Kva skjedde i Cancun?

Magnus Bernhardsen intervjuar Thomas Vermes

Til innhaldslista for akp.no 2003 ||| Til AKP si heimeside


Same dag som Sverige røysta nei til euroen, var det ei anna hending som skaka opp leiarskribentane i vestlege storaviser. Tingingane i Verdas handelsorganisasjon (WTO) braut saman i den meksikanske badebyen Cancun. Akp.no har snakka med Thomas Vermes som fylgde Cancun-toppmøtet for Nationen.

- Kvifor braut tingingane i Cancun saman?

- Dette toppmøtet i WTO er eit tidevass-skilje, no hadde endeleg u-landa fått nok sjølvtillit. Dei godtok ikkje eit diktat. Tingingsrunden vart kalt ein utviklingsrunde, der behova til dei fattige landa skulle stå i sentrum. Dei rike landa, med EU og Japan i spissen, kravde likevel å få gjennom sin dagsorden, dei såkalla Singapore-emna. U-landa fann seg ikkje i det meir. 80 land, eit fleirtal av WTO-medlemene, hadde sagt dei ikkje ville forhandla om Singapore-emna. WTO skal formelt vera eit konsensusbasert organ, men møteleiarane tillet likevel at ein kunne gå til tingingar på dette. Til vanleg ville u-landa bøygd seg, men no sa dei at det ikkje var rom for tingingar meir.

Singapore-emna er:

- Kva med norske bønder? Nokon hevdar at dei står i vegen for fattigbønder i tredje verda?

- Dei som seier slikt, er anten uvitande eller so har dei ein annan dagsorden, eit ynskje om å byggja ned norsk landbruk. NGOar og u-land snakkar om matsuverenitet, der ein skil mellom landbruksproduksjon for eksport og innanlands produksjon for eigne behov. Landbruksministeren i Japan har til dømes teke til orde for eit mangfald av ulike landbrukssystem, der ein kan verna innanlands landbruk samstundes som ein opnar for at dei fattige landa kan delta på marknaden.

- Kva skjer framover?

- Dette var ein liten brems i WTO-prosessen. Men: Prosessane kjem i gang på nytt, og nye kompromiss kan lagast.