Bombinga i USA tysdag 11. september var djupt tragisk pga. alle dei uskuldige menneskeliva som gjekk tapt. Ingen veit vel heilt sikkert, men dei fleste reknar med at mellom 5 og 10.000 menneske er drepne. Denne terroren er heldigvis fordømt av alle. Det er forståeleg at terroren utløyste raseri frå folk i USA. Det er også forståeleg at hendinga fekk omfattande omtale i media. Både det tragiske og det nærmast uforståelege ved hendinga treng snakkast/skrivast om. Det er også positivt at det vart arrangert samtalar (ikkje minst i skulane) og stille stunder der ein mintest ofra. Men samstundes har media, særleg NRK, si handtering av hendinga teke heilt av. Særleg galdt dette dei fyrste dagane etter bombinga. USA vart omtala som om landet skulle vere det mest uskuldige regimet i verda. Terroristane som flybomba i USA tok altså livet av meir enn 5.000 uskuldige menneske. Det er hjartelaust, men visstnok "berre" 1/6 av det tal like uskuldige menneske som vart drepne i Israel sine åtak på Libanon i byrjinga av 80-talet. Åtak som Israel gjorde med USA si velsigning og med våpen som stort sett var amerikansk-produserte, og til og med ofte USA-finansierte. Få, kanskje ingen, arrangerte stille stunder for å minnast dei palestinske og libanesiske ofra. Få, kanskje ingen, samla støtte for krig mot det landet (Israel) som husa arkitekten (noverande statsminister Sharon?) som stod bak invasjonen i Libanon. Den store massemordaren i vår tid er faktisk ikkje Osama bin Laden iallfall ikkje enno. Den store massemordaren er USA. Fredsforskaren Johan Galtung peika i Klassekampen 13. september på at "USA står bak 128 militære intervensjoner i andre land, CIA tok livet av rundt 6 millioner mennesker mellom 1947 og 1987, og amerikanerne har utryddet minst 200 indianske nasjoner. Det bør ikke forbause oss dersom ofrene føler at de ha noe å hevne." Når Monica Lewinsky skulle vitne om ein mykje omtala sigar, fekk president Clinton vanskar med opinionen. Men han visste råd - han sende rakettar over Afghanistan og Sudan. Kva mål rakettane råka i Afghanistan er det ingen som veit endå. I Sudan øydela rakettane landet sin halve kapasitet for produksjon av medisin ein medisinfabrikk som var bygd med stønad frå FN. Det hjelpte likevel litt i Lewinsky-saka og innsatsen var jo berre eit visst tal drepne anonyme muslimar. Den noverande viftinga med det amerikanske flagget har ei endå styggare forklaring enn ulike menneskeliv sin ulike verdi. Flaggviftarane vil ha oss med i krigen på amerikansk side. Det er me kvite i den rike verda mot deler av 3. verda. Stavanger Aftenblad skriv at "Den uerfarne presidenten George W. Bush blir nå sett på den alvorlegaste prøva nokon amerikansk president har stått overfor sidan Cuba-krisa i 1962. Me vil håpa Bush og rådgivarane hans legg for dagen den same ro og klokskap som Kennedy-administrasjonen viste den gongen." Det ser ikkje ut til at George W. Bush klarer denne prøven. Han har allereie skræmt rådgjevarane sine med sin Ville Vesten-uttale når det galdt bin Laden, når han uttala "Wanted dead or alive". Sjølv for ein amerikansk president på krigsstigen er det formelt problematisk å seie slikt. I 1974, i Gerald Ford si presidenttid, vart det trass i alt vedteke ei lov som set forbod mot at amerikanske styresmakter likviderer framande statsleiarar eller gjennomfører politiske drap i utlandet. Den amerikanske krigen mot Vietnam og tilgrensande land kravde fire millionar menneskeliv åleine. Få, kanskje ingen, arrangerte stille stunder for å minnast dei indokinesiske ofra. Få samla støtte for å ta dei amerikanske presidentane Lyndon B. Johnson og Richard Nixon døde eller levande, trass i at alle visste det var "dei" som stod bak terrorbombinga. Verdssamfunnet veit ikkje at det var bin Laden som stod bak terroren mot USA, men trur det og handlar deretter. Me er sjølvsagt heilt samde i at dei som stod bak bombinga i USA må stillast til ansvar overfor ein domstol og få si straff. Men det er vanskeleg/umogeleg for Bush å ta den/dei skuldige utan å gå til krig mot eit heilt land (sannsynlegvis Afghanistan sia bin Laden visstnok er der). Men krig mot land i den tredje verda løyser ikkje dei problema som terrorismen representerer. Tvert om. Kva tener det til å møte terror med statsterror anten det er teppebombing eller "kirurgiske operasjonar"? Det er undertrykking og krig skapar grobotn for terrorisme. Det er primitivt berre å stille spørsmål om kven som gjorde det. Det er viktigare å stille spørsmål om kvifor det skjedde. Kva er årsaka og kva kan gjerast for å unngå at det skjer fleire gonger? Noreg har plass i Tryggingsrådet i FN og kan bringe spørsmålet om terrorisme inn for FN. Dette har enno ikkje skjedd, så vidt me veit. Derimot har Noreg som Nato-medlem og med den framleis sitjande DNA-regjeringa stilt seg bak vedtaket om å ta i bruk artikkel 5 som opnar for å gå til militære aksjonar som om Nato er i krig? Mot kven? Skal Noreg delta i krig mot Afghanistan? Skal norske soldatar setjast inn mot eit land som aldri tidlegare har lete seg hærta? Eit land som kasta ut engelskmennene når dei var på sitt sterkaste og Sovjetsamveldet når det var sterkt? Det er diverre liten grunn til å tru at eventuell påtroppande kristeleg-konservativ regjering vil vere mindre logrande overfor USA. På landsmøtet i Transportarbeidarforbundet sa Reiulf Steen som representant for Norsk Folkehjelp at arbeidarrørsla må "bli ei meir aktiv og medviten fredsrørsle. Dette inneber å ta stilling mot dei aggressive kreftene som styrer i USA." Også generalsekretæren Doro Zinke i European Transport Workers' Federation tok på landsmøtet til orde mot USA: "Dette er eit møkkete spel, heile snakket om å bombe Afghanistan for å få has på ein terrorist." Ho meiner at fagorganisasjonane må gå aktivt inn for å motarbeide krigshissarane. USA-klakøren Aftenposten har gått sterkt ut mot den høgt respekterte biskop Gunnar Stålsett. Bakgrunnen er at Stålsett har sagt at han "er redd for at et hevnpreget opplegg som rammer et helt folk blindt slik noen av utsagnene tyder på når det gjelder Afghanistan vil fremme ekstremisme og fundamentalisme." Det er ei meining mange kan stille seg bak. Det må mobiliserast mot den amerikanske statsterrorismen og mot at Noreg skal stille seg til rådvelde for dette. Dersom ikkje terrorisme og statsterrorisme vert stoppa, kan det heile ende med verdskrig. Kor står dei nyvalde stortingsrepresentantane for Sogn og Fjordane i denne saka? Skal Noreg berre logre til USA og deira statsterrorisme og delta i felttoget? Eller kva? (26. september 2001) |