Etter at tingingane mellom regjeringa i Nepal og Kommunistpartiet i Nepal (maoistane) braut saman i slutten av november har regjeringsstyrkane innleidd den hittil tyngste offensiven mot maoistgeriljaen. Tidlegare har ikkje hæren vorte sett inn mot maoistane, og geriljaen har kjempa mot politistyrkar. Det er ikkje berre på den militære fronten undertrykkjinga er sterkare. Regjeringa i Nepal har erklært unntakstilstand i kampen mot maoistgeriljaen, og pressefridomen i Nepal er fullstendig sett tilsides. Her er dei nye presseføresegnene i Nepal: "Fylgjande skal ikkje kringkastast eller prentast: a) Alt som har som mål å skapa hat og vanvyrdnad for Hans Majestet Kongen og kongefamilien. b) Alt som kan skada sjølvstendet og den territorielle integriteten til Nepal. c) Alt som kan skada tryggleik, fred og orden i Nepal. d) Alt som kan skapa misforståing og hat mellom folk av ulike kastar, samfunn, religionar, klassar og regionar. e) Alt som kan skada sed, skikk og vyrdnad i folket. f) Nyhende som strid mot anden i grunnlova til Nepal frå 1990. g) Nyhende som fornærmar fleirpartidemokratiet. h) Alt som kan skada nasjonal ære, skapa sosial desintegrasjon og spora til terror. i) Alt som kan skapa hat mot den kongelege nepalske hæren, politiet og offentlege tenestemenn og senka moralen og æren deira. j) Nyhende som stør maoistiske terroristar, både grupper og individ og kan styrkja moralen deira. k) Emne med målsetjing om å kasta regjeringa med valdelege middel. l) Emne som truleg kan skapa redsle og terror blant folk. m) Emne som nedverdigar, ikkje respekterer eller undervurderer ein kvar klasse, språk, religion eller kultur. Fylgjande kan prentast: a) Nyhende som avslører dei kriminelle aktivitetane til maoistterroristane. Ein må likevel akta seg for ikkje å heva moralen til terroristane. b) Nyhende om motet og framgangane til hæren, politiet og offentlege tenestemenn. c) Offisielle nyhende frå regjeringa og offisielle media." Trur du meg ikkje? Sjekk dei sjølv: Nepal er eit hovudsamarbeidsland for Noreg. Regjeringa har ikkje kritisert desse drakoniske lovene, men i staden gått god for 'kampen mot terrorisme'. |