Filippinane: for fridom frå USA

Intervju ved Magnus Bernhardsen

Til innholdslista for akp.no 2003 ||| Til AKP si heimeside


På konferansen Revolusjon innleidde Fidel Agcoili om stoda på Filippinane. Han er med i delegasjonen som driv fredstingingar med regjeringa for den nasjonaldemokratiske fronten på Filippinane, NDF. Akp.no snakka med Fidel om kampen for nasjonalt sjølvstende og sosial frigjering etter konferansen.

Korleis ser de på Filippinane på kampen for nasjonalt sjølvstende?

- Kommunistpartiet på Filipinane har gjort noko uvanleg. Det har sagt at tilhøvet mellom land som krev å vera uavhengige og imperialistlanda er ei viktig motseiing i verda. USA-imperialismen har gjort alle land som freistar vera sjølvstendige til målskiver, og dette leier til regionale krigar. Dette ser me i åtaket på Irak eller i undergravinga av Venezuela. Me ser korleis USA går til åtak på land som tidlegare var allierte, men som ikkje lyder USA lenger. Noriega i Panama, Taliban i Afghanistan, Saddam Hussein i Irak - alle var bygd opp av USA. Slik som Abu Sayyaf-gruppa på Filippinane. Den var starta av CIA, men er no eit påskot for å byggja opp US-amerikanske militærbasar på Filippinane.

Sjølvstende

Kva legg de i eit sjølvstendig Filippinane?

- Det tyder å ta framtida i sine eigne hender. Å styra økonomien, politikken, militæret og den kulturelle utviklinga sjølv utan innblanding og diktat. Konkret så tyder det å bryta traktatar med USA som har gjort Filippinane til ein halvkoloni, å gjera slutt på globaliseringa som fører til privatisering, avregulering og auka utanlandsk eigarskap, å oppheva avtalane med USA som tillet dei å driva militær verksemd på Filippinane.

USA-kontroll

Kva er banda mellom USA og dei militære styrkane til Filippinane?

- USA kontrollerer den filippinske hæren gjennom den såkalla hjelpeavtalen. Kvart år vert filippinske offiserar sende til Fort Bragg og West Point for trening. Ettersom Filippinane må kjøpa alt militært utstyr frå USA, til dømes er alle krigsskipa til Filippinane gamalt utstyr frå USA, er det sjølvsagt USA som må trena dei.

Sison-saka

Korleis går det med fredstingingane med regjeringa, og kva er stoda for Jose Maria Sison no?

- Den nasjonaldemokratiske fronten er interessert i å ta opp att tingingane, og kjempa på det diplomatiske området. Vi er ikkje interesserte i å gjera det på vilkåra til regjeringa, men i tråd med tidlegare avtalar. Det at Jose Maria Sison (grunnleggjaren av det filippinske kommunistpartiet som no bur i Nederland) er sett opp på terrorlista til USA og EU, er eit døme på korleis USA blandar seg inn i filippinsk politikk. Vi krev at regjeringa gjer det klårt at dei vil vera sjølvstendig frå USA, og forsvarar filippinsk nasjonal sjølvråderett ved å seia at USA ikkje skal blanda seg inn i borgarkrigen ved å setja Sison, kommunistpartiet CPP og geriljaen NPA på terrorlista. Kampanjen for Sison går vidare. Vi har ei målsetjing om å samla inn ein million underskrifter, og har rettsaker gåande fleire stader for rettane til Sison.

Les meir: www.defendsison.be ||| www.philippinerevolution.org