Det var notbasane og storspellmennene som vart hugsa: Å setja not før hydraulikken var både ein kunst og ein kraftprøve. Å finna stimen var no ein ting: Allslags teikn skulle tolkast, før vibrasjonane i loddlina til slutt fortalde kva slags stim det var. So skulle nota ut i ring rundt stimen. Men sjølv når nota var sett, stod det vanskelegaste att: Det er mykje makt i ein sildestim som tek gali veg! Nett der endane av nota møttest vart det ei opning der stimen kunne ta ut. Skjømmelen ei treplate på ei stong som såg ut som ein stor fisk skulle halda stimen unna. Med skjømmelen på plass var det berre å snøra saman nota, og lyfta. Trygg var ein ikkje før nota var turka og mange hektoliter sild låg og sprella kraftlaust i overflata. So lenge stimen gjekk, var det heile tida kritisk: Silda går helst i ring, men fekk noko stimen til å skjera ut, er det ikkje berre å halda tonnevis av sild med handmakt. Det var i slike høve basen lærde kystens folk bannskap!
Dei politiske storbasane i vår tid er langt meir anonyme enn hi tids sildefiskarar men like effektive når det gjeld å setja steng og få stimane til å gå i ring. Og setta har helst gått bra med eit par unntak. Det er ikkje det at dei store folkehopane ynskjer å enda opp baksande i overflata i ein alles kamp mot alle. Men det er ikkje ynskja som bryt den ringdansen i stenget. Til det trengst det konkrete mål stimen kan gå mot. Ein må finna opningane i nota og ikkje la seg lura av dei skremsla som er sett ut der! Politikk er eit felt fullt av paradoks og motseiingar. Fred i vår tid - som Chamberlain sa! Attac er i utgangspunktet eit slikt forsøk på å bryta eit notsteng. No veit eg sjølvsagt at Attac er meir enn krav om Tobin-skatt men dette er likevel eit av dei mest konkrete måla, som har vore mest framme. Kva er utgangspunktet for Attac sitt arbeid for Tobinskatt i Noreg? I hovudsak finst det to vegar: Anten kan ein ynskja ein Tobinskatt eller ein kan samla til eit meir eller mindre målretta arbeid for å innføra ein slik skatt på valutatransaksjonar. Er utgangspunktet å ynskja Tobinskatt, står det vel ikkje att so mykje å gjera. Unge Høgre og Frp vil vel ikkje skifte side og elles har vel dei fleste vore positive? Skal ein derimot arbeida målretta, må ein vita kva hinder som er i vegen. Ein Tobin-skatt i den storleiken ein talar om 0,5 promille er ikkje større enn at norsk økonomi og norske verksemder toler han. Det er ingen sterke argument mot at Noreg går føre med å innføra ein slik skatt einsidig, og endrar spørsmålet om Tobinskatt frå å vera fromme ynskje til å vera aktuell politikk. Vil Attac i Noreg stilla krav om dette? Vil dei i tilfelle krevja at ein skal seia opp/reforhandla avtalar som står i vegen for innføring av Tobin-skatt i Noreg? Og er ein viljug til å nemna slike avtalar med namn? Jagland har sagt at han er positiv til Attac og organisasjonen sine krav. Det er sjølvsagt positivt. Noreg er for tida representert i tryggjingsrådet i FN. Vil Attac i Noreg fylgja opp med å be Jagland syta for at Noreg brukar slike posisjonar til å få sett Tobin-skatten på dagsordenen i internasjonale fora med vedtaksrett? Og vil Attac i tillfelle i forkant av stortingsvalet informera oss andre om Jagland har gjort noko konkret? Dei som står bak initiativet om Attac i Noreg, oppfordrar no til mobilisering, medlemsverving og organisering. Men eg må vedgå: Eg er enno ikkje heilt viss på kva dyr detta er. Eg veit ikkje om eg skal ha tillit og det er ikkje avdi eg har trong til å vera negativ. Difor: Kan interimstyret gje eit rimeleg klårt svar på dei to spørsmåla eg har skissert? Eg bed ikkje om anna enn eit smil, og eit kort svar. Eg vil sjå om dyret har tenner. [Denne teksten vart skriven tidleg i mars.] |