Opplæringslova og nynorsken

av Magnus Bernhardsen

Til innholdslista for akp.no nr 7, 2004 ||| Til AKP si heimeside


Kva fylgjer får endringane i opplæringslova for nynorsken og nynorskbrukarar? Me spør Ingar Arnøy, skulemålsskrivar i Noregs Mållag.

- Den viktigaste endringa i opplæringslova var tvillaust fjerninga av klasseomgrepet. Retten til å velja skriftspråk for elevane er knytt til å høyra til ein klasse. I opplæringslova er retten til å velja annleis opplæringsmål enn det som er vedteke for ein skule, ført vidare (også kalla "parallellklasse"), men no heiter det rett til undervisning i "eiga gruppe".

Det er over 200 nynorskklassar på bokmålsskular i Noreg. Ikkje fåe stader prøver no skulane å slå saman nynorsk- og bokmålsklassar, fordi klasseomgrepet er borte.

- Har du konkrete døme på elevar som ikkje får nynorsk vert samla i store klassar?

- I Sandnes, Sola, Bergen, Lindås og Mosjøen har skular vedteke å blanda elevar med ulikt opplæringsmål. På svært mange skular opplever foreldra og elevane å verta regelrett overkøyrde - i Bergen fekk foreldra vita om "nedleggjing" av ein nynorskklasse ved at elevane kom heim med lærebøkene på bokmål! Rektor på Møhlenpris skole hadde "funne ut" at elevane ikkje lenger hadde krav på nynorskundervisning av di dei ikkje hadde krav på undervisning i eigen klasse - avdi klassen ikkje finst lenger ... Foreldra og elevane hadde ikkje fått noko som helst informasjon føreåt!

Motstand?

- Kva kan foreldre og andre interesserte gjera?

- For det fyrste gå saman for å slå attende forsøka på nedleggjing av nynorskklassane (sume stader gjeld det nedlegging av bokmålsklassar!). For det andre klaga saka til fylkesmannen i fylket deira - då må skulen handsama klaga med ein gong. For det tredje krevja skriftlege meldingar frå skulen om alle endringar i undervisninga, kva lovheimel skulen har for å endra undervisninga og ikkje minst få skriftleg melding om korleis skulen tenkjer organisera skuletimane.

- Det viktigaste er lell at foreldra møtest og går saman. Allstad der foreldra har gått i hop, ikkje sjeldan med hjelp frå mållaga, har dei klaga lovbrot og feil frå skulen til offentlege styresmakter. Like eins opplever me ofte at der foreldre er åleine i å slåss mot skulen, der taper dei støtt.