EU-toppmøtet: Kor går EU?

Per Gunnar Skotåm intervjua av Magnus Bernhardsen

Til innhaldslista for akp.no 2003 ||| Til AKP si heimeside


20.-21. juni var det EU-toppmøte i Thessaloníki. Som vanleg var det store markeringar og demonstrasjonar ved toppmøtet. Per Gunnar Skotåm var der, og fortel om møtet, demonstrasjonane og framtida til EU. Skotåm er forsvarpolitisk talsperson i AKP. Han er òg styremedlem i Nordland NTEU og representerte Nei til EU på stormøtet til Detgreske sosiale forumet 20. juni.

- Kva skjedde i motmarkeringane til møtet?

- Eg har diverre ikkje fullt oversyn, det var ulike motstandargrupper som ikkje hadde klart å samla seg til eit felles opplegg. Det var mange initiativ, og dei hadde motmøte og seminar på ulike stader, men ofte til same tid.

Denne splittinga vart spegla av i togmønstringane, i dei store demonstrasjonane som gjekk laurdagen var det fire ulike toginitiativ som skulle gå parallelt. Det vart eit hovudarrangement, men det store greske revisjonistiske kommunistpartiet KKE køyrde sitt eige løp heile tida. KKE gjekk på ettermiddagen, og dei stod og venta når det andre toget kom attende frå Halkidiki, der toppmøtet var. Det kunne vore dobbelt so mange deltakarar i eitt arrangement.

EU-motstand

- Kva skil EU-motstanden i Hellas frå Noreg?

- Det verkar som om EU-motstanden er knytt veldig sterkt til partiorganiseringa på venstresida, det er partia som opptrer som blokkar i fellesmarkeringane, ikkje dei ulike folkelege organisasjonane. I Noreg har me ein tradisjon med ein felles plattform for heile demonstrasjonen. Me vart inviterte til å fortelja om oppbygginga av den norske motstanden, med vekt på Nei til EU som ein brei og samlande organisasjon med individuelt medlemskap, eigne valde organ og støtte frå mange ulike parti og organisasjonar. Desse røynslene vart lytta til. Dei har lagt merke til at me har sagt nei til medlemskap i EU to gonger. Hellas er i likskap med Noreg eit land i utkanten av Sentral-Europa, og har ikkje hatt nokre stormaktambisjonar på kontinentet.

Det er eit problem at partiblokkane opptrer med sine parolar slik dei gjorde i Thessaloniki. Sjølv i Nei til EU-demonstrasjonane markerer partia alle hovudspørsmåla dei er opptekne av. Ein vanleg grekar som ikkje var partiorganisert, fann det nok vanskeleg å syna EU-motstanden sin utan å måtte ta del i ein blokk, der ein samstundes nærast måtte stå inne for eit av mange ulike program for den sosialistiske revolusjonen i Hellas.

Samstundes, det var 30.000 i tog på laurdagen, trass i at politiet skapte eit bilete av at det kom til å verta gatekampar og andre skrekkscenario. Dei butikkane som hadde råd var skjerma med blikkplater, politi og militære stod oppstilte i full mundur i fleire dagar. Dei skapte ei negativ forventing som kan ha demobilisert mange …

- Var det mange tilreisande?

- Det kom folk frå heile Hellas og mange andre land. Det var flotte, store mønstringar, men i media der nede og her heime kom det ikkje serleg godt fram, sjølv ikkje i Klassekampen, diverre. Det mest synlege vart det eg kallar det symbiotiske triangelet mellom politiet, pressa og nokre få, under 200, provokatørar som vert kalla anarkistar. Både i den innleiande demonstrasjonen på fredagen, og før marsjen på laurdag storma anarkistane fram og kasta stein på politiet som svarte med å nytta tåregass. Framferda til anarkistane råka heile demonstrasjonen. Dei sat fyr på sjappene til små kjøpmenn som ikkje hadde råd til gitter, og til og med kontora til ulike kommunistparti og -organisasjonar. Dei kom i fokus for heile mediedekkinga. Til tross for at Klassekampen hadde direkte kontakt med Arnljot Ask som var på staden, gav dei ikkje att noko av den poli-tiske analysen av toppmøtemarkeringa han hadde, berre rapportane om tåregass og steinkasting.

Ein føresetnad for å få den store masserørsla som no er rundt desse toppmøta til å ta av og få ein styrke slik at den får verkeleg politisk tyngd er at desse såkalla anarkistiske elementa, provokatørane, som eg samanliknar med fotballhooligans i politisk nivå, må bekjempast og isolerast. Dette er folk det ikkje må leflast med.

EU-reformisme

- Kva skjedde på sjølve toppmøtet?

- Møtet stadfesta å gå vidare med konventet, ein prosess med mangel på legitimitet i folket. Ein slik legitimitet er ein føresetnad for å halda oppe tempoet i samlingsprosessen. Dette er akilleshælen til EU. Mykje av EU-motstanden i Hellas kom til uttrykk i kritikk av institusjonane, eit radikalt ja der ein godtek EU, men kritiserer det. Det kritiske ja som berre vil ha endringar av EU er viktig for å legitimera og styrkja prosessen med å byggja ein sterkare EU-stat. Den EU-lojale venstreopposisjonen er ein hovudfaktor for EU i å skaffa legitimitet. På møtet eg deltok på var det to andre i panelet, Marco Berlinguer frå Italia og Catherine Samary frå Frankrike. Dei var 70-80 % kritiske til EU, men konkluderte med ja til EU. Denne EU-reformismen bryt med dei norske røynslene, men i distrikts-Noreg og på Nordkalotten ser ein no at dei får ulike prosjektmiddel for å utvikla lokal identitet osb. Det er ein viktig sak for EU: dei er i mot den nasjonale identiteten, og byggjer opp lokal og regional tilhøyrsle for å motverka han.

EU og USA

- Kva trur du om motsetnadene mellom EU og USA etter dette møtet?

- Utanriksministermøtet i forkant av Thessaloníki-møtet slo fast at EU kan nytta makt for å forsvara EU-interesser utanfor EU. Dette førte EU-møtet vidare. Dei har lært frå Irak-krigen at USA er så mektig og sterkt at ein ikkje kan få ein del av krigsbytet ved å prøva å hindra USA i å få det som dei vil. Det er meir lønsamt å vera med på laget. Motsetnadene mellom EU og USA har skjerpa seg under krigen mot Irak, og vil òg gjera det ved fleire høve framover. Tyskland og Frankrike kom ikkje godt ut av det denne gongen, motseiinga vil vera der, men mindre synleg. Bakgrunnen for at Dei sameinte nasjonane [FN] ikkje støtta krigen til USA no sist, var nettopp at Tyskland, Frankrike og Russland stod i mot. Neste gong kan det verta lettare å få støtte til ein tilsvarande krig, ettersom taktikken frå EU-landa i rivaliseringa med USA vil vera annleis. Det må ikkje få folk til å tru at den neste ekspansjonistiske krigen er meir legitim.

(Per Gunnar Skotåm skal innleia om rivaliseringa mellom EU og USA på Raud sumarleir.)