Valkamp!

Sigrid Staurset og Elin Rutle intervjua av Magnus Bernhardsen

Til innhaldslista for akp.no 2003 ||| Til AKP si heimeside


Denne hausten er det lokal- og fylkestingsval. Me har høyrd med Sigrid Staurset i Raud Valallianse og Elin Rutle i Raud Ungdom om kva dei tenkjer om oppkøyringa til valkampen.

- Dette er ein kommunevalkamp, og me legg opp til mykje lokalt arbeid med vekt på lokale saker. Dei tre hovudsakene for Raud Valallianse (RV) er antiimperialisme, kampen mot EU og EØS og kommuneøkonomi. Kommuneøkonomien og kampen mot privatiseringa er den viktigaste, seier Sigrid Staurset, som er nestleiar i RV.

- Eg ser de har kome godt i gang med skuleringsarbeid og materiellproduksjon. Kan de fortelja litt om det?

- Raud Ungdom har byrja førebuingane til valkampen, og har alt gjeve ut seks skuleringshefte. Og det kjem fleire! RV-medlemer kan tinga dei frå kontoret til ti kroner pr. hefte, og alle RUarar kan få dei. Det er mykje skuleringsarbeid i gang rundt om i lokallaga alt, fortel Elin Rutle, som er valkampansvarleg i sentralstyret til Raud Ungdom.

Sigrid held fram: - RV kjem med fleire skuleringshefte, mellom anna eit som går gjennom kva dei andre partia står for, og ikkje minst, kva dei gjer. Elles kjem det t-skjorter, jakkemerke, klistremerke, pennar og liknande. Det sentrale slagordet for RV er framleis "Med folk - mot makta", men lokalt finst det andre variantar. Me har alt hatt skuleringskonferansar for heile landet i Oslo, og ein lokal konferanse i Akershus, men etter sumarferien vert det fleire.

Aktiv?

- Om ein vil vera aktiv i valkamparbeidet, kva gjer ein då?

- Det beste er å snakka med folk lokalt, men me på kontoret kan setja deg i kontakt med andre folk der du bur, seier Sigrid. - Det same gjeld for Raud Ungdom. Elles er det veldig lurt å koma på sumarleir, der lærer ein mykje og møter mange andre folk, og nokon av dei bur sikkert i nærleiken av deg! supplerer Elin. For Raud Ungdom er valdebattane på skulane ein viktig arena. - Det vert debattar i forkant av skulevala på alle vidaregåande skular, men på ungdomsskular må ein ofte ta eige initiativ for å få til ein debatt. Før debatten er det lurt å tenkja ut kva som kan vera viktige lokale saker, anten på skulen eller i nærmiljøet. Om ein kan ha aksjonar lokalt er det framifrå, og det er viktig å vera synlege til skulestart.

SV?

- Korleis ser du på arbeidet med valkampen til no, Sigrid?

- Det er tre ting me er svært nøgde med: Talet på lister er høgare enn før, me slepp til på NRK og me hadde ein veldig god skuleringskonferanse i Oslo, der mange nye aktivistar var med.

- Kva skal de gjera for å markera RV og RU andsynes SV og SU?

Sigrid: - Godt spørsmål. Me er nøydde til å konfrontera dei rundt om i landet, samstundes som dei ikkje er hovudfienden. Me må syna til støtta deira til privatisering rundt om i kommunane, dei er ansvarlege i posisjon og meiner ofte budsjettbalansen er viktigare enn velferd, dei svelgjer mange kamelar.

Elin: - Den største skilnaden mellom RU og Sosialistisk Ungdom (SU) er at det er aktivitetsplikt i RU, me meiner at om ein vil endra verda må ein gjera noko for det. Mange opprørsrøyster går til SV, men SV er eit parti som berre vil administrera kapitalismen på ein annan måte, dei vert "ansvarlege" og røystar for kuttframlegg i kommunestyra. RU ser ikkje det parlamentariske arbeidet som einaste måten å endra samfunnet på - endringa kan ikkje koma ovanfrå!


Rød Valgallianse, Osterhausgata 27, 0183 Oslo, tlf 22 98 90 50, e-post rv@rv.no, www.rv.no