Massemord og heksejakt

av Leiv Olsen
leiar for Stavanger AKP og andrekandidat til fylkestingsvalet for Rogaland RV

Trykt i Stavanger aftenblad 31. juli 2003
Gjengitt med forfatterens tillatelse

Tilbake til hovedsida for denne debatten


AKP har ei "autistisk selvoppfatning" av sitt "totalitære lefleri", skriv professor Bernt Hagtvet i ein dobbeltkronikk i Dagbladet 16.-17. juli. Partiet blir sett i bås med NS og gjort personleg ansvarlege for folkemord i Kambodsja. Dette fordi AKP støtta Pol Pot-regimet i Kambodsja, Maos styre i Kina, og er revolusjonære. AKP og RV bør leggjast ned og avisa Klassekampen stryka sin revolusjonære formålsparagraf, krev han.

Bakgrunnen er nyheita om at eit FN-tribunal skal dømma Røde Khmer-leiarar som er tiltala for massemord i Kambodsja. Dette etter forslag frå Kambodsjas statsminister, Hun Sen, eit forslag AKP faktisk støtta straks det blei fremma, i 1999. Det er sagt at to av av Kambodsjas 7 millionar omkom på 1970-talet. Hagtvet hevdar at 600.000, 10 % av folketalet, strauk med som følgje av USAs terrorbombing, at endå fleire (andre seier færre) blei drepne av Røde Khmer, mens rundt millionen svalt i hel eller sleit seg i hel. Tala varierer sterkt mellom ulike kjelder, men det er skremmande høge tal.

Korfor måtte så mange døy? USAs terrorbombing fram til 1975 er verdshistorias mest intense. Den øydela samtidig rismarkene og skapte eit hat eg trur vi har små føresetnader for å skjønna. Phnom Penh, med 350.000 innbyggjarar før krigen, svulma opp til 2 millionar i 1975 - dei levde av matforsyningar brakt inn av USA. Då USA trekte seg ut, forsvann forsyningane. Hjelpeorganisasjonar frykta at ein million kunne dø av svolt. Røde Khmer valde å jaga befolkninga ut på landsbygda slik at dei kunne skaffa mat sjølv ved arbeid på rismarkene. Dei som ikkje drog frivillig, blei tvinga, eller skotne. Fiendebildet var enkelt: Phnom Penh hadde vore basen til USA, så bybefolkninga var fienden. Samtidig ville Røde Khmer gjera spranget direkte over i det pengelause kommunistiske samfunnet, byar og klassar skulle avskaffast over natta. Det var nødvendig å senda folk ut på rismarkene. Kanskje var det heller ikkje mulig å unngå ei kvar form for vold - trugselen om sveltedød er òg ei form for vold. Men summen av tvangen, hatet, fiendebildet og virkelighetsfjerne teoriar skapte så altfor mykje vold. Å myrda hundretusener, kanskje opptil ein million, av sitt eige fok, kan ikkje forsvarast.

Var massemordet ei følgje av Røde Khmers marxisme? Teoriane var lite marxistiske. USA, som drap like mange, og må dela ansvaret for hungerkatastrofen, var slett ikkje marxistar. Og sjå på dei grovaste overgrepa i vår tid: Algeriekrigen 1954-1962, Vietnamkrigen, Kambodsja, Suharto-kuppet i Indonesia, Aust-Timor, Guatemala etter 1954, Colombia, dei mange "forsvinningane" i dei latinamerikanske diktatura, Saddam Hussein, Rwanda 1994, Kongo, Angola, Liberia ...

Bortsett frå Røde Khmer har ikkje dei ansvarlege kalla seg marxistar. Dei fleste har vore instruerte eller dikterte av CIA og USA, men heller ikkje USA har eineansvar for all verdas vondskap. Skal ein trekkja ein lærdom frå historias mange overgrep, må det vera at det ikkje er grenser for kva ugjerningar menneske kan få seg til å gjera mot andre, dersom desse andre blir oppfatta som ikkje-menneske. Det er ikkje ønskjet om samfunnsomveltning, men mangelen på samkjensle med systrane og brørne våre på den andre sida, som er farleg.

Påstanden om den massemorderiske marxismen byggjer på ei kreativ form for teljing der alt blir kalla mord så sant kommunistar kan lastast for det. Mao var ingen massemordar, men mange millionar (dei som tar mest i, seier 35) omkom i hungerkatastrofar mens hans styrte. I heile verda døyr 7-15 millionar av svelt KVART ÅR på grunn av Vestens økonomiske jerngrep. Massemord?

AKP hadde personleg ansvar for massemord, hevdar Hagtvet. Vi forsvara Røde Khmer, altfor lenge, vi trudde ikkje på historiene om massemord, vi hadde høyrt så altfor mange propagandaløgner under Vietnamkrigen. Det gjekk fire år før vi innsåg at desse historiene måtte vera sanne. Men personleg ansvar? AKP har aldri myrda ei sjel, og vi hadde korkje makt eller innflytelse i Kambodsja. Men både vi og Bernt Hagtvet har ansvar for debattklimaet vi skapar. Skal Kambodsja komma seg vidare, går det bare ein veg: rettsoppgjer følgt av forsoning. Vi må håpa at dette lar seg gjennomføra. Men då er det også viktig at alle klagemål blir førte fram og at alle saker kan prøvast. Derfor foreslo statsminister Hun Sen eit FN-tribunal for å ta seg av ALLE overgrep i Kambodsja i heile perioden 1970-1998. AKP støtta forslaget då det blei lagt fram, i 1999. Vi oppfordrar andre til å gjera det same.