Berre kurdarar kan
gjera Kurdistan fritt

Intervju ved Magnus Bernhardsen

Til innholdslista for akp.no 2003 ||| Til AKP si heimeside


- Då eg delte ut flygeblad for "Støttekomiteen Kurdernes Venner" mot krigen mot Irak fekk eg dette spørsmålet frå ein journalist: "Jamen, er ikkje denne krigen ein krig for kurdarane då?" Hasan og Leyla Algünerhan trur ikkje det er andre enn kurdarane som kan slåst for Kurdistan.

Mange på venstresida tykkjer ikkje det er viktig å slåst for nasjonal sjølvråderett og nasjonale rettar. Kva meiner de?

Hasan: I Tyrkia er alt elendig. Fattigdom, brot på menneskerettar - alt det er det verdt å slåst mot. Men kurdarane i Tyrkia manglar i tillegg grunnleggjande nasjonale rettar. Dei kan ikkje ytra seg på sitt eige språk, dei kan ikkje eksistera som seg sjølv.

Leyla: Kurdarane er dobbelt undertrykte av det tyrkiske regimet. For å få rettane våre, kunne me ikkje sjå vekk ifrå at Tyrkia ikkje meinte me fanst.

Hasan: Strategien for den kurdiske rørsla har vore å kjempa for å verta synleg, for at det skulle verta akseptert at me eksisterte. Etter det kunne me slåst for rettane våre med større styrke!

Namn

Om ein skulle sjå på kurdarane i Tyrkia i dag og i 1975, kva ville dei største endringane ha vore?

Leyla: No veit alle at kurdarane finst!

Hasan: Eg høyrde ein gong ein PKKar som sa at PKK hadde starta kampen heilt frå botn, frå null. Ein veteran i den kurdiske nasjonale rørsla svarte at det var sant, men dei hadde byrja på minussida, under null. Dei kurdarane som veks opp no, har heilt andre tilhøve enn det me hadde. Eg er 33, og då eg vaks opp var det kurdiske heilt fornekta. Ein visste at ein var annleis, ein talte jo ikkje tyrkisk heime, men ein hadde ikkje noko klår kurdisk identitet. Det er heilt annleis i dag. Dei som veks opp etter at den moderne kurdiske frigjeringskampen starta i 1984, vert oppseda til å vera kurdarar, og den kurdiske identiteten er på dagsordenen.

Leyla: Det er mange fleire som får kurdiske namn, og det er ei kulturell bløming blant kurdarane.

Hasan: Kring 1985 var det eit familiemedlem som fekk namnet Newroz (nyttår på kurdisk, Newroz vert feira som kurdisk nasjonaldag). Det var nokre soldatar som høyrde det, og bestefaren vart teke inn til avhøyr. Han fekk klår melding om å byta namn på barnet, og gjorde som han fekk ordre om. I dag har folk kjempa mot denne namnelova, og har gått i fengsel for å halda på dei kurdiske namna. No ser det ut til at denne namnelova vert oppheva ...

Identitet

Det bur millionar av kurdarar utanom Kurdistan. Korleis klarer kurdarane å halda på identiteten sin i Noreg, Tyskland, Australia eller Libanon?

Hasan: Kurdarane er flinke til å halda på kulturen sin. Dei er engasjerte og organiserer seg. Diverre er det mange som ikkje kan kurdisk.

Leyla: Born og unge som veks opp i eksil vert påverka av landa dei er i, og kan kjenna seg delte mellom å vera kurdisk, tyrkisk eller norsk. Etterkvart som dei vert unge og meir medvitne kjem ofte den kurdiske kulturen sterkare attende.

Framtida

Kva er stoda for den kurdiske reisinga no?

Hasan: Fram til midten av nittitalet dreidde det som å reisa seg, å gjenoppstå. No er me i ein annan fase. No er me i ein fase for å slåst for frigjering. Me har reist folket, etablert eigne organ, eigne institusjonar. Problemet no er å halda rørsla ved like. Det er korkje aktiv krig eller vunne rettar. Det tyrkiske regimet driv med ein uthalings- og utmattingstaktikk. Men me kjem ikkje til å gje oss. Me kan fengslast og drepast, men med det nivået me har på kampen no, veit vi at det alltid vil stå nokon til å ta over.

Les meir: www.kurdistan.no