Appell av professor Nils Aarsæther
Tverrpolitisk aksjon mot krigen i Jugoslavia, punktdemonstrasjon i Tromsø 10.04.99
Kjære vener!
For fjorten dagar sidan var vi samla her på Torget i Tromsø for å protestere mot starten på NATO sine bombeangrep på Jugoslavia. Vi var her for å protestere mot Bondevikregjeringa og det norske Storting si åpenlyse tilsidesetting av internasjonal rett. Norge hadde ikkje bare uttrykt si støtte til eit brot på internasjonal rett. No deltar Norge for første gang i aggressive krigshandlingar mot eit anna europeisk land.
I dag kan vi oppsummere eit resultat så uhyrleg at vi knapt kan forestille oss det. Vi som kritiserte Norges tilslutning til NATO si krigføring mot Jugoslavia har fått rett på alle punkt. Vi er ikkje glad for at vi fekk rett, og vi beklagar sterkt at vi ikkje blei lytta til.
I tillegg har vi fått resultat som ikkje blei forespegla oss, men som vi hadde grunn til å frykte:
Når ein rettsstridig angrepskrig så totalt har feila, er det berre to ting å gjere: Først lindre smerter, hjelpe dei som er forfulgt. Her er vi i gang, om enn alt for seint. Det andre er å stoppe krigshandlingane. Her sviktar vår regjering på ny. Korfor er det ingen europeiske leiarar som våger å fortelle amerikanarane at dette er vi ikkje med på lenger? At vi må bruke andre metodar enn bomber for å stoppe Milosovitsj si etniske rensing?
Vi står i dag foran eit tusenårsskifte. Moralsk og vurderingsmessig står vestens leiarar på steinaldernivå. Og vi kan ikkje stoppe no, hevdar dei alle - frå Kristin Halvorsen til Kjell Magne Bondevik og Bill Clinton. No er NATO sin prestisje blitt overordna respekten for menneskeliv.
Denne appellen er grunnleggande kritisk til NATO-angrepet. Vi kan vere så kritisk fordi vi veit at dette var ein krig som amerikanerane VILLE HA. Den nye strategien for NATO skulle prøvast ut. Om lag dette uttrykte min tidlegare kollega ved Universitetet i Tromsø Geir Lundestad - kanskje vår fremste amerikaekspert - på NRK1 rett før påske.
I eit maktperpektiv kunne nok ikkje Norge aleina ha hindra ein krig som USA akta å igangsette, men vi kunne plassert oss utanfor - som vår NATO-partnar Hellas - og iallfall sikra oss ein moralsk plattform som kunne bidratt til å stoppe krigen på eit tidlegare tidspunkt.
Men det var Milosovitsj som ikkje ville skrive under Rambouilllet-avtalen,
hevdar amerikanarane. Legg merke til at Vollebekk på torsdag
erklærte at Rambouillet-avtalen var død. Mykje tydar
på at Vollebekk etterkvart har oppfatta kva delar av denne
avtalen går ut på - nemleg ein avtale der Jugoslavia
- heile Jugoslavia - i praksis, og utan tidsbegrensningar skal
godta å bli satt under NATO-administrasjon. (Eg viser her
til vedlegg 5B i avtalen.)
Rambouillet-avtalen viste seg å vere ein avtale for å
sikre igangsettinga av krigen, ikkje ein avtale for fred, unntatt
den freden som kan oppstå når den siste serber er
avliva.
Til sist kronargumentet frå NATO-forsvararane: Det var betre å bombe enn å gjere ingenting. Valget stod mellom krig og krig, som Kristin Halvorsen hevdar. Dette er ei grunnfalsk problemstilling. Det internasjonale samfunnet ved OSSE hadde eit observatørkorps inne i Kosovo før bombinga. Der var også hundrevis av journalistar som rapporterte om overgrep og tiltakande etnisk rensing i Milosovitsj sin regi. Det er observatørar og journalistar som er Milosovitsj sitt største problem, men NATO stelte seg slik at begge desse gruppene måtte forlate Kosovo.
Har vi eit alternativ til bombing? Ja. Det heilt enkle svaret vil vere å påtvinge Milosovitsj fleire observatørar i Kosovo, og trappe opp med politi- og vaktstyrkar i FN eller OSSE-regi. Observatør- og vaktstyrkar må vere samansett frå både Russland og NATO-land, og det må vere eit overvakings- og vaktarbeid på bakken, der overgrepa finn stad. Med Russland på rett side, og FN eller OSSE som myndighet ville Milosovitsj ikkje kunne fortsette etnisk rensing i Kosovo. Problemet ville ikkje vere løyst, men massakrar, etnisk rensing og Europas største flyktningeproblem ville vere unngått.
I dag finst det berre ei løysing: Stopp bombinga, slik at FN kan beordre ein væpna vaktstyrke med russisk deltaking inn i Kosovo. Dette er truleg den einaste mulighetenfor å hindre neste fase i det folkemordet Milosovitsj legg opp til i Kosovo no, og som NATO og Norge aldri kan hindre gjennom fortsatt bombing. Faktisk kan vi bli medansvarlege for den fullførte etniske rensinga av Kosovo. Bondevik er heldig som har eit opplegg for å få syndsforlatelse i himmelen. Kva skal vi andre gjere?