10. februar 2002

Leiv Olsen
er lærar og med i AKP

Førkrigstid

Med fare for å mala fanden på veggen: no ser vi mange teikn på ei førkrigstid. I usystematisk rekkefølgje:

- Bush bruker OL i 2002 på ein måte som minner om Hitler-OL i Berlin 1936. Flagget frå «Ground Zero» (ruinane etter 11. september) blir båre inn på OL-stadion, opningstalen til Bush - så ekstrem at OL-toppane i CIO gir han refs for å misbruka arrangementet til politiske formål. Og dette er bare nok eit eksempel på korleis Bush & Co bruker alle høve til å få ideologisk gjennomslag for retten til hevntokt - over alt, og til alle tider, når det passar USA.

- Dei bomba Afghanistan nord og ned, og held fram med å bomba, utan å ta bin Laden, og utan å ta slike smålige hensyn som f.eks. omtanke for menneskeliv. Dei demonstrerer si militære allmakt sånn at dei kan skremma einkvar frå å gå på tvers av viljen til USA. Samtidig seier Bush: dei som ikkje er med oss, er med terroristane (så sørg for å velja side i tide!).

- Dei seier beint ut at dei aktar å gå til fleire krigar. Alt mens dei starta angrepet på Afghanistan sa dei at Irak, Jemen, Somalia og Sudan stod for tur. Dei sa òg at den såkalla «krigen mot terror» (kanskje ein ordglipp, dei meiner vel krigen FOR terror?) skal halda fram i mange år.

- Talen til Bush om «ondskapens akse» Irak-Iran-Nord-Korea, ut frå ein ogikk som står til stryk, men det gjer ingenting, for poenget er ikkje logikken, men å seia: vi gjer som vi vil, og drit i verda. Og vi er i stand til å gjera som vi vil. Prøv bare å hindra oss!

- Samtidig seier dei (bl.a. sendemannen Richard Perle) at ANGREPET PÅ IRAK KJEM. Det er ikkje spørsmål OM, bare NÅR. - Irak har blitt angripe kontinuerleg av USA sidan 1991, til no har eit par millionar omkome av krig/utarma uran/blokade (pyttpytt, dei er jo berre arabarar), men det er ikkje det dei tenker på, no skal det koma ein ny runde med massivt angrep for å vippa styret i Irak og setta inn nikkedokker for USA.

- Dei vedtar vanvittige opprustningsprogram (stjerneskjoldet og dei voldsomme påplussingane på krigsbudsjettet no etter nyttår) samtidig som statsbudsjettet går med voldsomme underskot (og samtidig som dei gir rekordstore skatteletter som gavepakkar til dei rike!).

- Og så seier bøllen Dick Cheney til massemordaren Sharon: heng Arafat!

- USA seier òg at dei aktar å gjera som dei vil, med eller utan koalisjonar, med eller utan NATO, men til ei kvar tid skapa dei koalisjonar som passar dei til det enkelte angrepet.

Dette er krigserklæringar - ikkje bare mot al Qaida og Taliban, ikkje bare mot Afghansitan, Palestina og Irak, og ikkje bare mot landa i den såkalla ondskapens akse, men også mot USAs eigne allierte. Dei veit at dei går på tvers av både EU, NATO, Russland, Kina og FN, og dei gjer det utan å blunka. Dei er så overmotige etter Afghansitan at dei meiner dei kan gjera som dei vil. Dei som i dag har makta i USA, er ein gjeng bøllar og kristenfundamentalistar som meiner at det er toskeskap og svakhet å lytta til alierte. Profesjonelle militære som Colin Powell blir skyvd ut over sidelinja. Det verkar på meg som at USA har bestemt seg, og meiner at dei andre landa (EU, Russland, Kina osb.) bare får innretta seg. Protestera må dei gjerne, men etter kvart som krigane kjem, ventar USA at dei skal føya seg - viss ikkje, skal USA vita å setta dei på plass. OG KRIGANE KJEM. Det seier toppfolka i USA i klare ord.

Dersom USA både AKTAR å gå til krig, og MEINER at ingen andre, korkje motstandarar eller allierte, kan hindra dei, kva konsekvensar får det for politikken vår?

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside