Veljarane straffa regjeringspartia fordi dei er ansvarlege for den verste økonomiske krisa i den tyrkiske republikken si snautt 80 år lange historie. Bulent Ecevit, den sosialdemokratiske statsministeren i den 57. regjeringa, sette og ein historiske rekord: Partiet hans, som fekk flest røyster ved valet i 1999, fekk no ei oppslutning på 1,2 prosent. Sjøl sa statsministeren at "vi har begått sjølmord". Han sikta til avgjerda om å ha valet i år i staden for å vente til 2004, og heldt fast på at mange ting ville ha vorti mykje betre om det ikkje hadde vorti val før om halvtanna år. Dei to tidlegare statsministrane Mesut Yilmaz (ANAP) og Tansu Ciller (DYP) har begge fått nådelaus kritikk fordi mange meiner dei er djupt innblanda i korrupsjon. Mesut Yilmaz bl.a. gjennom støtte til forretningane til bror sin og Tansu Ciller gjennom avgjerder til fordel for ektemannen. No er begge gravlagt i stemmeurnene, og dei varsla raskt at dei trekker seg frå leiarverv i partia. Men ikkje alle trur på dette, især ikkje når det gjeld Tansu Ciller. Som ein kommentator skriv i Turkish Daily News: "Etter reglane i tyrkisk politikk skal ein kynisk politikar vite når det er riktig å gøyme seg og når det er rett å stå fram på nytt." Rettferds- og rettspartiet (AKP) som vann valet, fekk berre 34,3 prosent av dei godkjende røystene. Partiet vart stifta i fjor og er ei fortsetjing av reformfløya i eit islamsk parti som vart forbodi. AKP profilerer seg no som eit sentrumsparti som vil satse stort på å få fortgang i arbeidet med tyrkisk medlemsskap i Europaunionen. Med 363 av dei 550 plassane i parlamentet kan dei danne regjering aleine. Partileiaren Tayyip Erdogan vart hylla med stormande slagord på valnatta: Statsminister Erdogan! Statsminister Erdogan! Det var høg stemning i lokala der sympatisørane var samla. Erdogan har godt omdømme frå tida han som karismatisk 40-åring tok over som borgarmeister i Istanbul i 1994. Den gongen åpna han ofte politiske møte med bøn. Som borgarmeister stod han i praksis for det som etter tyrkisk målestokk er ein velferdspolitikk til fordel for dei som er fattige. I ein av dei siste talane før valet snakka han om at alle hushaldningane må få innlagt rennande vatn og at dei som dyrker jorda må få tilgang til billegare drivstoff. Han sa ikkje eitt ord om religiøse spørsmål. Men Erdogan står framfor store problem. Før valet kritiserte han Bulent Ecevit si koalisjonsregjering fordi dei har gitt Tyrkia ei gjeld på 116 milliardar kroner til Det internasjonale pengefondet (IMF). Erdogan og AKP fekk brei tilslutning på valdagen fordi dei snakka krasst mot dei som har ført Tyrkia ut i den verste økonomiske krisa i republikken si 79 år lange historie. Krisepolitikken har auka talet på arbeidslause med minst 1 million berre i løpet av dei par siste åra. Men no etter at Erdogan har vunni valet, snakkar han varmt om at han ikkje vil bryte med IMF. Viss Tyrkia skal betale gjelda på 116 milliardar kroner, må Erdogan bl.a. sette fart på dei IMF-styrte privatiseringsprogramma. Det betyr at jobb nr. 1 blir å redusere talet på offentlig tilsette kraftig. Og for å seie det enkelt: Det er ikkje den slags veljarane hans forventar. Samtidig er det eit faktum at det berre var 34 prosent av dei godkjende røystene som gjekk til AKP. Det er den udemokratiske valordninga som gjer at partiet likevel får nær to tredjedels fleirtal i nasjonalforsamlinga. Valdeltaking var lågare enn vanleg i Tyrkia. Dei som røysta på Erdogan, er berre 25 prosent av dei som har røysterett. Sjølv om AKP er største partiet, så har ikkje noko fleirtal i folket bak seg. Hadde sperregrensa vori på 5 prosent, ville for eksempel Det demokratiske folkepartiet (DEHAP) med sine 6,2 prosent fått 51 plassar i nasjonalforsamlinga. Reint formelt har Erdogan og eit problem. I fjor sona han fire månader i fengsel fordi han hadde lesi eit islamsk dikt på eit politisk møte:
Domstolen tolka dette som oppfordring til religiøst hat. Slik diktlesing på eit politisk møte kan splitte Tyrkia. Det er derfor ei krenking av "statens udelelige enhet" og ideane til Mustafa Kemal Atatürk som døydde for 64 år sia. I tillegg til fengselsstraffa vart han frådømt retten til å vere valkandidat. Fleire titusen følgde Erdogan til fengselsporten da han starta soninga. Før han starta soninga, avslutta han ein appell til folkemengda utanfor fengselsporten med orda: Denne songen er enda ikkje slutt. Den setninga vart henta fram i fleire tyrkiske aviser dagen etter valet. Den dømte diktlesaren Erdogan er den nye sterke mannen i Tyrkia. Spørsmålet er kor lenge dette varer. Det er framleis generalane i Det nasjonale tryggingsrådet som etter grunnlova er det høgaste utøvande organet i Tyrkia. Det er framleis IMF som styrer den økonomiske politikken. Og dei som styrer Tyrkia, kan knapt klare seg utan å vere tett alliert med USA, sjølv om 80 prosent av befolkninga i Tyrkia seier det er i mot eit amerikanske åtak på Irak. |