Programdebatten i AKP 2000 - 2001[Attende til debattoversikta] [Attende til AKP si heimeside] |
Me har få merknader til kapitla 2.1 t.o.m. 2.4. Me har innspel til kapittel 2.5, 2.6 og 2.7, men nokre av desse kommentarane gjeld heile kapittelet, kan henda heile programmet.
Innleiinga (det med stor tekst/skrifttype): Slik ho står i framlegget frå nemnda, talar innleiinga no mest om vitskap, biologi og økologi ho er litt for generell og filosofisk/"stor i orda", t.d. "Naturen er dialektisk og i evig bevegelse".
Innleiinga burde handla om dei store utfordringane me har for å redusera klimautslepp og energiforbruket, stogga utryddinga av artsmangfaldet og stogga forsøplinga og forgiftinga av naturen og hindra øydeleggjingar av natur- og jordbruksområde.
Avsnitta nedanfor (det med mindre skrifttype): Desse avsnitta burde ta opp norsk olje og gass, vasskrafta, alternativ energi, samferdsel og naturfreding.
Det står mykje om korleis verda er idag, kor mykje elende det er idag, men det står lite om kva AKP meiner, kva AKP vil gjera og kva AKP gjer. (Dette gjeld i store trekk heile kapittelet, og kan henda heile programmet.)
Elles må det gjerast noko med inndelinga av underkapittel, det bør setjast på undertitlar, og lengda på underkapitla må ikkje sprika så mykje som det gjer no. T.d. er kapittel 2.5.6 kjempelangt - altfor langt - i høve til t.d. kapittel 2.5.1.
Programmet slik det er i dag, kan ikkje kuttast ned til å berre vera innleiingane/det med stor skrifttype, men det er for mykje å ta med alt som står med mindre skrifttype. T.d. i kapittel 2.5.6 står det mykje om genforskning, for mykje. Det er og spekulasjonar og slikt som høyrer meir heime i ei dryftingsoppgåve. (T.d. "Vil golfstraumen forsvinna?")
Kapittelet, og mykje av programmet elles, bêr preg av å skulle "læra bort" analysene våre i stort mon. Det må vera litt av det, men kapittelet bør vera meir konkret på å slå fast at "Difor meiner AKP ditt og datt". T.d. "Difor er AKP for sjølvvald abort ...
Seier for lite om kampen mot rasismen og nazismen. Punktet har ein føremon, då, det nemner tiltak i kapittel 2.7.1: Me må kjempa mot den deterministiske tenkjinga som dannar seg kring genetikken.
Det heile verkar litt sært når det ikkje står noko om andre tiltak, om den striden mot rasismen me faktisk tek del i. Dessutan bør det vel heller leggjast vekt på kven som tener på rasismen og kvar rasismen kjem frå, enn å få fram at det er ikkje er biologisk grunnlag for rasismen.
Totalt sett meiner me altså at det må koma fram tydelegare kva AKP meiner og kva AKP gjer/vil gjera. Det må ikkje vera like konkret som i eit arbeidsprogram, men det bør vera meir konkret enn det er no.
Overskrifta er ei spissforumering. Det er neppe grunnlag for å seia at Noreg korkje er ei imperalistmakt eller halvkoloni. So eg vil velja å kalla Noreg " usjølvstendig juniorpartnerimperialist".
Det står i andre avsnittet på side 19 at "kolltive velferdsordninger ble nedbygd", er detta rett? Vil det ikkje vera meir presist å nytta ordet "pressa"?
Ei viktig grunn til at Noreg er noko i likskap med ein halvkoloni er at me ikkje nyttar vårt eige mål (nynorsk). Bokmålet er ein arv frå den tida Noreg var koloni, og det at me ikkje har byrgskap nok til å kasta ut bokmålet or landet, tyder på at den norske nasjonen framleis er trælar i sjela.
3.1.2: Her vert det nytta ei rekkje tal. Slike tal er vel ikkje rett å ha i eit program som skal vara i mange år. Ein burde heller skriva om den store vareproduksjonen og kapitaloverflyttninga frå disktikt til sentrane. Og kanhenda ein bør nemna andre konflikter by/land, td.nedleggjijg av offentleg tenestetilbod, skulesentralisering og dårleg kommuneøkonomi. (by-land er eit betre og meir norsk omgrep enn "sentrum-pereferi).
3.1.3: Her påstår forfattarane at norsk militærpolitikk vert forandra for at Noreg skal kunna forsvara våre interesser i utlandet. Men Noreg har vel ingen interesser i Jugoslavia? So eg trur at Noreg vert med på dei militære eventyra til "senjor-partner"-imperialistene av di noko anna ville vore oppfatta som eit brot med USA/EU-politikken. Og det kan ikkje norske politikarar med internasjonale ambisjonar tillate seg.
3.3: Arbeidarklassen omfemnar fleir enn før, av di mange av dei tidlegare småborgarlege yrkene har vorte proletariserte! Det er vel det me eigentleg meiner. T.d. lærarar og "funksjonærar" var før priviligerte i høve til folkt i produksjonen. Dette er ikkje tilfellet lengre.
Det er ein sjølvmotseiing å seia at arbeidarklassen aukar av di kvinnene kjem inn i arbeidslivet samstundes som me seier at arbeidarklassa og omfemnar huslydene til arbeidararne. Ei heimeverande husmor som er gift med ein arbeidar høyrer til arbeidarklassen, ho skiftar ikkje klasse om ho byrjar å arbeida som kassadame.
Eg trur at høvet til å gjera karriere bør inn i klassedefinisjonen. Ein snikkar er ein snikkar og vert ikkje noko anna enn ein snikkar utan å taka lang etterutdanning (teknisk fagskule, mesterbrev ol.). Men ein lektor kan verta inspektør og rektor og skulesjef osb. Dimed har lektoren heilt andre karriereutsikter enn ein snikkar, sjølv om han ikkje tener meir enn 20-30-40-50 000 meir i året. Det same gjeld folk i arbeidar-aristokratiet, dei har heilt andre utsikter til karriere enn snikkaren, og difor og andre (subjektive) interesser.
Ordet "kamp" vert nemnt nokre gonger i detta kapitelet. Men det stend ikkje noko om streikekamp, kamp for betre arbeidsmiljø, kamp for velferd osb. men kamp mot arbeideraristokratiet, og ein ålmen formulering om kamp mellom arbeid og kapital. Me kan ikkje nemna alt AKP kjemper for, men kampen mot privilegia åt aristokratiet bør vel ikkje overordnast lønskampen.
3.5: Dette er eit langt avsnitt som må samordnast med pk. 2.6. Det grunnleggande i AKPs kvinneanalyse er at kvinnefrigjering ikkje er mogleg under kapitalismen. Dette kjem dårleg fram i den noverande teksten.
3.6: Kva er vitsen med detta avsnitet. Er det for å skryta av kva sume fekk til i 60-70-åra? Skal detta avsnittet stå lyt det vera med nokre kampkrav. T.d. gratis utdanning, nei til mote og kjøpepress, kamp mot cola, McDonald's, Friends og amerikaniseringa av ungdomskulturen o.l.
3.8: Detta avsnittet lyt samordnast med 3.5 og 2.6
3.10: Detta avsnittet må samordnast med 2.7
3.11: Kva, skal nynorsken allernådigst få plass inne i eit avsnitt om same og kvenepolitikk? Det er ikkje rettvist korkje andsynes samer eller målmedvetne nordmenn.
3.12: Filleproletariatet er ein reaksjonær klasse. Dei stjel, pushar dop og omsett sex, men dei vert rekruttert frå arbeidarklassen. Det er viktig å syna solidaritet med dei og byggja opp støtteapparat rundt dei.
Programdebatten i AKP 2000 - 2001[Attende til debattoversikta] [Attende til AKP si heimeside] |