akp.no

Leder

Motstand er rettferdig!

av Ingrid Baltzersen

akp.no nr 10, 2006


"Partane må inngå ein dialog," seier mange politikarar om situasjonen i Midtausten. Dialog er eit moteord som skjuler at det finst ein okkupert og ein okkupant. Viss palestinarane har våpen, undergrev det dialogen. Viss palestinarane driv motstandskamp, undergrev det dialogen. Men viss israelarane går til åtak på sivile, er det berre ein teknisk feil eller berre ein reaksjon på palestinske åtak. Dialog blir også brukt når ein driv fredsforhandlingar, det viktigaste er at ein blir einige, gjerne på bekostning av den svakaste parten.

Israel er ikkje interessert i dialog. Det nye tilskotet til regjeringa, den fascistiske Avigdor Lieberman, er minister for strategiske trugsmål med spesielt ansvar for Iran. Det er same mannen som foreslo å bomba Iran sist atomspørsmålet var oppe, same mannen som argumenterer for etnisk reinsing i Israel og for likvidering av Hamas- og Jihad-medlemer. Den israelske regjeringa går no frå såkalla venstre, altså Arbeidarpartiet, til ekstremhøgre med Lieberman og partiet hans, Yisrael Beitnu. Det viser enno ein gong at det er spørsmålet om okkupasjon eller ikkje som er det viktigaste i israelsk politikk, og der stiller dei fleste partia seg på feil side.

I intervjuet med Hilde Reksjø får du vita meir om korleis okkupasjonen blir opplevd i Gaza. Palestinarane blir svelta ut, dei blir stengte inne og blir angripne av israelske helikopter. Dett har vore situasjonen deira i seksti år, og det blir berre verre og verre.

Palestinarane har rett til å styra seg sjølv, og dei har rett til sitt eige land. Israel okkuperer landet til palestinarane. Den einaste måten å få slutt på okkupasjonen er gjennom motstand, både ikkje-valdeleg og militær. Motstand er rettferdig!