Sverige sa NEI!

av Magnus Bernhardsen

Til innhaldslista for akp.no 2003 ||| Til AKP si heimeside


14. september røysta Sverige nei til Den økonomiske og monetære unionen (ØMU), som er ein del av å samla heile EU til ei eining.

Svenskane ville ha krona framfor euroen, men fyrst og fremst ville dei rå seg sjølve. Demokrati og sjølvstende var dei viktigaste grunnane svenskane gav for å røysta 'nei'. Det svenske kommunistpartiet KPML(r) skriv i Proletären nr 38, 2003:

"Folkets nei er ikkje berre eit nei til ØMU og representerer ikkje berre eit opprør mot ein stadig meir sjølvtilfreds overklasse, men inneber også ei meir eller mindre medviten politisk viljesytring. Folkets nei, og framfor alt arbeidarklassens nei, inkluderer eit standpunkt mot den høgrepolitikken som kjem frå EU og ØMU, og er eit krav om ein politikk som vernar arbeid, velferd, likskap og rettferd."

Det var kvinner, arbeidarar, folk i distrikta og ungdom som sa nei. Valdagsmålinga synte at 65 % av LO-medlemene røysta nei, og 58 % av kvinnene. Og heile 66 % av ungdomane mellom 18 og 21 år!

Me gratulerer det svenske folket med neiet!