akp.no

Nei til forskjellsbehandling

av Ingrid Baltzersen

akp.no nr 10, 2006


Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) har kome med fleire framlegg til endringar i utlendingslova, som dei meiner skal hindra tvangsekteskap. I realiteten vil dei hindra at det kjem fleire innvandrarar fra ikkje-vestlege land.

Departementet har foreslått 21 års aldersgrense for å få ektefellen sin til Noreg, dersom han eller ho kjem frå eit anna land. Dei vil ha tiltak som skal hindra at foreldra held ungane sine i eit anna land fram til dei er 21 år. Eit framlegg er at den som bur i Noreg, må ha budd her samanhengande dei tre siste åra. Eit anna er at den som bur i Noreg, må ha jobba eller studert samanhengande dei tre siste åra. Det tredje framlegget er at ein skal måla kor ekteparet har mest tilknyting ved å sjå på butid i Noreg, norskkunnskapar og jobb/studiar.

Ikkje basert på fakta

AID kan ikkje visa til kor mange av dei som blir ramma av tiltaka, som faktisk er utsette for tvang. Når ein ynskjer å innføra tiltak som er ein så stor inngripen i liva til unge folk som giftar seg på tvers av grenser, lyt ein ha ei viss aning om kor stor del av dei det vil hjelpa, og kor stor del av dei det berre vil laga problem for.

Det er viktig å hindra tvangsekteskap. Det å måtta gifta seg med nokon som ein ikkje vil gifta seg med, er eit stort overgrep. Men når ein ikkje kan visa at framlegga kjem til å virka, blir det opplagt at den viktigaste oppgåva til AID er å hindra at det kjem fleire innvandrarar frå ikkje-vestlege land. Dei som er her, bør gifta seg med kvarandre eller med "etniske nordmenn", medan nye innvandrarar berre fører til større problem og må hindrast. Det er eit syn på innvandring me må kjempa mot.

To lover

Departementet har også laga unnatak for dei som er i utlandet av di dei tek høgare utdanning eller jobbar i norske verksemder eller i diplomatiet. Det er altså klassedelt kva ungdommar som kan gifta seg med utlendingar. Dei som berre har teke vidaregåande skule eller hatt ein jobb i ei lokal verksemnd, har ikkje vektig nok grunn til å vera i utlandet.

"Utlandet" er heller ikkje eintydig. Kjem du frå England eller andre land i EU, er det 18 årsgrense. Hellas 18 år. Men drar du over Middelhavet til Syria skal det altså vera 21 år. Pakistan – sjølvsagt 21 år ...

Regjeringa vil altså ha ei ekteskapslov som behandlar folk ulikt ut frå økonomi og kor dei kjem frå. Dei vil ha to lover. Det er rasisme og minnar mest om apartheidlover.