12. oktober offentleggjorde Utdanningsdirektoratet ein rapport om dei nasjonale prøvene, laga av forskarar ved Universitetet i Oslo. Rapporten skulle ta for seg dei tekniske sidene ved prøvene.
Forskargruppa, med PISA-generalen Svein Lie i spissen, er krass. Dei fleste faggruppene som har laga prøvene får kritikk. Men dei som verkeleg får gjennomgå, er Utdanningsdirektoratet:
"For å oppnå dette [betre prøver, red.anm] tenker vi her ikke minst på at det synes å være et behov for bedre testteoretisk innsikt blant alle involverte, og spesielt blant den sentrale ledelsen av de nasjonale prøvene i Utdanningsdirektoratet."
Men det som er spesielt hyggeleg er jo at boikotten av dei nasjonale prøvene har virka. Når det gjeld den tekniske kvaliteten på matteprøva, skriv forskarane:
"(...) andelen boikott på grunnkurs har vært høy; 36 % for 1MX, 43 % for 1MY og 45 % for 1M. Generelt sett mener vi derfor at det ikke er grunnlag for å rapportere skoleresultater for grunnkurs på Skoleporten. Med så stort frafall er det grunn til å anta at det er store skjevheter hva gjelder hvilke elever som gjennomførte prøven. Sammenlikninger blir derfor lett helt misvisende."
Forskargruppa går sterkt i mot publisering av nokre prøver. Av dei prøvene som gruppa åtvarar mot å publisere, finn vi alle prøvene på grunnkurs (høg andel boikott), alle skriveprøvene (ikkje ferdig utvikla) og alle engelskprøvene (ikkje ferdig utvikla).
Soga er ikkje ferdig skriven enno. Totalt har styresmaktene brukt over ein halv milliard - nok til å gje elevane gratis bøker i vidaregåande utdanning - på å gjennomføre prøvene. Vi veit enno ikkje kva ei ny regjering vil gjere med prøvene, men ein ting er sikkert: Sterke krefter ønskjer nasjonale prøver. Berre massemobilisering med elevar, foreldre og lærarar kan stogge prøvene.