Noter til Lenin: Staten og revolusjonen

Desse notene er i hovudsak laga av redaksjonen til Oktober-utgåva 1977. Originalen inneheld nokre få av notene med ordforklaringar og bokreferansar, samt notene x og aa. For å kunne lese heile teksten til Lenin med noter, gå hit.

1) Lenin skreiv Staten og revolusjonen medan han låg i dekning i august og september 1917.Fyrste gong han tok opp att det var naudsynt å utdjupa spørsmålet om staten teoretisk, var i siste del av 1916. Då skreiv han notatet Ungdomsinternasjonalen, der han kritiserte det umarxistiske synet Bukharin hadde på spørsmålet om staten og lova å skriva ein utfyllande artikkel om det marxistiske synet på staten. (Sjå Lenin: Samla verk, engelsk utgåve 1964, band 23, s. 163–166.) 17. februar skreiv Lenin til Alexandra Kollontay at han var nesten ferdig med å leggja til rette eit materiale om det marxistiske synet på staten. Dette materialet var handskrive i ei lita skrivebok og hadde tittelen Marxismen og staten. Ho inneheldt eit utval av Marx og Engels og utdrag frå bøker av Kautsky, Pannekoek og Bernstein med kritiske merknader, slutningar og oppsummeringar av Lenin.

Lenin planla sju kapittel i Staten og revolusjonen. Men det siste, "Røynslene frå dei russiske revolusjonane i 1905 og 1917", fekk han aldri ferdig, og det finst berre ein detaljert plan for det.

Om utgjevinga av boka skreiv Lenin til forleggjaren at dersom han "kom til å bruka for lang tid på å gjera ferdig dette sjuande kapitlet, eller dersom det kom til å verta for omfattande, skulle dei fyrste seks kapitla gjevast ut for seg, som Del ein."

På fyrste sida i manuskriptet står forfattaren av boka fram under pseudonymet F F Ivanovski. Lenin rådde til å nytta det, for elles ville den provisoriske regjeringa konfiskera boka. Men boka kom ikkje ut før i 1918, så det vart ikkje bruk for pseudonymet. Andre utgåva kom i 1919. Der hadde forfattaren lagt ein ny del til kapittel II: "Korleis Marx la fram spørsmålet i 1852".


a) Bak frontenStaten og revolusjonen er skriven under fyrste verdskrigen, mellom Tyskland, Austerrike-Ungarn og Italia på den eine sida (trippelalliansen) og Russland, Frankrike og England på den andre sida (trippelententen).


2) Fabianarane – medlemar av Det fabianske selskapet (The Fabian Society), ein britisk reformistisk og opportunistisk organisasjon grunnlagd i 1884. Medlemene var for det meste borgarlege intellektuelle - vitskapsmenn, forfattarar, politikarar (som t.d S og B Webb, Bernhard Shaw, R MacDonald og andre). Fabianarane nekta for at proletarisk klassekamp og den sosialistiske revolusjonen var naudsynt, og hevda at overgangen frå kapitalismen til sosialismen berre var mogeleg gjennom små reformer og ei gradvis omdanning av samfunnet. I 1900 gjekk Det fabianske selskapet inn i Det britiske arbeidarpartiet. Lenin har karakterisert fabianarane i artikkelen "Britisk pasifisme og britisk avsmak for teori" (1915). (Se Lenin: Samla verk, engelsk utgåve 1974, band 21, s. 260–265.)


b) Kanonisera – gjera nokon til helgen.


c) Friedrich Engels: Opphavet til familien, privateigedomen og staten (1884).


d) Antipode – motpol


3. Ætte- eller stammeskipnad av samfunnet – urkommunismen eller den første sosiale og økonomiske formasjonen i historia. Stammesamfunnet var eit samfunn av folk frå same ætt som var bundne saman med økonomiske og sosiale band. Stammesystemet gjekk gjennom den matriarkalske og den patriarkalske perioden. Patriarkatet munna ut i at det primitive samfunnet vart eit klassesamfunn, og staten voks fram. Produksjonstilhøva under urkommunismen bygde på samfunnseige av produksjonsmidla og lik fordeling av alle produkta. Dette samsvara allment til det låge nivået produktivkreftene låg på og til deira karakter på denne tida.

Om urkommunismen, sjå Friedrich Engels: Om opphavet til familien, privateigedomen og staten (1884).


e) Antikk – frå oldtida, særleg om dei greske bystatane og Romerriket.


4) Koalisjonsregjeringa vart skipa 5. mai 1917. I den sat representantar for storborgarskapet saman med t.d mensjevikane Skobeljev og Tsereteli og dei sosialrevolusjonære Tsjernov og Kerenski.


f) Syndikat – ei samanslutning av bedrifter eller finansmenn som er oppretta for å få kontroll over marknaden.


g) Friedrich Engels: Anti-Dühring. Herrn Eugen Dührings Umwälzung der Wissenschaft (1876–1878).


5) Trettiårskrigen – var til å byrja med eit oppgjer mellom keisaren og ikkje-katolske tyske småfyrstar. Etter kvart blanda dei fleste europeiske statane seg inn. Etter krigen var Tyskland endå sterkare oppsplitta enn før, og føydalfyrstane hadde styrkt stillinga si. Landet var sterkt herja, og folket hadde lide store tap.


h) Eklektisisme – filosofisk reining som vel ut delar frå ulike system utan å ta omsyn til om dei samsvarer seg imellom.


6) Gotha-programmet – programmet til Det sosialistiske arbeidarpartiet i Tyskland, vedteke i 1875 på Gotha-kongressen, der dei to tidlegare skilde tyske sosialistpartia, eisenacherane og lassalleanerane, samla seg. Dette programmet var heilt ut opportunistisk, fordi eisenacherane hadde gjort vedgåingar på alle viktige spørsmål og hadde godteke ordlaga til lassalleanerane. (Sjå Marx: Kritikk av Gotha-programmet (1875).)


i) Karl Marx: Filosofiens elende (1847)


j) Sjå Karl Marx og Friedrich Engels: Det kommunistiske partis manifest (1847)


k) Utopi – av gresk: outopos = ingen stad. 'Utopia' er namn på eit fantasiland med fullkome samfunnssystem og politisk system, og emne for ei bok med same namn av Sir Thomas More. Boka kom ut i 1516 og er skrive etter førebilete av Republikken av Platon. Utopiar er fantasiar om samfunnsspørsmål som ikkje let seg realisera.


l) Karl Marx: Louis Bonapartes attande brumaire (1851–1852). Seinare gjev Lenin att frå føreordet Engels skreiv i 1885 til den tredje utgåva av dette verket av Marx.


7) Dei svarte hundre – monarkistiske stormtroppar som politiet til tsaren sette opp for å kjempa ned den revolusjonære rørsla. Reaksjonære godseigarar, prestar og halvkriminelle spela ein viktig rolle i organisasjonen, som myrda revolusjonære og progressive intellektuelle og organiserte antijødiske pogromar.


8) Kadettane – medlemer av Det konstitusjonal-demokratiske partiet. Det var det viktigaste borgarlege partiet i Russland og var talerøyr for det liberale monarkistiske borgarskapet. Det vart skipa i oktober 1905. Kadettane sa seg å vera demokratar og kalla seg "partiet for fridom for folket". Slik freista dei å vinna oppslutning frå bøndene. Målet deira var å halda tsarismen oppe i form av et konstitusjonelt demokrati. Seinare vart kadettane partiet for det imperialistiske borgarskapet. Under den fyrste verdskrigen gjekk kadettane aktivt ut til støtte for tsar-regjeringa sin utanrikspolitikk, som gjekk ut på å annektera område. Då den borgarleg-demokratiske revolusjonen kom i februar 1917, freista dei redda monarkiet. Kadettane hadde ei leiande stilling i den borgarlege provisoriske regjeringa, og dei fylgde ein anti-folkeleg, kontrarevolusjonær politikk som vart godteke av dei britiske, franske og amerikanske imperialistane. Etter at den sosialistiske oktoberrevolusjonen hadde sigra, organiserte kadettane kontrarevolusjonære samansverjingar og oppreistar mot Sovjet-republikken.


9) Mensjevikane – dei som støtta det småborgarlege, opportunistiske straumdraget innanfor Russlands sosialdemokratiske arbeidarparti (RSDAP) og var reiskapen for borgarleg innverknad mellom arbeidarane. Namnet, som tyder "medlemar av mindretalet", skriv seg frå Den andre kongressen til RSDAP i 1903, frå vala til dei sentrale organa i partiet som vart haldne på slutten av kongressen. Mensjevikane var i mindretal, medan dei revolusjonære sosialdemokratane leia av Lenin, var i fleirtal (ordet " bolsjevik" tyder "medlem av fleirtalet"). Under revolusjonen 1905–07 var mensjevikane imot at proletariatet skulle ta leiinga i revolusjonen, dei var imot forbundet mellom arbeidarklassen og bøndene, dei gjekk inn for ei semje med det liberale borgarskapet og var for at det skulle ha leiinga i revolusjonen. I reaksjonsåra (1907–10) som fylgde etter at revolusjonen var slege ned, forkynte mensjevikane likvidasjonisme, dvs dei ville avskipa det revolusjonære partiet til proletariatet som arbeidde illegalt.

Under den fyrste imperialistiske verdskrigen fylgde mensjevikane den same lina som dei opportunistiske leiarane i Den andre internasjonalen, som sentristane Kautsky & co. Deira politikk var å taka fråstand frå revolusjonen og stilla inn klassekampen under krigen for ikkje å hindra "deira" regjering i å taka del i den imperialistiske krigen.

Den borgarleg-demokratiske februarrevolusjonen i 1917 førte til at det vart skipa ei dobbeltmakt i Russland – borgarskapet sitt diktatur gjennom den provisoriske regjeringa, og proletariatets og bøndenes diktatur gjennom sovjeta. Mensjevikane og dei sosialrevolusjonære (sjå note 10) gjekk inn i den provisoriske regjeringa, støtta den imperialistiske politikken ho fylgde og stridde mot den proletariske revolusjonen som heldt på å voksa seg sterk. Innanfor sovjeta fylgde mensjevikane den same politikken med å støtta den provisoriske regjeringa og skilja massane frå den revolusjonære rørsla.

Etter Oktoberrevolusjonen vart mensjevikane eit ope kontrarevolusjonært parti som organiserte og tok del i samansverjingar og oppreistar som hadde som mål å styrta sovjetmakta.


10) Sosialrevolusjonære – medlemer av eit småborgarleg parti som kom til i 1901–02, då einskilde narodnikgrupper og -sirklar slo seg saman (Den sosialrevolusjonære unionen, Partiet for dei sosialrevolusjonære og andre). Dei sosialrevolusjonære skilde ikkje mellom proletariatet og småeigarane, dei sletta over klasseskilnadene mellom bøndene og gjekk imot at proletariatet spelar ei leiande rolle i revolusjonen. Deira synsstader var ei blanding av narodnik-idear og revisjonisme. For å nytta eit uttrykk frå Lenin, så freista dei "å bøta riftene i narodnik-ideane med bitar frå moderne opportunistisk 'kritikk' av marxismen". (Lenin: Sosialismen og bøndene (1905) i Samla verk, engelsk utgåve 1965, band 9, s. 310.)

Bolsjevikpartiet reiv sløret av freistnadene frå dei sosialrevolusjonære på å gøyma seg bak ei sosialistisk maske, og det førte ein fast strid mot dei for å få innverknad mellom bøndene. Bolsjevikane synte at den terroristiske taktikken til dei sosialrevolusjonære var til skade for arbeidarrørsla. Likevel gjekk bolsjevikane, i visse høve, inn i mellombels semjer med dei i striden mot tsarismen. Under den fyrste russiske revolusjonen braut høgrefløya mellom dei sosialrevolusjonære ut og skipa det legale Folkesosialistpartiet som sto nær kadettane (sjå note 8) i politiske synsstader. Venstrefløya skipa det halv-anarkistiske maximilistforbundet. I perioden med Stolypin-reaksjonen forfall det sosialrevolusjonære partiet ideologisk og organisatorisk, og under den fyrste verdskrigen vart dei fleste av medlemane sosialsjåvinistar.

Etter februarrevolusjonen i 1917 var dei sosialrevolusjonære saman med mensjevikane og kadettane hovudstomnen i den kontrarevolusjonære borgar- og godseigarregjeringa, der leiarane var sosialrevolusjonære (Kerenski, Avksentjev, Tsjernov). Seint i november 1917 skipa venstrefløyen i partiet Det sjølvstendige venstresosialrevolusjonære partiet. I ein freistnad på å halda på innverknaden sin mellom bøndene anerkjende dei sosialrevolusjonære sovjetmakta formelt og gjekk inn i ein avtale med bolsjevikane, men snart gjekk dei over til å stri mot dei.

Under den utanlandske intervensjonen og borgarkrigen tok dei sosialrevolusjonære del i kontrarevolusjonær undergravingsverksemd, dei støtta aktivt intervensjonistane og kvitegardistgeneralane, dei tok del i kontrarevolusjonære samansverjingar og organiserte terroristiske aksjonar mot leiarane i sovjetregjeringa og i det kommunistiske partiet. Etter borgarkrigen heldt dei sosialrevolusjonære fram med dei fiendslege handlingane mot Sovjetstaten, både innanlands og mellom kvite-emigrantane.


m) Lagt til i 2. utgåva


11) Die Neue Zeit – eit tysk sosialdemokratisk tidsskrift utgjeve i Stuttgart frå 1883 til 1923. Frå 1885 til 1895 trykte tidsskriftet nokre artiklar av Engels. Engels gav ofte råd til redaktørane og kritiserte dei skarpt for avvik frå marxismen. Etter at Engels døydde, offentleggjorde tidsskriftet systematisk revisjonistiske artiklar. Under den imperialistiske verdskrigen (1914–18) hadde det ein sentristisk og kautskyansk synsstad og støtta sosialsjåvinistane.


n) Lenin: Den proletariske revolusjonen og renegaten Kautsky (1918), Forlaget Oktober, 1975.


o) Sjå Lenin: Føreord til den russiske omsetjinga av breva frå Karl Marx til doktor Kugelmann (1907), i Samla verk, band 12, engelsk utgåve 1974, s. 104–112.


12) Det andre keisardømet – keisardømet til Louis Bonaparte (Napoleon III) i Frankrike, 1852–1870. Det fyrste keisardømet var under Napoleon I, 1804–14.


p) Karl Marx: Borgarkrigen i Frankrike (1871).


13) Anarko-syndikalisme – ei stemnelei innanfor syndikalismen som hallar mot anarkismen. Dette kjem særskilt til syne i teorien om "det aktive mindretalet". Anarko-syndikalismen fører teorien til anarkistane om kor avgjerande vekt kvar einskild handling har, over til det faglege omkvervet. Til liks med all syndikalisme går og anarko-syndikalismen imot at det er naudsynt at arbeidarklassen driv partipolitisk verksemd, dei godtek berre den beinveges økonomiske striden (boikott, sabotasje, generalstreik). Men anarko-syndikalismen går eit steg vidare og fører fram anarkismen som det endelege målet.


14) Djelo Naroda (Folkesaka) – dagsavis som kom ut i St Petersburg og sidan i Moskva i 1917–18 som organ for sentralstyret i det sosialrevolusjonære partiet (sjå og note 10). Tsjernov sat i redaksjonen. Etter Oktoberrevolusjonen førte avisa fram skarpt kontrarevolusjonære synsmåtar.


q) Herostratisk – etter grekaren Herostrat som vart vidkjend då han stakk Artemis-templet i Efesos i brann. Altså, eit ry som kjem frå ei ugjerning.


r) Renegat – overløpar, svikar.


s) Føderalisme – politikk som byggjer på stort indre sjølvstyre for enkelteiningane (delstatar, fylke, kommunar) innan ein stat.


15) Girondinar – tilhengjar av Gironden, den moderate fløya i jakobinarpartiet under den store franske revolusjonen. Frå 1791–93 var Gironden eit sjølvstendig politisk parti som hevda moderate republikanske prinsipp. Det vart underkua av jakobinarane. Namnet kom av at fleire av leiarane var valde frå distriktet Gironde på sørvestkysten av Frankrike.


t) Oreigna – ekspropriera, to eigedom frå utan vederlag.


u) Friedrich Engels: Om bustadspørsmålet (1872–1873).


16) Blanquistane – tilhengjarane av den framståande franske revolusjonære leiaren Auguste Blanqui.


17) Proudhonisme – eit uvitskapleg straumdrag i småborgarleg sosialisme som har namn etter ideologen sin, den franske anarkisten Pierre Joseph Proudhon.

Proudhon kritiserte storkapitalistisk eigedom frå stillinga til småborgaren og drøymde om evigvarande eigedomsrett for småeigedom. Han gjorde framlegg om å skipa "folke"- og "byte"-bankar, der arbeidarane skulle få hjelp til å skaffa seg produksjonsmidla, verta handverkarar og sikra ei "rettvis" marknadsføring av varane deira. Proudhon skjøna ikkje kva for rolle og vekt proletariatet har også på klassestriden, den proletariske revolusjonen og proletariatets diktatur frå ein negativ synsstad. Som anarkist nekta han for at staten var naudsynt. Marx og Engels stridde ihuga mot freistnadene frå proudhonistane på å trumfa igjennom standpunkta sine i Den fyrste internasjonalen. Proudhonistane fekk ein knusande kritikk av Marx i Filosofiens elende (1847). Den faste striden Marx, Engels og tilhengjarane av dei førte, enda med at marxismen vann full siger over proudhonismen. i Den fyrste internasjonalen.

Lenin kalla proudhonismen "uklår tenking av ein småborgar og besteborgar" som ikkje kan skjøna synspunkta til arbeidarklassen. Ideane i proudhonismen vert i stor mon nytta av borgarlege "teoretikarar" i deira propaganda for klassesamarbeid.


18) "Autonomist" – (av gr. autonom = med sjølvstyre), ein som går inn for personleg fridom som overordna mål. "Autonomisme" er ein del av den anarkistiske "teorien".


19) Lenin viser her til artiklane L'indifferenzia in materia politica (Den politiske likesæla) av Marx og Dell' Autorità (Om autoriteten) av Engels i Almanacco Republicano per l'anno 1874.


v) "Gemeinde" og "Gemeinwesen".


20) Erfurt-programmet til det tyske sosialdemokratiske partiet vart vedteke i oktober 1891 og sett i staden for Gotha-programmet frå 1875. Engels kritiserte feila i Erfurt-programmet i artikkelen Om kritikken av utkastet til det sosialdemokratiske programmet i 1891.


21) AntisosialistlovaBismarck knesette henne i Tyskland i 1878. Ho fastsette at det var forbod mot alle sosialdemokratiske organisasjonar, masseorganisasjonar for arbeidarar og arbeidarpressa, at sosialistisk litteratur skulle dragast inn og at sosialdemokratane forfylgjas. Lova vart sett ut av kraft i 1890 etter press frå masserørsla til arbeidarklassen.


w) Sjå Lenin: Eit prinsippspørsmål. "Gløymde ord" om demokrati (1917), i Samla verk, engelsk utgåve 1974, band 24, s. 536–538.


22) Los-von-Kirch-Bewegung eller Kirchenaustrittbewegung ("Gå ut av kyrkja"-rørsla) – var ei masserørsle som voks raskt i Tyskland før den fyrste verdskrigen. I januar 1914 starta Die Neue Welt (sjå note 11) ein diskusjon om kva standpunkt det tyske sosialdemokratiske partiet skulle taka til denne rørsla. Diskusjonen tok utgangspunkt i ein artikkel av revisjonisten Paul Göhre, Kircheneaustrittbewegung und Sozialdemokratie. Göhre hevda at partiet skulle halda seg nøytralt andsynes rørsla og forby medlemane å taka del i propaganda mot religion og kyrkja på vegner av partiet. I denne diskusjonen let framståande sosialdemokratiske leiarar vera å slå standpunkta til Göhre attende.


x) Nominelt omlag 2.400 rublar, etter vekslingskursen no (august 1917 – Red.) kring 6.000 rublar. Dei bolsjevikane som gjer framlegg om ei løn på 9.000 rublar til dei som t.d sit i byråda, i staden for ei maksimumsløn på 6.000 rublar i heile staten – som ville vera aldeles nok – kan ikkje tilgjevast.


23) Lassalleanarane – eit parti i den tyske arbeidarrørsla i 1860- og tidleg i 1870-åra. Lassalleanarane var tilhengjarar av Ferdinand Lassalle. Det tyske sentralarbeidarforbundet var kjernen i rørsla. Lassalleanarane meinte det var råd med fredeleg overgang frå kapitalismen til sosialismen, og preika strid for allmenn røysterett og fredeleg parlamentarisme i staden for at arbeidarklassen skulle føra revolusjonær strid.

Marx kritiserte lassalleanarane kvasst og peika på at "i fleire år var dei eit hinder for å organisera proletariatet, og dei ende med å vera ein reiskap i hendene til politiet og ikkje noko anna". Marx analyserte dei teoretiske synspunkta til lassalleanarane og taktikken deira i Kritikk av Gotha-programmet (1875).


y) Bolsjevik – "Fleirtal" heiter på russisk "bolsjinstvo", og namnet bolsjevik kjem av dette. På same måten kjem mensjevik av " mensjinstvo" - mindretal.


z) Karl Marx: Kritikk av Gotha-programmet (1875).


24) Dette syner til Skisser frå ein presteskule, ei samling soger av Nikolaj Pomjalovskij (1835-63). Seminaristane vann åtgaum i vide krinsar av di dei var så uvitande og oppførte seg så barbarisk. Høyrer med til den såkalla populist-litteraturen.


aa) Når dei viktigare funksjonane til staten vert skorne ned til slikt ettersyn og kontroll frå arbeidarane sjølve, vil han ikkje lenger vera ein "politisk stat", og "dei offentlege funksjonane vil tapa den politiske karakteren sin og verta omgjorde til reine administrative funksjonar" (jf ovanfor, kap. IV, 2, Engels' samanstøyt med anarkistane).


bb) Doktrinær – Nokon som held seg strengt og firkantet til læresetningane, dogmatikar.


25) Haag-kongressen i Den fyrste internasjonalen gjekk føre seg 2.–7. september 1872. 65 utsendingar var til stades, og mellom dei var Marx og Engels. Mellom andre spørsmål var desse spørsmåla på saklista: 1. Fullmaktene til Generalrådet. 2. Den politiske verksemda til proletariatet. Hard strid med Bakunin-flokken sette merker på heile gangen i kongressen. Kongressen vedtok å utvida fullmaktene til Generalrådet. I fråsegna om "Den politiske verksemda til proletariatet" er det fastslege at proletariatet må organisera sitt eige politiske parti for å tryggja sigeren for samfunnsrevolusjonen og at frå då var den store oppgåva til proletariatet å vinna politisk makt. Kongressen stengde Bakunin og Guillaume ute frå Internasjonalen som desorganisatorar og grunnleggjarar for eit nytt, antiproletarisk parti.


26) Zarja (Morgongry) – eit marxistisk vitskapleg og politisk tidsskrift utgjeve i 1901–02 i Stuttgart av Iskra-redaksjonen. Alt i alt kom det ut fire nummer. Zarja stod fram med kritikk av den internasjonale og russiske revisjonismen og forsvarte den marxistiske teorien.

Desse artiklane av Lenin stod i Zarja: "Flogmerknader", "Dei som forfylgjer Zemstvo og hannibalane for liberalismen", dei fire fyrste kapitla av "Jordbruksspørsmålet og 'kritikken av Marx'" (prenta under tittelen "'Kritikken' om jordbruksspørsmålet"), "Oversyn over heimlege tilhøve", "Jordbruksprogrammet til det russiske sosialdemokratiet".

I nr 1, 1901 prenta Zarja ein artikkel av Plekhanov som heitte "Nokre få ord om den siste sosialistiske verdskongressen i Paris. Ope brev til dei kameratane som har gjeve meg fullmakt", som kritiserte fråsegna til Kautsky skarpt.


27) Den femte internasjonale sosialistkongressen til Den andre internasjonalen vart halden 23.–27. september 1900 i Paris, og 791 utsendingar var til stades. Den russiske utsendingsgruppa var på 23 medlemer. Hovudspørsmålet galdt korleis proletariatet skulle vinna politisk makt. Her vedtok fleirtalet på kongressen ei fråsegn som Kautsky fremja, som Lenin skildra som "forsonleg andsynes opportunistane". Mellom andre vedtak, vedtok kongressen å oppretta eit internasjonalt sosialistbyrå der talsmenn for sosialistparti i alle land skulle ha sete. Sekretariatet for byrået skulle ha sete i Brüssel.


cc) Kautsjuk – (Elastisk) gummimasse.


28) Dette syner til Industrielt demokrati av Sydney og Beatrice Webb.


29) Sozialistische Monatshefte (Sosialistisk månadsblad) – hovudorganet til opportunistane i det tyske sosialdemokratiet og organ for den internasjonale opportunismen. Under den fyrste verdskrigen sto Sosialistisk månadsblad på eit sosialsjåvinistisk standpunkt. Det kom ut i Berlin frå 1897 til 1933.


30) ILP, The Independent Labour Party (Det uavhengige arbeidarpartiet) blei danna i 1893. Det vart leia av James Keir Hardie, J Ramsay MacDonald og andre. Det gav seg ut for å vera politisk uavhengig av dei andre borgarlege partia, men i røynda var det "uavhengig av sosialismen, men avhengig av liberalismen", som Lenin sa i 1919. (Sjå Lenin: Oppgåvene til Den tredje Internasjonalen. Ramsay MacDonald på Den tredje internasjonalen, i Samla verk, engelsk utgåve 1965, bind 29, s. 494–512.)

Då den imperialistiske verdskrigen braut ut i 1914, sende ILP ut eit manifest mot krigen den 13. august som gjekk mot krigen. Men frå 1915 tok leiarane eit sosialsjåvinistisk standpunkt, under dekkje av pasifistiske frasar.

Då den tredje internasjonalen vart oppretta i 1919, vedtok ILP-leiinga å trekkja seg ut or Den andre internasjonalen, etter press frå dei vanlege medlemene, som hadde gått til venstre. I 1921 slutta ILP seg til den såkalla To-og-ein-halv-internasjonalen.

To-og-ein-halv-internasjonalen eller Wiener-internasjonalen vart starta i 1921 av parti som hadde brote med Den andre internasjonalen eller var mot å setja han i gang att, men som ikkje ville slutta seg til Den tredje internasjonalen. Dei godtok ikkje parolen om proletariatets diktatur, stilte seg fiendslege til utviklinga i Russland og fordømte den striden bolsjevikane førte mot mensjevikane og dei sosialrevolusjonære. I 1923 gjekk To-og-ein-halv-internasjonalen opp i Den andre internasjonalen.


[Teksten er lagt ut av AKP – her er heimesida vår.]

Til AKP si heimeside