20. august 2002

Hans Olav Brendberg
er lærar og med i AKP

Exit Arafat -
velkomen, kaptein Måneskin




I oktober 1881 vart den irske "Land League" erklært ulovleg, og leiaren Charles Stewart Parnell vart sett i fengsel i Dublin. Før krisa sa Parnell at britane måtte tinga med han, eller med "Captain Moonlight". Og kaptein Måneskin - det var den århundregamle tradisjonen med anonyme gjengar som kom ut or natta og terroriserte jordeigarar og kollaboratørar. Dei gjekk under ulike namn - "Whiteboys" m.fl. - og sytte for ei konstant destabilisering av samfunnslivet, slik at Irland for hundre år sidan var det landet i Vest-Europa som hadde flest politifolk i høve til innbyggjartal, nesten ti gonger så mange som England på same tid i høve til innbyggjartal.

Britane måtte sleppa Parnell ut igjen, og i 1886 røysta det britiske parlamentet første gong over ei lov om "Home Rule", der Parnell var den drivande krafta på irsk side. Dyktige britiske politikarar sytte for at lova vart forkasta - og i 1891 døydde Parnell. Det var ikkje Parnell, men kaptein Måneskin som dreiv igjennom "justice to Ireland". Dei siste hundre åra har han med jamne mellomrom meldt seg, og sytt for at britane har fått lov til å hausta fruktene av "sigeren" over Home Rule i 1886. Britane valde å tinga med kaptein Måneskin - og har måtta betala ein rimeleg pris. Det er ikkje anna å seia om den tingen.

Den amerikanske presidenten har no halde ein tale der han har kravd at Arafat må bort. Arafat har sidan Oslo-avtalane hatt ei svært tvitydig rolle. På den eine sida er han palestinarane sin valde leiar, og leiar for den nasjonale motstandsrørsla gjennom ein mannsalder. På hi sida har han som president for sjølvstyret hatt kollaboratørens arbeid med å syta for tryggleik for okkupantar og ulovlege busetjarar. Vener av Palestina har vore nøydde til å stø Arafat. Men samstundes er det ikkje tvil om at Arafat har hatt ei moralsk tvilsam rolle.

No kjem USA og Israel til å fjerna Arafat. Vi må protestera mot dette - men ikkje ha illusjonar om å stogga denne vegvalsen. Når Bush seier til Sharon at han må trekkja styrkane ut - "and I mean NOW" - er det ein vits. For det er Sharon som i denne saka er mektigast av dei to. Men når Bush seier at Arafat må bort, har han Sharon på si side. Og då kjem det til å skje.

Vår plikt er å stø etterfølgjaren til Arafat. Og det er ikkje den kollaboratøren som Sharon og Bush set inn i staden for Arafat. Han får heller Hamas blåsa i lufta, om han blir for plagsam. Etterfølgjaren til Arafat er allereide utnemnt. Det er gode, gamle kaptein Måneskin.

Palestinarane kan ikkje velja mellom krig eller fred. Det er Israel som har makta, og kan velja mellom krig og fred. Dei har valt krig. Ikkje krig det neste året, men krig dei neste tiåra. OK - vil dei, så vil dei. Det er ikkje noko å gjera med det. Dei får be kaptein Måneskin til tingingsbordet, og sjå kva avtale dei kan få. Om han ikkje kjem, kan dei i mellomtida eta krigens frukter. Vi får ynskja dei ein rik haust.

[Ein bearbeidd versjon av eit innlegg på KK-forum 26. juni 2002]

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside