Jubileumskonferansen
REVOLUSJON!

Intervju ved Magnus Bernhardsen

Til innholdslista for akp.no 2003 ||| Til AKP si heimeside


9.-11. mai skipa AKP til ein konferanse i Oslo. Konferansen markerte at AKP er tretti år i år.

Det var 120 personar innom konferansen, frå 25 stader i landet, og halvparten av dei var unge folk. Akp.no snakka med nokre av dei mange unge deltakarane på konferansen. Andreas (19) kom heile vegen frå Tromsø:

- Eg trengte ein slik konferanse for å få litt påfyll, og programmet gjorde ikkje nett at ein kunne sitja heime.

Anna (17) frå Hammerfest tykte Hanne Helth om prostitusjon, trafficking og porno var best, medan Kaia (17) frå Tromsø likte Dennis O'Neil og Karen Sunds best. Dei er alle samde om at det var bra å sjå så mange unge kommunistar på konferansen, og at det gjorde at dei treivst betre der.

- Hadde det ikkje vore for at konferansen var midt i høgsesongen for konfirmasjonar og i eksamensførebuingane ville nok fleire kome, seier dei.

- Dette er årets hending til no i 2003. Det var mange spanande emne og interessante folk her, og mykje å læra. Det verka som det var lagt mykje arbeid i programmet.

Nina (18) frå Kristiansund likte føredraget til Hanne Helth best.

- Det var lite daudtid på konferansen - og det var bra!

Torstein (25) frå Ålesund var svært nøgd med konferansen., og tykte det var godt det var mange unge folk konferansen.

- Det er bra for utviklinga, og etterveksta, til AKP. Det gjer at ein vert meir ivrig med å få folk med, noko me arbeider mykje med i Møre og Romsdal.