Jenter skal kle seg som dei sjølve vil!

av Magnus Bernhardsen

Til innholdslista for akp.no nr 2, 2004 ||| Til AKP si heimeside


Har du høyrd om Lila og Alma Levy-Omari? Dei to muslimske systrene vart utviste frå skulen sin i Aubervilliers, nær Paris i Frankrike. Dei hadde nekta å ta av seg skautet, hijaben. Faren deira vart sjølvsagt sinna på skulen. Men var det slik at Laurent Levy hadde tvunge døtrene sine til å gå med hijab?

Laurent Levy er ateist med jødisk bakgrunn. Han har vore motstandar av at døtrene går med hijab. Mora til jentene er algerisk og ikkje-praktiserande muslim. Jentene vart sjølv interesserte i islam og byrja gå med hijab i 2002. Ved skulestart hausten 2003 tok skulen affære, og utviste dei etter at dei hadde nekta å gå med på å ta av seg hijaben, eventuelt byta den ut med eit skaut som viste hårrøtene, øyreflippane og halsen.

Desse to jentene vart utviste av lærarar som var organisert på det ytre venstre i Frankrike i partiet Lutte Ouvriere. Dei meinte at dei forsvarte den sekulære staten Frankrike og andre jenter som vart tvungne til å gå med skaut. No i februar vedtok den franske nasjonalforsamlinga å forby openbert religiøse plagg eller symbol frå den franske offentlege skulen. Liknande framlegg har kome her i landet, frå Framstegspartiet - men og med støtte frå nokre på venstresida.

Det kan vera viktig å minna om at den franske kampen mot hijaben har andre røter enn forsvaret av offentlege skular frie frå religion. Ein del av den franske kampen mot frigjeringa av Algerie (1954-62), var å skildra oppgåva til Frankrike som å redda dei algeriske kvinnene frå muslimsk undertrykkjing. Dei stelte i stand bål der hijabar vart brende.

Arven frå Algerie

I artikkelen "Avslørte Algerie" skriv den karibiske psykologen og ideologen for den algirske frigjeringskampen, Frantz Fanon:

«Kolonistens medvitent agressive intensjonar med omsyn til haïk [det algeriske sløret] gav nytt liv til dette daude elementet i den algirske kulturen ... Mot den kolonialistiske offensiven mot sløret set dei koloniserte opp slørkulten ... [Sløret] får ein tabukarakter, og haldninga til eikvar algirsk kvinne med omsyn til sløret vil konstant verta knytt til haldninga hennar til den framande okkupasjonen."

Med andre ord: kampen mot sløret var med på å løfta fram eit lite brukt plagg til eit symbol på motstand, eit symbol som og var praktisk i motstandskampen.

Lila og Alma, og mange andre muslimske jenter, vel å gå med hijab for å syna ein muslimsk identitet, for å skilja seg frå venleikstyranni og det dei ser på som sedløyse. Mange jenter vert nok og tvungne eller pressa til å gå med hijab.

Eit forbod mot å nytta hijab vil ikkje råka andre enn jentene. Dei som vil gå med hijaben for å uttrykkja sin religion, sin politiske ståstad eller klespreferanse, vert nekta å gå kledd som dei vil, og vil i tillegg missa skulegang om dei står på valet sitt. Dei jentene som vert tvungne til å gå med hijab, vil truleg verta tekne ut or den offentlege skulen, og i staden gå på religiøse skular. Det er ikkje noko steg nærare sekularisme ...

To sider av same mynt

Frankrike har ikkje stått på skiljet mellom religion og stat i denne saka. Dei har gjort det til ein del av statens oppgåver å regulera religionsutøvinga til ibuarane.

Ein av redaktørane i den svært antiislamistiske avisa Iran Bulletin – Middle East Forum, Mehdi Kia, kommenterer den franske lova slik:

"Lova som har vorte vedteken i Frankrike, er fundamentalt sett analog med lover frå dei undertrykkjande "islamistiske" regima i Saudi-Arabia og Iran som gjer fråveret av hijab ulovleg. Begge har dei ein totalitær mentalitet, der staten veit best kva som er best for individet, og nytta pisken for å få vilja si. Det er ikkje rart at reaksjonære geistlege ved Al-Azhar-universitet helsa utviklinga i Frankrike velkomen. Deira politikk med påbod om å bruka hijab har vorte rettferdiggjort. Påbodet om hijab og forbodet mot det er to sider av den same reaksjonære og udemokratiske mynten." (Weekly Worker #511.)

Alma og Lila vart spurde i eit intervju om kva dei ville gjera om dei levde i eit land der dei vart tvungne til å gå med hijab. "Då hadde me teke det av oss!" svarte dei då.