AKP: Programdebatt 2001

[Til debattoversikta] [Til AKP si heimeside]


Frå Einar Rysjedal, april 2001

Merknader og endringsframlegg
til prinsipprogramutkastet

AKP sin programkomite har mars/april 2001 lagt fram utkast til nytt prinsipprogram – førebels avgrensa til føreord, kap. 1 (kommunismen) og kap. 2 (kapitalismen). Resten, kap. 3 (Noreg), kap. 4 (klassekampen under kapitalismen), kap. 5 (sosialismen) og kap. 6 (kommunistpartiet), kjem seinare. Det er vidare meininga at ordskiftet om dette utkastet skal leggje grunnlag for eit framlegg som skal brukast i sjølve landsmøteførebuingane. Dette framlegget er ventande i midten av august.

Eg avgrensar meg no til kap. 1 (kommunismen). Sia det er "tidleg" i landsmøteførebuingane, avgrensar eg meg til merknader, men kjem også med nokre få konkrete endringsframlegg (tydeleg merka). Dei sistnemnde bør fyrst og fremst kome utover hausten når det står om det endelege framlegget.

Programkomiteen må arbeide meir med språket enn den har gjort. Eg nemner nokre døme. Men det er langt fleire. Mange setningar kan med fordel hoggast opp i både to og tre. Programmet skal vere tillitsvekkjande og tillokkande også språkleg sett.

Programkomiteen skal ha ros for at den har

Om utkastet skulle vorte vedteke slik det ligg føre, ville det vere eit framsteg. Men framsteget kan gjerast større. Det er føremålet med dette frå mi side:

1 Målet – eit kommunistisk verdssamfunn

Eg meiner kapitlet heller bør heite Målet – eit kommunistisk samfunn. Eg har medvite kutta "verd" fordi det skapar ein terskel som godt kan vente. Ein vert tydelegvis nøydd til å forklare/grunngje dette – jf. utkastet sitt underkap. 1.5: "Det betyr ikke [---]".

(Innleiing)

Formuleringane i dette kapitlet er viktig – kommunismen er jo det endelege målet. Arbeidsfolk vil ikkje slutte opp om partiet dersom dei ikkje er samde om målet. Men det er vanskeleg å formulere noko vitig om kommunismen fordi

Eg er sjølvsagt samd i at det ikkje går an å skildre det kommunistiske samfunnet i detalj, og at dette skal skrivast (som det er gjort). Men "veljarane" kan lett verte mistenksame overfor den formuleringa som er brukt. Veljarane er ille røynde med parti som ikkje vil ut med kva dei eigentleg står for. Til hausten skal eit par millionar veljarar lurast. Difor meiner eg at det er vitigare med ei utvida formulering omtrent som denne (endringsframlegg):

Me kan umogleg skildre morgondagens samfunn, kommunismen, detaljert i dag. Like lite som leiarane for slaveopprøra kunne skildre i detalj kva dåverande opprør ville leie fram til. Leiarane for dei borgarlege revolusjonane kunne heller ikkje sjå føre seg detaljane i deira "morgondag"; kapitalismen. Kommunismen vil heller ikkje vere noko ferdig og statisk samfunn. Den kjem til å ha si eiga utvikling som fylgje av sine nye utfordringar og motseiinga – utfordringar og motseiingar som me i dag ikkje kjenner nok til.

Men me kan seie kva som vil vere dei grunnleggjande skilnadane frå dagens kapitalisme og klassesamfunna allment:

1.1 Slutten på klassesamfunna

At det under kommunismen (det klasselause samfunnet) er slutt på klassesamfunna seier seg sjølv. Men eg er sjølvsagt samd i at programmet skal setje ord på det. Ganske enkelt fordi det kan verke aldeles ufatteleg etter "noen tusen år" med klasseundertrykking. Me treng gjere klasseløysa sannsynleg dersom den skal verte eit mål å streve etter!

Utkastet har mykje godt i seg;

Kjerna i dette underkapitlet er historisk materialisme. Den ser samfunnsutviklinga utifrå resultatet av utviklinga i produksjonsreiskapane (eit element av produksjonsmidla saman med råvarene). Utviklinga av nye produksjonsmåtar (system av produksjonstilhøve; t.d. kapitalismen) tvingar fram nye former for organisering av samfunnet (produksjonstilhøve; tilhøvet mellom menneska i den samfunnsmessige produksjonsprosessen). Underkapitlet tek til motmæle (polemiserer) mot vrangførestillinga om at sosialismen gjer ideane verkelege (den historiske idealismen).

Men eg meiner underkapitlet kan gjerast meir strukturert og systematisk, og framfor alt meir forståeleg og poengtert for nye lesande "sjeler som skal fiskast" (og nokre av oss "gamle").

Eg har tenkt mykje på korleis dette kan gjerast. Framsynet (visjonen) min er at dette underkapitlet i programmet på ein kortfatta måte skal ta føre seg den historiske utviklinga. Med det meiner eg – skissert framlegg frå mi side:

Desse overgangane frå eine til andre produksjonsmåten/klassesamfunnet kan sjølvsagt skildrast på mange måtar, men innafor ein historisk materialistisk måte Eg trur det er lett for lesarane å forstå m.a. at slaveeigarsamfunnet tok ikkje slutt fordi nokon som tykte så synd på slavane at dei fekk ideen om verte landeigarar (føydalherrar) og la tidlegare slavar bruke og drive denne jorda mot å betale for det i form av arbeid og skattar. Men at produksjonstilhøvet, det innbyrdes tilhøvet mellom slaveeigar og slave, var slik at produktivkreftene ikkje let seg utvikle stort – jf. Arbeidernes leksikon, bind 6, s. 354: "Slaveriet kan aldri føre til noen høi produktivitet av arbeidet. Slavene selv må [---] kues ved en stadig tvang så de aldri går inn i sitt arbeide med selvstendig initiativ. Den billige arbeidskraft på den annen side hemmer enhver teknisk utvikling. I det produksjonens vesentlige faktorer, arbeidskraften og teknikken på denne måte forsømmes, undergraves samfundets produksjon. Et slavesamfund bærer i sig spirene til sin egen undergang."

Eg meiner dette må formulerast slik at lesarane, gjennom årsaka til at eine samfunnet går under etter og "til fordel for" det andre, får ei allmenn forståing for årsakene til "samfunnsovergangane". Baktanken min er at denne allmenne forståinga skal hjelpe lesarane til å innsjå at kapitalismen vil gå under pga. dei prinsipielt same lovmessige årsakene.

Eg ser vidare at programkomiteen prøver seg på å skildre korleis kapitalismen lovmessig vil gå under (siste avsnitt): "Kapitalismen har utvikla produktivkreftene [---] Men de kapitalistiske produksjonsforholdene [---] hindrer utviklinga av produktivkreftene [---] jorda brytes ned."

Det positive er at avsnittet brukar enkle og forståelege ord. Men elles vert det litt "heseblesande" (masete). Det er inga god framstilling av slutten på klassesamfunna, og vert dermed ikkje tillitvekkjande nok. Nokre døme (kanskje litt pirk òg):

Utviklinga av produktivkreftene:

"Men de kapitalistiske produksjonsforholdene [---] skaper nød, vold og naturkatastrofer."

Ja visst skapar kapitalimen "nød, vold og naturkatastrofer". Men eg likar ikkje ei slik formulering fordi den skubbar arbeidsfolk frå oss. Årsaka er at det er ikkje berre kapitalismen som skapar slikt.

Eg er faktisk usikker på om kapitalismen sett under eitt har minka og auka nauda. Tenk på Noreg eller for den sak si skuld eit kva som helst kapitalistisk land i verda. Nauda er mindre utbreidd no enn den var i når føydalismen herska i desse landa. Er ho ikkje? Om ikkje, korleis kan ein då hevde, som ein unekteleg gjer i innleiinga til kap. 2, at "Kapitalismen var et framskritt i menneskehistoria, sammenligna med samfunnssystema før den"? Eller er den eit framsteg berre fordi den har utvikla produktivkreftene? Og apropos innleiinga til kap. 2: Den hevdar at det no for tida døyr 40.000 av svolt kvar dag. Galtung skreiv 100.000 i Klassekampen for nokre dagar sia. Etter eigne innhenta opplysningar, frå Sameinte Nasjonar, er det i dag "berre" 24.000 menneske som døyr av svolt eller lidingar knytte til svolt. Talet skal vere redusert frå 35.000 for ti år sia og 41.000 for tjue år sia.

Det er vel eit faktum at kapitalismen siste 20 åra har fått ei sterkare utbreiing i verda. Då må den såleis anten få æra for at talet på dei som døyr av svolt er nesten halvert eller få skulda for at talet ikkje har gått ytterlegare ned. Alternativet må vere å hevde at kapitalismen si auka utbreiing ikkje har verka inn på hungersnauda. Ikkje veit eg, men trur helst at den har vore eit framsteg. Prinsipprogrammet burde difor heller innehalde at: "Kap. har utvikla prod.kreftene til et nivå der hele menneskeheten kunne ha levd uten materiell nød eller savn","Men de kap. prod.forholdene [---] hindrer [---]"

"[---] Kapitalismen [---] som et ekstremt og destruktivt undertrykkingssystem."

Eg likar ikkje ei slik formulering:

Eg trur heller ikkje at formuleringa er særleg tillokkande for arbeidsfolk som søkjer andre alternativ enn borgarleg politikk og SV/NKP.

Siste avsnittet i underkap. 1.1

Det vert for heseblesande slik det er skrive. Avsnittet startar med allmenne tilhøve ved kapitalismen (og her bør det synast til kap. 3 og 4) og avsluttar med det same ved sosialismen (der det vert synt til kap. 5). Desse to enkeltdelane bør delast i 2 avsnitt - båe er klassesamfunn (Pål Steigan har t.o.m. karakterisert sosialismen som kapitalisme utan kapitalistar).

Denne minimaliserte omtalen av sosialismen bør finpussast. M.a. kan det drøftast korvidt det er slik at "arbeiderklassen og det arbeidende folket i en brei allianse gjør opprør, styrter den herskende klassen og starter bygginga av kommunismen" (mi understreking - rysj.). Eg meiner det er rettare å skrive startar bygginga av sosialismen.

Endringsframlegg: Alternativet er at arbeiderklassen og det arbeidande folket i ein brei allianse gjer revolusjon, tek makta frå den herskande klassen og startar bygginga av sosialismen. Sosialismen er eit overgangssamfunn mellom kapitalisme og kommunisme som me skildrar i kap. 5 og som skal leggje det økonomiske og politiske grunnlaget for det klasselause samfunnet.

Det er nok. Det allmenne om "brytningstid", "særegne former", "flertallets behov", "de ekstreme skillene" og "mangfoldet" kan ein godt spare seg – det er "skriveplass" nok i kap. 5.

1.2 Den private eigedomsretten og lønsarbeidet er oppheva

Under kapitalismen heng vel dette (eg er ikkje nokon framståande marxistisk økonom) uløyseleg saman – for oss. Den private eigedomsretten er at kapitalistane eig produksjonsmidla (råstoffa og reiskapane). Dessutan kjøper kapitalisten arbeidskraft (hjå dei som ikkje eig produksjonsmiddel) – og brukar denne arbeidskrafta med hjelp av reiskapar vert til å opparbeide og foredle råstoffa til ei ferdig vare. Gjennom dette lønsarbeidet vert det skapt ein meirverdi som er skilnaden mellom arbeidskrafta sin bruksverdi (verdien av varene som arbeidarane produserer) og arbeidskrafta sin byteverdi (arbeidsløna som må til for å oppretthalde arbeidskrafta sin verdi). Denne meirverdien disponerer kapitalisten.

Men dette er enno ikkje klart for fleirtalet – dei vil gjerne ha lønsarbeid sjølv om dei er forbanna på den private eigedomsretten. Og me har hatt andre klassesamfunn tidlegare, samfunn med privat eigedomsrett der det ikkje var lønsarbeid.

Difor meiner eg at 1.2 anten må splittast og forklarast betre eller berre forklarast betre. Nokre døme på kva som må forklarast betre:

Programutkastet nemner "Menneskers utbytting av andre mennesker gjennom lønsarbeidet". Med "utbyting" meiner me at arbeidarklassen gjennom lønsarbeid skapar ein meirverdi som kapitalisten tileignar seg utan anna vederlag enn den løna som skal til for å vedlikehalde og reprodusere arbeidskrafta. Folk flest legg noko langt meir brutalt og slavesamfunn-liknande i ordet "utbyting". Difor må dette forklarast betre for ikkje å vere eigna til oppslutning.

Den same trongen for forklaring gjeld også "den tvungne arbeidsdelinga", "Den samfunnsmessig nødvendige arbeidstida" (ikkje "Den nødvendige samfunnsmessige arbeidstida" som det står i utkastet) og "arbeidstvang".

Elles meiner eg at ein i underkapitlet om opphevinga av lønsarbeidet ikkje treng nemne at "Skillet mellom åndens og håndens arbeid vil være borte". Eg meiner det passar betre i kap. 1.6,

Både trongen for å forklare nemnde "ml-sjargong" treng plass. Både dette og at det er fleire sjølvstendige ankepunkt mot "Den private eigedomsretten" og "Lønsarbeidet" kvar for seg, gjer at eg meiner det er vetigast å dele dette underkap.

Endringsframlegg:

(1.2 Privateigedomen er oppheva)

Under kommunismen er den private eigedomsretten til naturressursane og produksjonsmidla oppheva. Også statskapitalistiske eigedomstilhøve er vekke. Båe desse eigedomsformene har hatt profitt som mål. Verksemder har vorte starta og arbeidsplassar nedlagde, ikkje utifrå kva som tener arbeidsfolk og samfunnet, men utifrå kva som gjev høgare profitt.

Under kommunismen eig samfunnsmedlemane naturressursane og produksjonsmidla i fellesskap. Desse vert brukt til å skaffe dei produkta som er naudsynte. Overskotet frå produksjonen går til fond som det arbeidande folket rår over i felleskap og som vert fordelt utifrå behova i samfunnet. Dermed har det arbeidande folket interesse av å auke produksjonen til eit nivå der samfunnsgoda vert tildelte samfunnsmedlemane beinveges utan å ha vorte omsette som varer på ein marknad.

(1.3 Lønsarbeidet er oppheva)

Under kommunismen er dermed også lønsarbeidet, slik me kjenner det frå kapitalismen, forsvunne. Lønsarbeidet under kapitalismen inneber at arbeidaren framstiller høgare verdiar enn han får attende i form av løn og at eigaren av produksjonsmidla held denne meirverdien for seg sjølv (utbyting). Den ikkje-naudsynte, framtvinga arbeidsdelinga og kvinnene si underordning vil vere oppheva. Samfunnsmedlemane treng ikkje lenger arbeide for å skape meirverdi til eigaren av produksjonsmiddel. Det inneber ikkje utan vidare at alle vil arbeide mindre. Det trengst sterk innsats i naudsynt produksjon, omsorg for andre menneske, undervisning, vitskap, kunst/kultur, administrasjon osb.

Samfunnsmedlemane vil ikkje lenger fordele seg innafor den samfunnsmessig nødvendige arbeidstida utifrå tilbod og tvang. Fordeling av det samfunnsmessige totalproduktet vil ikkje lenger vere utifrå rang og arbeidsinnsats. Båe fordelingane skjer i samsvar med prinsippet "frå kvar og ein etter evne, til kvar og ein etter behov".

1.3 Byteverdiproduksjonen er erstatta av bruksverdiproduksjon

Overskrifta og fyrste setninga i avsnittet vert for vanskeleg til å vere tillokkande – også for mange av oss "programkjennarar". I Arbeidernes leksikon les eg meg til at

Det vert merkeleg når ein samanliknar setninga "Under kommunismen, vil utfordringane bestå i andre ting enn å sikre enkeltindividene mest mulig materielle goder [---]" (materielle goder = "ting og gjenstander" = bruksverdiar – rysj.innskot) med at kommunismen er eit samfunn som har gått frå byteverdiproduksjon til bruksverdiproduksjon.

Når ikkje "ein gong eg" forstår dette, vil det truleg vere endå meir slik med dei arbeidande massane som eg meiner AKP treng oppslutning frå. Det treng forklarast betre!

1.4 Staten som reiskap for ein herskande klasse ...

Endringsframlegg: Føreslår som overskrift: Staten er døydd ut og erstatta av fellesskapen

Overskrifter bør gjerast kortast mogleg. Det gjeld som ein generell kommentar til programutkastet.

Eg har ovafor (om privateigedom og lønsarbeid) har valt å bruke fleire ord enn programutkastet, for å gjere det meir forståeleg for den som er interessert i. Eg meiner dette også må gjerast her. Særleg må staten som reiskap for ein herskande klasse forklarast – sjølv om det truleg vert forklara ein eller annan stad i programmet. Forklar påstanden kort og syn til den andre staden i programmet.

Endringsframlegg:

Under kommunismen er staten døydd ut. Staten var tidlegare dei herskande klassane sin organisasjon for å verne om den økonomiske og politiske makta deira både med "pisk og gulrot". Når det under kommunismen ikkje lenger finst klassar, har staten døydd ut.

Under kommunismen er skiljet mellom styrande og styrte oppheva. Parti og andre organisasjonar som har ivareteke klasseinteresser er vekke. Det gjeld også kommunistpartiet.

Under kommunismen organiserer individa seg og finn fridomen sin utan å trampe på andre sin fridom. Det skjer i "ei samanslutning der den frie utviklinga av kvar enkelt er vilkår for alle si frie utvikling", slik Marx uttrykte seg i Det kommunistiske (partis?) manifest.

1.5 Kommunismen er eit verdssystem

Dette bør vere det siste kapitlet.

Det nasjonale spørsmålet er no ikkje alltid like lett å forstå, men er det verkeleg rett at "Nasjonene vil være borte", slik det heiter i program-utkastet? Det er vel nasjonalstatane som er vekke?

1.6 Menneska vert heile menneske ...

Ikkje veit eg – eg har ikkje prøvt kommunismen eg heller, men eg har mine tvil om det er rett/tillitvekkjande å hevde at "den tida som går med til nødvendig arbeid [---] blir svært kort [---]". Eg meiner at programmet må forklare på ein kortfatta måte kvifor naudsynt arbeidstid vert svært kort, eller rettare sagt kortare

Dessutan trur eg at det under kommunismen vil vere ganske mykje meir som må gjerast enn "nødvendig arbeid" og "kulturaktiviteter".

1.7

Ikkje så pass sterke merknader som dei ovafor.


AKP: Programdebatt 2001

[Til debattoversikta] [Til AKP si heimeside]