Den nyliberale utdanningspolitikken
- ERT, EU og Noreg

av Terje Valen

Til innholdslista for akp.no nr 6, 2005 ||| Til AKP si heimeside

Terje Valen er lektor i ungdomsskolen i Bergen
og aktivt medlem av Utdanningsforbundet. Han er leiar av Hordaland AKP


I Noreg har vi hatt store omleggingar av utdanningssystemet sidan 1990. Omleggingane betrar kvaliteten på utdanninga sett frå kapitalen sin synsstad. Men ho innsnevrar målet for utdanninga og gjør ho meir ueigna til å overføre menneska si kunnskapsarv til nye generasjonar.

Lisboa i 2000

Det europeiske rundebord av industriherrar (ERT) organiserer leiarane for dei største konserna i EU og er ein integrert del av EU-prosessen. Han førte til at EU i Lisboa i 2000 vedtok ein hovudstrategi for dei ti neste åra: "Unionen har i dag sett seg sjølv eit nytt strategisk mål for det neste tiåret: å bli den mest konkurransekraftige og dynamiske kunnskapsbaserte økonomien i verda, i stand til varig økonomisk vekst med fleire og betre jobbar og større sosial samanhang." Nå blei heile EU-systemet gira inn på eit veldig arbeid for å omforme utdanninga i Europa etter nyliberale prinsipp. "Humankapitalen" i Europa skulle nyttast betre i konkurransekampen med USA, Japan og etter kvart Kina.

Victor Normans råd

Noreg har følgt opp med ei rekkje offentlege dokument. Victor Norman peikte alt i 1991 ut utdanningssektoren som der ein kunne spare aller mest, og han rådde til fleire elevar per lærar, kortare tid på å gjennomføre vidaregåande og høgare utdanning, konkurranseutsetting av skolane, kupongfinansiering og opning for meir privat drift. Rådet var grunnlaget for både Reform 94 av vidaregåande utdanning og Reform 97 av grunnskolen.

Samanlikne skolar og elevar

I 1996 heldt ERT og EU-kommisjonen eit felles seminar om "benchmarking". Det betyr å lage system for å kunne samanlikne kvalitet og vise skilnader. I 2000 eksploderte så EU sin innsats på utdanningsområdet. Her står innsamling, samanlikning og offentliggjøring av data frå dei forskjellige landa sentralt.

Nasjonale prøver

DNA-regjeringa følgde opp Lisboa-vedtaket ved å nedsette "Kvalitetsutvalet", som skulle drøfte ei full omlegging av norsk grunnutdanning. Bondevikregjeringa fulgte opp. I 2002 kravde utdanningsminister Clemet at utvalet skulle framskunde arbeidet med benchmarking, m. a. med opplegg for nasjonale normerte prøver. Dette blei samrøystes vedtatt av Stortinget.

Då EU-kommisjonen i 2003 rådde til at det måtte meir privat kapital inn i utdanningssystemet, fekk Clemet vedtatt den såkalla friskolelova. Clemet fekk også stort sett omdanne universiteta etter det nyliberale opplegget frå EU. DNA og Høgre har kjørt utdanningsløpet som om Noreg var medlem i EU. Nett som dei har gjort med pensjonane og arbeidslivslovene, som og var prioriterte område i Lisboavedtaket.


Les meir om prosessen i Noreg og EU. Den nasjonale prosessen, sjå http://home.online.no/~tervalen under knappen Utdanning med tittel "Stor presentasjon om skolepolitikk", side 106-116, 134-171 og 237-420. På denne nettstaden finn du også meir om EU og ERT sine mål for utdanninga.