Sharon vil framleis diktera

Til innholdslista for akp.no nr 1, 2005 ||| Til AKP si heimeside


9. januar var det presidentval i dei sjølvstyrte palestinske områda for å finna ein etterfølgar som president etter Yasir Arafat. Mahmoud Abbas (Abu Mazen) vart vald med god margin og rundt 62 % av veljarane. Kva kan skje?

Abu Mazen er vald til president for dei palestinske sjølvstyremyndigheitene, men det er vervet hans som leiar for PLO som gjer han til representant for det palestinske folket. PLO representerer alle palestinarane, også dei i eksil. Presidentvalet i dei sjølvstyrte palestinske områda var under israelsk kontroll og på israelske premissar, noko ein såg med alle problema palestinarane i Aust-Jerusalem hadde med å stemma.

Hamas boikotta

Hamas var mot Oslo-avtalen, og dei palestinske sjølvstyremyndigheitene er ein del av Oslo-avtalen. Hamas ynskjer heller ikkje å hamna i ein posisjon der dei må forhandla og gjera kompromiss med Israel, noko presidenten må. I tillegg såg dei nok at dei ikkje kom til å vinna valet. Samtidig har Hamas sagt at dei vil samarbeida med den valde presidenten. Det betyr nok at dei vil dempa den væpna motstanden, og gje Mahmoud Abbas rom for å forhandla. Samtidig har dei sagt klart frå at dei ikkje akspeterer forhandlingar på dei viktige saksområda som Jerusalem og flyktningane sin rett til retur.

Forhandling og kompromiss

Yasir Arafat representerte både væpna motstand og forhandlingar. Mahmoud Abbas representerer først og fram forhandling og kompromiss. Ein god del av palestinarane på Vestbreidda og Gaza gav han tillit med å velja han. Framtida vil vise om han kan leva opp til den tilliten, eller om viljen hans til kompromiss fører til styrking av den væpna motstanden og splittingar i PLO.

Sharon dikterar

Sharons oppførsel etter valet tydar ikkje på at Abbas får det lett. Det einaste "kompromisset" Sharon vil godta, er at palestinaranes leiar skal retta seg etter dei krava som Israel set fram. Berre eit døgn etter at Abbas tok over, braut Sharon forhandlingane, avdi Abbas ikkje greidde å hindre palestinske angrep på Israel.