Statsbudsjettet

Studentane framleis neglisjerte

Til innholdslista for akp.no nr 9, 2005 ||| Til AKP si heimeside


Ved stortingsvalet denne hausten røysta fleirtalet av studentane på dei "raud-grøne".

Men studentane har ingen grunn til å vera nøgde. Det var venta at reisestipendet på inntil 7.000 kroner som forsvann under høgreveldet i fjor, kom attende, slik det var lova av Ap, SV og Sp. Vi ser no eit klart brot på valløftet.

Er du student og har born? Då har du eit problem. Bondevikregjeringa foreslo kutt på 20 millionar frå studentbarnehagane i det opprinnelege budsjettet. Det var venta at løyvingane skulle koma attende no som barnehagepartiet SV kom i posisjon. Men Ap-SV-Sp-regjeringa seier nei.

Eit anna valløfte dei "raud-grøne" bryt, er satsinga på utbyggjing av nye studentbustadar. Valflesket om tusen nye bustadar vart til ein liten kjøtbit full av brusk og trevlar; ein løyva pengar berre til mellom 350 og 500 bustadar. Norsk studentunions (NSU) bustadsundersøkjing synte tidlegare i haust at det trengst kring 9.000 nye studentbustadar.

Attreis heiltidsstudenten!

Det "raud-grøne" budsjettet er ikkje eit budsjett for folk med låge inntekter. Auka i matvaremomsen frå 11 til 13 prosent og i andre avgifter råkar hardt, når inntektsauka er heilt minimal. Det tyder at kravet om å attreisa heiltidsstudenten framleis er aktuelt. Då treng ein minst 150.000 kroner i året å leva av, og det som stipend.

Kring ein firedel av studentane røysta SV ved valet i haust. Dei bør kjenna seg snytt. Me vil ikkje ha attende den gamle regjeringa - den var mindre bra enn denne. No kunne me vel ikkje forventa at regjeringa skulle klåra alt i eitt jafs. Men det er noko med brotne valløfte. Det er god folkeskikk å ikkje lova meir enn ein kan halda.