Stopp møta med Sharon,
Jan Petersen!

Ingrid Baltzersen intervjua av Magnus Bernhardsen

Til innhaldslista for akp.no 2003 ||| Til AKP si heimeside


Utanriksminister Jan Petersen var nyleg på vitjing hjå statministeren i Israel, Ariel Sharon. I strid med vanleg praksis vitja han ikkje nokon palestinsk leiar. Akp.no har høyrt med Ingrid Baltzersen i Palestinakomiteen i Oslo om kva dette inneber.

- Solidaritetsmiljøet tykkjer det er gale at han berre vitjar Israel, det er vanleg å vitja palestinarane au. Det vert lagt merke til at han berre vitja Sharon, og det er med på å legitimera Israel og Sharon. Jan Petersen gjorde det same i sumar, då Sharon vart invitert til Noreg. Det at Noreg legitimerer Sharon internasjonalt på dette viset er svært viktig for israelarane, seier Ingrid.

- Kan ein sjå dette i samband med dei nye trugsmåla mot Arafat?

- I samarbeid med USA gjer dei Arafat politisk uviktig. Det var for å ta makt frå Arafat at USA pressa fram innsetjinga av statsministeren Abu Mazen. Dette er det eksterne interesser som styrer, ikkje demokratiprosessar i Palestina. For å isolera Arafat boikottar Israel politikarar som snakkar med Arafat.

Likvidering

Det har vore konkrete planar sidan i fjor om ei likvidering av Arafat. Formuleringa dei laga i det israelske tryggingsrådet 12. september, gjer det ikkje klårt om dei vil drepa Arafat eller ikkje, men det er i alle høve ikkje ein måte å driva diplomatisk verksemd på. Palestinakomiteen i Oslo krev at Noreg sluttar med den einsidige kontakten med Israel!

- Er det andre saker som er viktige no?

- Nett no er det viktig med "Stop the Wall"-kampanjen, kampen mot muren Israel byggjer rundt palestinarane. Ein kan skriva under eit opprop mot muren her: www.stopthewall.org