Filippinske fredstingingar

Magnus Bernhardsen

Til innholdslista for akp.no 2003 ||| Til AKP si heimeside


9.-10. oktober var det uformelle samtalar mellom den nasjonaldemokratiske fronten på Filippinane (NDF) og den filippinske regjeringa i Oslo.

Målsetnaden med samtalane var å sjå om ein kunne få gang i dei formelle samtalane att. Det filippinske kommunistpartiet har leia ein folkekrig på Filippinane sidan 1968, og fredstingingane skal freista skapa ein rettferdig og varig fred.

Den norske regjeringa har tidlegare vore ein såkalla 'facilitator', eller tilretteleggjar. No har dei gått inn i ei rolle som 'tredjepart', altså ein meir aktiv rolle. Dette meiner dei revolusjonære er gale. Dei vil ikkje forhandla med to regjeringar, berre med den filippinske motparten sin.

Macel Ingles, som representerer det filippinske fagforbundet Kilusang Mayo Uno (KMU) i Noreg meiner progressive nordmenn må protestera mot dette. "Eg vonar nordmenn kan protestera mot regjeringa, og krevja at Noreg skal ha ei meir nøytral rolle. Slik det er no vert Noreg ei brikke i spelet til USA."

- Kva er målsetnaden med fredstinginginane?

- Målsetnaden er å koma fram til ein rettvis og varig fred - altså, det er ikkje berre snakk om at våpna skal leggjast ned, men dei sosiale, politiske og økonomiske problema som ligg til grunn for konflikten, må løysast.

Terroristliste

- Noreg har skrive under på terroristlista til EU, der den viktigaste rådgjevaren til NDF, Jose Maria Sison, og folkehæren New People's Army er med. Samstundes vert NDF, der NPA er med, og Sison invitert til Noreg. Kva meiner du om det?

- Det er hårreisande at revolusjonære vert sett i bås med terroristar, og at ein set opp eit slikt hinder for å føra fredstingingane framover. Noreg må svara for kvifor dei har gjort dette, det skjedde heilt utan debatt, nett slik som med så mange andre pålegg frå EU.

I samband med at NDF-delegasjonen var i Noreg, vart det sett i gang arbeid med ein komite for å forsvara Sison og andre filippinske progressive frå terroristlistinga og dei problema som fylgjer med det.

Her kan du lesa meir om Defend Sison internasjonalt: www.defendsison.be.

For å kontakta den norske komiteen kan du skriva til phil-update@lycos.com. Der kan du og tinga bøker skrive av Sison, postkort og anna.