|
Organisasjonar som Al Qaida finst. Statsterrorisme finst. Den siste er farlegast. Etter 1950 har USA og Israel vore dei fremste utøvarane av terrorisme i statleg regi: USA med rundt 50 væpna intervensjonar og med eit 20-tal mordforsøk på politiske leiarar i andre land, og Israel med hyppige militære raid inn i nabolanda og med dagleg terror mot den palestinske befolkninga i okkupert område. Terrorhandlingane mot World Trade Centre og Pentagon den 11. september 2001 var manna frå himmelen til president Bush og oljemafiaen i USA. Aksjonane var etter alt å døme planlagt og gjennomført av ei sjølvstendig og lukka (sjølvmords-)celle med 19 medlemmer (James Petras i La Jornada 27.02.02.) På førehand kjente truleg berre 3-4 planane for dagen. Terrorhandlingane til denne anarkistcella, som i motsetning til Al Qaida truleg ikkje var infiltrert av CIA, gjorde det muleg for USA militært å knuse Afghanistan og opprette eit nett av militære basar og støttepunkt langs ein akse frå Balkan i vest til Kina-grensa i aust. Krigen var etter alt å døme planlagt lenge før 11. september, men 11. september var den nødvendige fenghetta. 9. og 10. januar i år hadde fleire norske media omtrent likelydande oppslag. NRK si nettside meldte 9. januar: "Amerikanske militære tjenestemenn sier at USA er i ferd med å bygge opp et langsiktig militært nærvær i Sentral-Asia ... USA og landets allierte bygger en flybase i Kirgistan (skal vere 'Kirgisistan') som kan huse 3.000 soldater og lagringsplass for krigsfly. Baser er også under utbedring i Usbekistan og Pakistan." Aftenposten meldte 10. januar: "USA er i full gang med å bygge opp et permanent militært nærvær i tidligere sovjetisk Sentral-Asia ... Ved å bygge permanente baser demonstrerer amerikanerne at de er kommet til regionen for å bli. I oktober inngikk USA en avtale med Usbekistan som ga mulighet til å operere militært fra usbekisk territorium. Som motytelse utstedte amerikanerne en sikkerhetsgaranti til president Karimov." Strategiske område (på grunn av petroleumsressursar og som "kile" mellom Russland i nord og det indiske subkontinentet i sør) som før var kontrollert av Sovjet, blir no kontrollert av supermakta USA. Eit maktpolitisk vakuum blir fylt opp på ein måte som må bli mislikt i dei folkerike, men svakare stormaktene Russland, Kina og India. USA er ikkje berre på frammarsj i Asia. I vesle Noreg vil USA også styrke basen sin. Den 20. desember 2001 meldte nettutgåva til Aftenposten: "Amerikanerne vil ha giganttomt i Oslo sentrum." Det gjeld ny tomt for den amerikanske ambassaden. "Fornebu er for usentralt for USA. Dersom ambassaden skal flyttes, vil de ha en tomt like stor som ti fotballbaner. Og det bør være innenfor Ring 3." USA gav i brev av 7.12.2001 til administrasjonsminister Victor Norman melding om at supermakta hadde behov for ei sentrumsnær tomt på 40-50 mål. Dette tilsvarer eit middels småbruk i Nordland! Eg har sett festningsverket til den amerikanske ambassaden i Managua, hovudstaden i Nicaragua. Regjeringskvartalet i Nicaragua vart som ein kiosk å rekne i forhold til USA-ambassaden ein kilometer unna! Er den tredje verdskrigen alt i gang? |