Programdebatten i AKP 2000 - 2001[Attende til debattoversikta] [Attende til AKP si heimeside] |
Vi har ikkje tatt mål av oss til å gå grundig gjennom heile programmet, men har først og fremst konsentrert oss om det som står om kvinnepolitikk, kvinneundertrykking og kvinnekamp.
Innleiingsvis var vi også innom storleik og fasong på programmet. Kven skriv vi for, kor omfattande skal det vera, kor mykje ressursar skal bruksat på ulike nivå for å laga eit grundig og omfattande program? Utan å trekkja bombastikse konklusjonar, meiner vi at vi i tillegg til dei meir omfattande analysane, treng ein kortversjon, og kanskje er den korte versjonen den viktigaste der vi er no?
Så til kvinnepolitikken.
Kva meinest med setningen øvst på side 23: "Arbeiderklassens menn tjener ikke på kvinneundertrykkinga"??? Vi meiner den dekkjer over at menn på kort sikt har fordelar av den tradisjonelle ansvars- og arbeidsdelinga mellom kvinner og menn, og at ein må ta det med dersom ein skal få opp den diskusjonen som trengst for å få til verkelege forandringar. Dette synest vi er bra uttrykt i avsnittet 4.1.6.
Kapitlet 3.5 meiner vi verkar uferdig. Her er det ei blanding av prinsipielle standpunkt og tidsbestemte statistiske opplysningar som fort blir utdaterte. Vi ønskjer oss forkorting og innstramming.
Første avsnittet i kapitlet meiner vi er eksempel på korleis det ikkje skal gjerast. "Til tross for at norske kvinner har kjempa seg til en rekke formelle rettigheter " Denne setningen meiner vi er direkte feilaktig. Vi trur ikkje at formelle rettar garanterer noko som helst, og meiner at det heller burde stå noko sånt som at "patriarkalske strukturar gjennomsyrar framleis vårt samfunn, sjølv om kvinner har bekjempa seg til ein del formelle rettar ..." Øvste del av side 25 meiner vi er for tidsbestemt til at vi treng å ha det med.
3.5.7 meiner vi kan forkortast. Det viktigaste er å slå fast at kvinner i alle klasser blir ramma av kvinneundertrykkinga, og har felles interesse av å kjempa mot den, men at borgarskapet sine kvinner kan kjøpa seg fri frå delar av kvinneundertrykkinga.
3.5.8 her meiner vi dei tre siste linene (AKP mener ) er det som treng å stå, stryk dei sju første linene.
Eit par andre punkt vi litt tilfeldig har lagt merke til:
2.1.3. Her er uttrykket "fattigdomsgrensa" brukt som eit eksakt omgrep. Vi spør om dette omgrepet er så eksakt. Eksisterer det ikkje fleire definisjonar av kva fattigdomsgrensa er? Resten av setningen forklarer noko, kanskje kan ein berre stryka ordet "fattigdomsgrensa"? Ville det kanskje vera vel så nyttig (pedagogisk) å seia kor stor del av menneska på jorda som ikkje "får tilfredsstilt minimumsbehov for mat " som å bruka talet 1,2 milliardar?
Siste avsnitt av 4.1.3 (side 33) undrar vis oss over. "Nedbygginga av distriktene er også en form for intern kolonisering fra de nasjonale kapitalistiske sentrenes side." Er det berre vi som ikkje kjenner omgrepet "intern kolonisering"? Og kva er dei "nasjonale kapitalistiske sentrene"? Er det Tromsø, Trondheim eller Oslo som driv "Intern kolonisering" av kystdistrikta i Nord-Noreg? Kanskje like greitt å stryka setningen? Det som kjem etterpå, ser ut til å vera fornuftig nok.
Det var våre konkrete tilbakemeldingar. Vi har ikkje prioritert å bruka krefter på ein fullstendig gjennongang, og har heller ikkje tatt på oss ansvaret for å fullføra dei forbetringane som vi meiner bør gjerast. Men vi ønskjer oss altså først og fremst ein kortversjon vi kan stå inne for.
Programdebatten i AKP 2000 - 2001[Attende til debattoversikta] [Attende til AKP si heimeside] |