av Erling Folkvord, nestleiar i AKP
Appell på Heistadmoen 24. april 1999 ved 50-årsjubileet for NATO.
(50 personar deltok i demonstrasjonen som Antikrigsnettverket arrangerte 24. april kl. 12.30 utafor hovudkvarteret til Telemarkbataljonen.)
Ein av dei første som ringte til meg for å diskutere antikrigsarbeid, var ein offiser med solid tenestetid bak seg bl.a. i NATO-styrken i Bosnia-Herzegovina. Han hadde vorti offiser for å forsvare Norge, og gjerne gjere fredsbevarande innsats, ikkje for å delta delta i angrepskrig.
Tusentals ungdomar må snart avgjere sjøl om ho eller han skal stille seg til rådighet som soldat eller offiser for dei ulike verdspolitisjefane som Kjell Magne Bondevik kjem til å inngå avtalar med - utan å lese avtaleteksten først. Bondevik har jo sikra seg ein plass i historia som statsministeren som gjorde Norge til angriparstat i ein europeisk storkrig utan først å lese Rambouilletavtalen som fortel kva krigen handlar om.
Men den Bondevikske ansvarsløysa og hans servile underkasting under krigsordren frå Washington, fritar ikkje deg frå plikta til å tenkje sjøl.
NATO vart ein gong danna som ein forsvarsallianse. Men Clinton, Blair og Bondevik har glømt dette så grundig at dei ikkje ein gong har hugsa på å endre NATO-pakta slik at den gir formell heimel for at alliansen kan gå til angrepskrig utan å vere utsett for trussel mot eigne grenser. Bondeviks krig som han ber norsk ungdom delta i - er altså i strid med både folkeretten, FN-pakta og NATO-pakta.
Da eg møtte den kurdiske frigjeringsleiaren Abdullah Öcalan for fire år sia sa han at
" også den norske staten (deltar) i krigen mot det kurdiske folket. Kanskje ingen nordmann godtar dette og vil si at nei, vi er ikke i krig med kurderne. Men som statsmakt driver Norge gjennom sitt Nato-medlemsskap og sine våpenleveranser krig mot det kurdiske folket.( ) Nato ble grunnlagt mot Sovjet, men brukes først og fremst mot kurderne i dag."
Dei som synst at Öcalan i 1995 tok sterkt i , veit kanskje ikkje at den norske regjeringa har skrivi under ein hemmeleg avtale med Tyrkia om å sende F-16 skvadronen på Ørlandet som no kriger på Balkan - til ein flybase like ved den kurdiske "hovudstaden" Diyarbakir for å føre krig. Det står ingenting i avtalen om å bombe kurdiske landsbyar eller drepe kurdiske frihetskjemparar. Men det står at Norge skal sende F-16 flya for å føre krig der, når Tyrkia har bruk for det.
Så kan jo mannskapa på Ørlandet, som i same utrykningsstyrken som Telemarksbataljonen, i mellomtida spekulere på kor sannsynleg det er at Tyrkia treng hjelp mot andre enn den kurdiske frigjeringshæren.
Ved 50-årsjubileet fører NATO tre angrepskrigar samtidig. USA og England bomber framleis Irak - kvar einaste veke. Tyrkias sende for to veker sia ein ny angrepsstyrke på 15 000 mann med fly og panserstyrker over grensa og inn i nordlege Irak for å føre krig mot kurdarane som i stadig større grad samlar seg bak Den kurdiske nasjonale frigjeringshæren. Tyrkia oppga sjøl 13 falne blant sine eigne dei første 6 dagane. Og på Balkan har Albania uoffisielt vorti utropt som den nyaste amerikanske delstaten, mens heile NATO-alliansen fører angrepskrig på femte veka mot nabostaten Jugoslavia.
I det multinasjonale Vojvodina, det frodige jordbrukslandet mot Ungarn som produserer det meste av maten i Jugoslavia, fører Bondeviks NATO-generalar ein framgangsrik krig som skaper etnisk rensing. Dei har plukka ut bombemåla med strategisk omtanke. Får dei øydelagt transportvegane i dette jordbrukssentret og øydelagt næringsmiddelindustrien, så kan dei sakte svelte Jugoslavia i kne.
Krigen på Balkan handlar om at USA skal sikre seg eigne posisjonar. Det er ein av fleire krigar på 90-talet som handlar om nyoppdeling av verden mellom stormaktene. Etter at Berlin-muren vart knust i 1989 og Sovjet gjekk i oppløysing vart ei svær randsone rundt det gamle sovjet-imperiet "ledig". USA slåss for å dominere størst muleg del av dette enorme området som Clinton sine strategar kallar den eurasiatiske korridoren. Og han har bedt Bondevik om å stille norske soldatar, offiserar, fly og våpen til rådighet.
For ikkje å gjere Bill Clinton urett, skal eg sitere korleis han sjøl ein månad før åtaket på Jugoslavia - forklarte USAs rett til å gå til krig for det dei meiner er eigne interesser.
"Det er lett å si at vi ikke har noen interesse av
hvem som bor i en eller annen dal i Bosnia,
hvem som eier en bit karrig land på Afrikas horn eller
hvem som eier en åker ved bredden av Jordan-elva.
Men vi kan ikke måle våre interesser etter
hvor langt borte eller hvor lite et område er,
eller hvorvidt vi klarer å uttale det.
Spørsmålet vi må stille oss er;
hva blir konsekvensene for vår sikkerhet
dersom vi lar konflikter vokse og spre seg?
Vi kan ikke, og bør ikke, gjøre alt eller være overalt.
Men der våre verdier og våre interesser står på spill,
og hvor vi kan gjøre noe, så må vi være rede til å handle".
(Tale i San Fransisco 26. februar 1999)
Dette er Clinton-doktrinen. Som bestemmer kva du som er soldat her i Telemark-bataljonen skal brukast til i dei nærmaste åra. Du skal ut og drepe og kanskje dø for at Bill Clinton skal få det på sin måte på Balkan, på Afrikas Horn i Kurdistan eller i Kaukasus. Kor som helst der Clintons "verdier og interesser står på spill".
Bondevik er lydig som ein hund og rask. Fire veker etter Clinton heldt denne talen skreiv Bondevik i Dagbladet at regjeringa skal setje ned eit hurtigarbeidande utval for å omorganisere forsvaret slik at vi raskare og betre kan leve opp til Clinton-doktrinens krav og stille soldatar og utstyr for å delta i det Bondevik kallar "alliert samarbeid om krisehåndtering". Det betyr at han planlegg for fleire krigar.
For 54 år sia slutta den norske regjeringa seg til Londonavtalen som formulerte det folkerettslege og juridiske grunnlaget for Nürnbergdomstolen. 22 tyske toppleiarar vart stilt for ein internasjonal rett og 19 vart dømt. Det prinsippielt viktige ved Nürnbergdomstolen var at den slo fast at du må stå til ansvar for overgrep du har gjort, sjøl om du følgte ordre.
I dag er det grunn til å minne om at Londonavtalen av 8. august 1945 har ein klar definisjon av det dei kallar "forbrytelser mot freden". Det er
Ole Paus og ni andre melde i går utanriksminister Knut Vollebæk til Riksadvokaten for liknande brotsverk, med særleg vekt på korleis han som leiar i OSSE handla i strid med folkerett og trakatar/avtalar da krigen starta.
I dag og i enda meire i morra må du som er norsk soldat ta ansvar sjøl.
På det militære området ser vi at regjeringa ikkje ein gong gjer det som gagnar norske interesser. Dei bryr seg mindre og mindre om å ha eit forsvar av Norge og reduserer Norge til å vere ein klientstat for USA - eller eventuelt for Europaunionen - alt etter kven av dei to som er sterkast.
Når statsminister Bondevik akkurat no sit storøygd ved Bill Clintons føtter i Washington og lover dyrt og hellig at han og Norge skal følgje einkvar framtidig angrepsordre frå Pentagon, da må du som er norsk soldat, tenkje sjøl.
Nekt å delta i angrepskrig!
Ikkje skriv under fleire kontraktar som forpliktar deg til å delta i folkerettsstridig angrepskrig!
Har du skrivi under kontrakt, så bør du bryte den og vite at du har prinsippa frå Nürnbertgdomstolen på di side!
For både soldatar og offiserar bør det vere ei æressak å ikkje stelle seg slik at ein blir med på å bryte folkeretten og begå krigsbrotsverk!
Norske soldatar bør vise ansvar og mot viss Bondevik om nokre veker skal sette opp bakkestyrker eller okkupasjonsstyrker til å rykke inn i delar av Jugoslavia. Det einaste ansvarlege da er å ta av seg uniformen, brenne den folkerettsstridige vervekontrakten og oppfordre andre soldatar til å følgje eksemplet.
Nei til norsk krigsdeltaking!
Nei til Nato som verdspoliti !
Stopp utviklinga av eit offensivt norsk militærvesen!