akp.no

Leiar

Forsøk med sekstimarsdagen?

av Ingrid Baltzersen

akp.no nr 1, 2007


I Soria Moria-erklæringa gjekk regjeringa inn for forsøk med sekstimarsdagen. Det var bra, for da kan tilsette og fagforeiningar lage forsøk som dei søkjer om å få godkjent. Men er det nokon pengar igjen til dei?

Problemet er at sekstimarsdagen no blir omdefinert frå det som i kvinne-og fagrørsla uttrykkeleg handlar om seks timars normalarbeidsdag for alle med full lønnskompensasjon. Regjeringa vil at folk skal jobba lenger. Pensjonsutbetalingane skal ned. Difor skal AFP avviklast. Det skal «lønna seg å jobba». Dette er måten ein ser alt på i dag, også forsøk med sekstimarsdagen.

Difor vil regjeringa bruke pengane som er sett av til forsøk med sekstimarsdagen, til å få dei eldste til å stå lenger i jobb. Det kjem tydeleg fram i statsbudsjettet, sekstimarsdagen har blitt til ei kompensert deltid for nokre eldre. 20 millionar er sett av til forsøk i 2007, og desse eldreforsøka skal vara i 2008 også.

Det er sjølvsagt fint når eldre arbeidstakarar får ein lettare kvardag på jobben. Men det er noko anna enn eit forsøk for heile arbeidsplassar for å sjå korleis arbeidsforholda endrar seg for de tilsette med sekstimarsdagen.

Sekstimarsdagen skal gjera kvardagen lettare i eit brutalt, oppjaga arbeidsliv. Han skal gjera det mogleg for langt fleire kvinner å ha full jobb og dimed full lønn og full pensjonsopptjening, for at fleire skal kunne forsørga seg sjølv og eventuelle barn. Sekstimarsdagen kan skapa fleire arbeidsplassar.

Sekstimarsdagen er ikkje motivert med at sjukefråværet skal ned. Han er for å få et betre liv. Meir å gleda seg over, ikkje berre leva for å jobba.

Om ein no skulle gå med på premissa til regjeringa og hjelpa til med at folk skal jobba lenger, så er det i alle fall eitt tiltak som utmerkar seg: Sekstimarsdagen for alle aldersgrupper. Så blir kanskje ikkje folk så slitne når dei er gamle.

Kampen for sekstimarsdagen må førast på fleire frontar. Kravet må reisast ved tariffoppgjøret. Og regjeringa må løyva meir pengar til forsøk der alle tilsette på arbeidsplassen er med.