saman med dei på deira premiss. Raskt forsvinn språket, kroppsstyringa og livet. Det er uendeleg trist å sjå folk verte handsama slik.
Når eg tenkjer meg om, må eg visst vedgå at eg heller ikkje veit om nokon som har kome levande ut av skolen. Denne zombie-fabrikken som skapar om levande, syngjande, ropande, teiknande, fantasifulle ungar til daude, livredde og undertrykte nesten-vaksne. Der arbeidsdagen er 30-50% lenger enn arbeidsmiljølova tillet for oss andre. Der tretti smådjevlar skal slåst opp oppmerksemda til ein lærar. Der pensum har lite eller ingenting med det verkelege livet å gjere. Kvifor vil vi skade ungane sånn? Til helvete med skolen.
Og som eit bakteppe for alt dette: familien. Ein institusjon med så mye vald og elende at om han hadde vore noko mindre heilag, så ville han blitt forbode på flekken. Og så meiningslaus: To personar som tilfeldigvis puler på ein fest, skal deretter måte late som dei er skapt og utvalt for kvarandre resten av livet. Og dei får av alle ting utan vidare hovudansvaret for avling og oppseding av nye slekter. I kva annan samanheng går verdas "kulturnasjonar" så lemfeldig til verks i viktige spørsmål? Og her har eg ikkje ein gong nemnt dei økonomiske og kvinneundertrykkande sidene ved faenskapen.
Kva er så alternativet til desse og andre torturkammer? Den som har svaret, lyt kome med det. Eller om tida vert for knapp: Kanskje landsmøtet kan vedta ein studie- og drøftingskampanje på dette viktige stoffet i neste periode. I alle fall bør AKP ha eit program som klart går inn for å avskaffe desse institusjonane.
[Attende til debattoversikta] [Attende til AKP si heimeside]