Feir hundre år med sjølvstende!

av Eva Marie Mathisen

Til innholdslista for akp.no nr 5, 2005 ||| Til AKP si heimeside


Innimellom alle konsertane, kunstutstillingane, barneteatera og alle dei andre tilskipingane (og maset) dette året kan det vera godt å tenkja etter kvifor me eigentleg har denne markeringa.

Mange spør seg om 1905 i grunnen er so viktig. Eg meiner at 1905 fortener all mogleg merksemd, av di hendingane det året handlar om to viktige prinsipp: demokratisk styring og nasjonal sjølvråderett.

Det var politikarane på Stortinget som trassa kongen gong på gong og til slutt oppløyste unionen 7. juni, då dei erklærte at kong Oscar II ikkje lenger var norsk konge. Ved folkerøystinga var det berre 194 som var mot dette vedtaket, eit overveldande ja til eit fritt Noreg.

Me skal feira at me fekk ei eiga røyst i verda, seier det statlege selskapet Noreg2005. Eg vil gjerne vera med på å feira at det er hundre år sidan me vart ein sjølvstendig stat, av di eg vil at Noreg skal vera sjølvstendig lenge. Motstanden mot unionen er like aktuell no som for hundre år sidan. Den viktigaste feiringa i år vert difor at me feirar at me skal vera sjølvstendig i mange hundre år framover.

Det statlege selskapet vil ikkje laga ei jubiluemsmarkering som kan verta oppfatta for nasjonalistisk. Me må passa oss slik at me ikkje får ei sjølvgratulerande feiring, meiner dei. Men det må vera lov å gratulera oss sjølve i år. Og når me gratulerer oss sjølve, gratulerer me den nasjonale sjølvråderetten. Og det er ikkje nasjonalistiske eller diskrimerande i noko vis, den nasjonale sjølvråderetten. Forsvaret for at alle nasjonar skal kunne få avgjera si eiga framtid sjølv, er eit universelt prinsipp.

Oppmodinga mi er difor: feir norsk sjølvstende ekstra i år og bu deg samstundes på ein ny kamp mot ein ny union!