20. februar 2002

Einar Rysjedal
er RV-representant i Høyanger kommunestyre og med i AKP

Litt om kvifor gå mot
sal av kommunale kraftaksjar



Kommunane (og fylkeskommunane?) sel no kraftlaga sine eller (deler av) aksjepostane dei har i (sameigde) kraftlag. Bakmennene grunngjev dette fyrst og fremst med at salsinntektene trengst i ein skakkøyrt kommuneøkonomi. Alle kan skrive under på at pengane trengst, men kva standpunkt skal RV-representantar ta til slikt?

I Høyanger kommunestyre hadde me ei slik sak nyleg. Kommunen eigde 0,17 % av aksjane i Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) som er Noregs 3. eller 4. største vasskraftprodusent. Med utgangspunkt i denne eigardelen låg det eit aksjeutbyte på 330.000 kr i kommunen sitt budsjett for 2002. Dei to største eigarane i BKK var Bergen kommune (52,23 % av aksjane) og Statkraft (26,00 %). No ville Statkraft (SK) kjøpe seg opp til 49,9 % og baud dei 20 eigarkommunane til saman nesten 2,1 milliardar kroner. Bergen ville av dette få nesten 1,5 milliard og Høyanger vel 4 millionar. Høyanger sin eigardel ville verte redusert frå 0,17 til 0,12 %, noko som i prinsippet vil seie at årleg utbyte går ned frå vel 300.000 til vel 200.000 kroner (12/17). I tillegg til SK sin kjøpesum på 2,1 milliardar skulle SK også styrke eigenkapitalen med vel 1,2 milliard, dvs. at SK si samla investering er på 3,3 milliardar kroner.

Rådmann Lillehauge, som tidlegare var ordførar i 16 år, og no er både styreleiar i Sogn og Fjordane Energiverk og generealsekretær i Landssamanslutning for vassdragskommunar (LV), tilrådde sal av kommunen sine aksjar. Han grunngav det m.a. med at kommunane likevel vil ha aksjefleirtalet (50,1 %) og at Høyanger kommune sin innverknad er like stor eller like liten anten kommunen eig 0,17 eller 0,12 % av aksjane.

Som vanleg slukte kommunestyrefleirtalet rådmannen si grunngjeving og vedok salet, men det var mot 7 røyster (RV(2) + SV(2) + SP(3 av 4)). Desse sju representantane røysta på RV sitt framlegg om å forkaste salet.

Grunngjevinga mi for dette framlegget var denne:

1. Kommunen må gå mot monopoliseringa innafor vasskraftsektoren. Det inneber at økonomiske verdiar og dermed politisk makt vert samla på færre og færre hender. SK sitt oppkjøp i BKK er eit ledd i SK sitt arbeid for å skaffe seg monopol. Styringa vil verte flytta frå ei generalforsamling samansett av representantar frå eigarkommunar til lukka rom, i beste fall rom i kontorpalass på det sentrale Austlandet. Monopoliseringa gjev SK moglegheit til å fastsetje monopolprisar på kostnad av forbrukarane (gjett kva klasse og kva sosiale lag det svir mest for!). Dette vil også i sin tur innebere sterkare press mot dei lågare kraftprisane som er naudsynt for å oppretthalde kraftkrevjande industri i Noreg.

2. SK sitt oppkjøp i BKK vil i seg sjølv tilseie prisvekst på krafta. Når SK no investerer 3,3 milliardar kroner, vil dei heilt sikkert ha profitt på pengane sine – la oss seie i form av 10 % årleg utbyte. Dei må i så fall skaffe ut 330 millionar kr/år frå BKK. Når BKK produserer ca. 8 TWh (8 milliardar kWh) vil det seie 4 øre pr. kWh eller rundt 1.000 kr/år pr. forbrukar (årsforbruk 25.000 kWh).

3. SK vil ganske sikkert verte privatisert – kanskje med litt ulike grunngjevingar frå dei ulike politiske nyansane. Nokre kan gå ope inn for det (særleg Tilbakestegspartiet og Höire), og andre (DNA og liknande) meir fordekt ("det er gunstig å få inn andre europeiske energiselskaper på eiersiden for å sikre Statkrafts utviklingsmuligheter", tykkjer eg at eg høyrer). SK var i 2000 rangert som den 13. største el-produsenten i Europa (les: EU). Gjett kven som vil knuse kven – før me veit ordet av det, står eit eller anna gigantselskap i Det 4. riket for straumforsyninga i Noreg. Og gjett kven som vil tape på det – i 1999 var prisen til norske hushald vel 40 øre/kWh og i "Europa" 3-4 gonger så høg.

Omtrent slik var RV si grunngjeving for å gå mot at Høyanger kommune skulle redusere eigardelen sin i BKK frå 0,17 til 0,12 %. Me brukte vel litt finare og glattare ordelag for å vinne støtte. Men eg sa også, av taktiske årsaker, at dei partia som ville selje burde ha "is i magen" og tenkje seg om fordi prisen ganske sikkert vil stige i åra framover. For dersom det var kommunalt eigarskap ein ville ha vekk og det var kommunal lånegjeld ein ville redusere, og drit i resten, måtte det vel vere betre å få 8 millionar kroner enn 4 millionar som no.

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside